Pressemelding

Kulturhistoriske landskap i Hordaland

Ni landskap i Hordaland er utvalde til å vere med i Riksantikvaren sitt register over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.

Publisert: 11. januar 2017 | Endret: 18. desember 2019

Bilde av Ullensvang. Foto: Hotel Ullensvang/Niels Johansen
Ullensvang Fruktdyrkingslandskapet Ytre Sørfjorden i Ullensvang er eit av dei utvalde landskapa i Hordaland. Cisterciensarmunkar frå Lysekloster bygde mønsterbruk på Munkagard, oppe til venstre i biletet, og skal ha introdusert fruktdyrkinga i Hardanger i høgmellomalderen. Foto: Hotel Ullensvang/Niels Johansen

Riksantikvaren arbeider med å etablere eit register over kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse, på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet. Hordaland er det andre fylket i landet der registeret er ferdigRiksantikvaren ønsker å klargjere kva for kulturhistoriske landskap i Norge som er av nasjonal interesse, for å bidra til meir føreseieleg arealplanlegging. Ein bør ta omsyn til nasjonale landskapsverdiar, til dømes ved kommunal planlegging og planlegging av store tiltak som samferdsel og kraftutbygging.

Bilde av landskapet rundt. Foto: Ann Steindal, Hordaland fylkeskommune
Landskap Den Indre Farleia går gjennom eit landskap med særleg stor kulturhistorisk verdi. Her gammal slåttemark på Lygra. Foto: Ann Steindal, Hordaland fylkeskommune

Desse områda i Hordaland er med i registeret:

  • Den Indre Farleia, Austrheim, Lindås og Radøy kommunar
  • Byfjellene, Bergen kommune
  • Fitjarøyane, Fitjar og Bømlo kommunar
  • Søre Bømlo, Bømlo kommune
  • Etne, Etne kommune
  • Rosendal, Kvinnherad kommune
  • Indre Sørfjorden, Odda kommune
  • Ytre Sørfjorden, Ullensvang herad
  • Eidfjord, Eidfjord kommune

Utvalet av landskapa er gjort i nært samarbeid med Hordaland fylkeskommune. Les meir om grunngjevinga for utvalet av landskap i Hordaland her: Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Hordaland (rapport, pdf)

Landskapa vil bli lagde inn i Riksantikvarens kulturminnedatabase Askeladden.

Nasjonalt register over kulturhistoriske landskap

  • Registeret oppgir landskapsområde der ein må vise særlege omsyn i samband med vidare forvalting og utvikling.
  • Registeret er ein reiskap for kommunar og andre styresmakter, til hjelp i arealplanlegginga og forvaltinga av landskapa.
  • At eit landskap er med i registeret, inneber ikkje formelt vern.
  • Hordaland og Østfold fylkeskommune har vore med på eit forprosjekt for å utvikle og tilpasse prosjektet, og er dei to første fylka der registeret er ferdig.
  • Prosjektet skal halde fram i heile landet fram mot 2020. Arbeidet er i gang i Troms, Akershus og Oppland, og det blir oppstart i fleire fylke i 2017.

Les meir om prosjektet Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse

Dato 11.01.2017 10:38 endret 11.01.2017 10:56