Pressemelding

Tilskot til fartøy i 2020

Riksantikvaren fordeler 63 millionar kroner til fartøyvern i 2020.

Publisert: 26. mars 2020 | Endret: 27. mars 2020

MS “Granvin” er ein lokalrutebåt, veteranskip og eit levande museum i Hordaland. Bilete syner M/S «Granvin» ved dampskipskaien i Hylkje, Åsane, i 6. mai 2015. Foto: Erik Småland, Riksantikvaren

For 2020 har det kome inn søknadar frå 127 fartøy, syv SAVOS-fylker, tre SAVOS-kommunar, Norsk Forening for Fartøyvern og Norsk Industreiarbeidermuseum på til saman nesten 273 millioner kroner. Riksantikvaren hadde rundt 63 millionar kroner til fordeling, som dekker omtrent 23 % av den samla søknadssummen.

− Det vert lagd ned mange arbeidstimar i fartøyvernet. Fartøya må opplevast i drift. På den måten kan vi forstå dei sterke kysttradisjonane våre. Tilskota er staten sitt bidrag, men desse fartøya hadde ikkje vore på sjøen utan dei frivillige, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

“Jelse” Her på verkstad i 2018. Foto: Erik Småland, Riksantikvaren

Det er i dag om lag 250 historiske fartøy på Riksantikvarens verneliste. 14 av fartøya er freda, dei andre har status som verna skip. Fleire tusen frivillige langs heile kysten, ved elvar og innsjøar i innlandet legg årleg ned langt over 130.000 dugnadstimar til arbeid med fartøyvern.

− Fartøya er norsk samferdslehistorie. Dei har frakta både folk og handelsvarar til alle tider. Dette er kulturminne som veldig mange av oss har eit sterkt og nært forhold til, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Riksantikvaren har i år prioritert vidareføring av istandsettingar som er i gang og fartøy som nærmar seg ferdigstilling av større restaureringar.

Tilskot og korona

Tiltak mot spreiing av koronasmitte gjer at flere tilskotssmottakarar kan møte på problem med å få satt vedlikehalds- og istandsettingstiltak ut i livet til planlagt tid.

− Vi oppmodar tilskotssmottakarar til å ta kontakt med sine lokale handverks- og fagmiljø, for å avtale nærare kva for arbeid som kan utførast, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Nokre tiltak kan kanskje utførast no, medan mykje må vente til kvardagen vender attende til det normale. Det er nyttig for lokale verksemder å kunne legge planar for oppdrag lenger fram i tid.

− Vi hjå Riksantikvaren høyrer gjerne frå tilskotssmottakarane når dei utover våren får meir oversikt over kva for problem dei støyter på. Både med tanke på tilgang til gode fagressursar, og dersom det vert problem med å bruke tilskota i 2020, sier riksantikvar Hanna Geiran.

“Brandbu” Eit av få gjenverande lastefartøy laga for å gå i ferskvatn. Her på verkstad i 2017. Foto: Tor Kristian Torsvik, Riksantikvaren

Brandbu

Brandbu er bygd i 1907 og er det einaste gjenverande lastefartøy bygd for å gå i ferskvatn. I 2013 fekk Brandbu status som verna skip, og sidan har det pågått arbeid med istandsetting med hjelp frå museet, og lokale frivillige. Nødvendige skrogreparasjonar er utført av Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter, og i 2019 var storparten av desse restaureringsarbeidene ferdig. No arbeidast det blant anna med ferdigstilling av innreiing. Riksantikvaren ønskjer med tilskotet for 2020 å bidra til at Brandbu ferdigstillast, og igjen kan seile på Randsfjorden som eit regionalt viktig kulturminne.

Sjå oversikt over tilskot lenger ned på sida. Tabellen visar både tilsagn (gitt i 2019) og tilskot for 2020:

Oversikt over fordelingen til fartøyvern 2020

Tabellen inkluderer tilskudd og tilsagn for 2019

Tilskot til organisasjonar i 2020
Namn og føremålTilskot
Norsk Forening for Fartøyvern2 020 000
Forbundet Kysten125 000
Norsk Industriarbeidermuseum – Rjukanbanen FDV2 062 257

 

SAVOS 2020
RA bidrag til SAVOS kr 7 543 000
SAVOS-bidrag inkl. Fylkene/kommunene kr 15 086 000
Fylke/KommuneTilskot
Trøndelag1 950 000
Møre og Romsdal500 000
Vestland1 800 000
Rogaland950 000
Agder900 000
Viken154 000
Innland585 000
Hammerfest kommune250 000
Bremanger kommune60 000
Bergen kommune394 000

 

TROMS OG FINNMARK
Søknad kr 29 084 444
Tilskot  kr 5 781 228
FartøyTilskudd
Grytøy3 250 000
Havgutten118 000
Svenja2 413 228

 

NORDLAND
Søknad kr 14 163 590
Tilskudd kr 1 180 000
NavnTilskudd
Anne Bro1 000 000
Gamle Lofotferga180 000

 

TRØNDELAG
Søknad kr 7 509 332
Tilskot kr 2 001 244
Fartøy Tilskot
Hansteen9 244
Tampen I57 000
Stoksundferga1 750 000
Hermes70 000
Sørhavn115 000

 

MØRE OG ROMSDAL
Søknad kr 21 274 951
Tilskot kr 3 223 400
Fartøy Tilskot
Bilfergen73 400
Polarstar1 000 000
Tafjord2 150 000

 

VESTLAND
Søknad kr 72 915 853
Tilskot kr 14 531 546
Fartøy Tilskot
Eitrheim7 500
Folgefonn4 352 241
Granvin1 925 790
Nordstjernen1 600 000
Reidulf II70 000
Skånevik357 375
Stangfjord405 000
Vestgar2 656 500
Solundir80 000
Stavenes2 770 170
Stord I106 970
Bjørn (Sjødampsprøyte I)400 000

 

ROGALAND
Søknad kr 37 314 652
Tilskot kr 14 011 084
Fartøy Tilskot
Fremad II6 161 204
Jøsenfjord5 850 000
Riskafjord410 000
Rogaland1 589 000

 

VESTFOLD OG TELEMARK
Søknad kr 25 735 800
Tilskot kr 7 108 131
FartøyTilskot
Ammonia2 000 000
Storegut2 454 674
Norsk Industriarbeidermuseum – Rjukanbanen FDV2 062 257
Gamle Kragerø    91 200
Jærbuen II500 000

 

VIKEN
Søknad kr 14 927 453
Tilskot kr 2 231 187
FartøyTilskot
Greven50 000
Hvaler681 388
Jelse1 499 799

 

OSLO
Søknad kr 14 955 914
Tilskot kr 1 582 000
Fartøy Tilskot
Børøysund800 000
Sjøbad II782 000

 

INNLANDET
Søknad kr 14 955 914
Tilskot kr 1 405 000
Fartøy Tilskot
Brandbu300 000
Skibladner1 105 000

Kontaktperson

Pressetelefon: 404 65 153