Pressemelding

Kunstnarbustaden Heimdalstrand er freda

Heimdalstrand var bustaden til Emma Normann Pastor og Helga Normann i kunstnarkolonien i Balestrand. No er bustaden freda av Riksantikvaren.

Publisert: 10. januar 2017 | Endret: 19. desember 2019

bilde av Kunstnarbustaden Heimdalstrand i Balestrand. Foto: Arlen Synnøve Bidne, Sogn og Fjordane fylkeskommune
Heimdalstrand Kunstnarbustaden Heimdalstrand i Balestrand. Foto: Arlen Synnøve Bidne, Sogn og Fjordane fylkeskommune

Rundt år 1900 var Balestrand i Sogn og Fjordane ein stadig meir populær plass for kunstnarar og turistar. Fleire av kunstnarane bygde seg eigne villaer, der dei budde og arbeidde om somrane. Mange av husa deira vart utforma i dragestil som i dag er eit typisk trekk ved arkitekturen i Balestrand.

Heimdalstrand er eigedomen etter målarinna Emma Normann Pastor. Husa på eigedomen vart bygde i 1910 som sommarhus og arbeidsstad. Seinare tok òg dottera Helga Normann eigedomen i bruk. Dei var begge kunstnarar og brukte eigedomen om somrane fram til midten på 1980-talet. Her arbeidde dei, og selde arbeida sine til turistane som kom til Balestrand i sommarsesongen.

– Heimdalstrand er usedvanleg godt bevart, og sannsynlegvis den mest intakte kunstnarbustaden frå kunstnarkolonien i Balestrand. Eigedomen er eit særs godt arkitekturhistorisk eksempel på den seine dragestilen, i tillegg til at den fortel om turismen på Vestlandet frå førre hundreårskifte og framover, seier riksantikvar Jørn Holme.

Sommarhus, atelier og hage

Bygningane på eigedomen består i dag av sommarhuset og atelieret/stabburet. Etter at Helga Normann døydde i 1987, står huset i stor grad slik det var då ho brukte det. Mykje av den gamle hagen er bevart, med stiar, trapper, brygge og gamle planter og tre. Sommarhuset er teikna av Emma Normann Pastor, mens den omfattande dekoren i både eksteriør og interiør er skoren av Ivar Høyvik. Seinare vart ein svastika i utsmykkinga på gavlen til huset endra som fylgje av at symbolet fekk nytt innhald under den andre verdskrigen.

Balestrand som turiststad

Den stadig aukande turismen frå slutten av 1800-talet skapte ein marknad for sal av ulike produkt til dei tilreisande til Balestrand, og det etablerte seg eit kunstnarmiljø her. Måleria vart stilt ut både på hotella og kafeane, i tillegg til direkte sal til turistane. Emma Normann Pastor hadde bilete for sal mellom anna på Kvikne hotell, men ho selde òg direkte frå Heimdalstrand. Når ho, og seinare Helga, var på Heimdalstrand, hengde dei opp skilt på porten slik at turistane kunne kome innom og kjøpe arbeida deira direkte frå dei.

Om kunstnarane

Emma Normann Pastor (1871-1954) var frå Düsseldorf og måla fleire bilete med motiv frå Balestrand. Ho har mellom anna måla altartavla i Engelsk-kyrkja St. Olafs kyrkje i Balestrand. Også dottera Helga Normann (1902-1987) var kunstmålar. Ho var utdanna i dans og gymnastikk, dreiv eigen danseskule i Berlin frå 1928, og var knytt til operaen i Berlin 1933-1940 som ballettdansar. Emma og Helga flytta til Noreg under andre verdskrig, budde i Oslo om vinteren og i Balestrand om sommaren. (Kjelde: NRK Sogn og Fjordane fylkesleksikon)

Dato 10.01.2017 12:42 endret 11.01.2017 11:28

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153