Pressemelding

Riksantikvaren lanserer nytt Kulturminnesøk

Kulturminnesøk inneheld over 220 000 registreringar av kulturmiljø, kulturminne og landskap. No skal databasen lanserast i ny drakt, med betre funksjonalitet og enklare tilgang for publikum.

Publisert: 2. juni 2021

Skjermdump frå Kulturminnesøk.no Foto: Riksantikvaren

Riksantikvaren sin database inneheld tusenvis av kulturminne, alt frå arkeologiske kulturminne til vedtaksfreda bygg. På Kulturminnesøk kan du søkje etter kulturminne der du bur eller i andre fylker, søkje etter enkeltemne eller utforske direkte i kart. Løysinga baserer seg på data frå Riksantikvaren sin database Askeladden, samt bidrag frå privatpersonar, historielag, frivillige foreiningar og lag, samt andre interesserte.

– Kulturminnesøk er heile Noreg sin database for kulturminne, kulturmiljø og landskap. Her kan du enkelt finne fram til kulturminne der du bur eller reiser, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Det kjem dagleg nye kulturminne inn når fylkeskommunar, museum, kommunar, Sametinget og Riksantikvaren registrerer og oppdaterer innhaldet i Askeladden.

Sundt Varemagasin Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Kulturminnesøk er ein open nettside. Det er laga slik at alle som ønskjer å vise fram eit kulturminne kan lage seg ein brukar og registrere dette. Kulturminnesøk skal være lett å bruke for folk flest.

– Det er mange der ute som har fantastiske historier knytt til kulturminne og kulturmiljø i sitt nærområde. Vi håpar difor at så mange som mogleg tar i bruk løysinga og registrerer sine historier i Kulturminnesøk, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Nye funksjonar

Med ny-lanseringa får nettstaden ny utsjånad. I tillegg kjem ny funksjonalitet, både i grensesnitt, søkemoglegheiter og kartfunksjonalitet. Alt av innhald vil overførast også til den nye løysninga. Kulturminnesøk er ei teneste frå Riksantikvaren, og vil driftast av ein redaksjon.

Birkelunden Kulturmiljø Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Det meste av informasjonen om kulturminnene i Kulturminnesøk kjem frå kulturminnebasen Askeladden som også skal driftast av Riksantikvaren. Dei øvrige kulturminna kjem inn som bidrag frå engasjerte, frivillige brukarar.

Kulturminnesøk er i stor grad basert på frivillig innsats. Dei som ønskjer å ta i bruk tenesta kan enkelt opprette ein brukar og raskt byrje å registrere kulturminne.

Vestnorsk Fjordlandskap, Geirangerfjorden Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Kontaktperson

Pressetelefon: 404 65 153