Pressemelding

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne 2020

Riksantikvaren har fordelt tilskot til istandsetting og vedlikehald av utvalde tekniske og industrielle anlegg for 2020.

Publisert: 26. mars 2020

Sellevåg treskofabrikk eksteriørfoto
Sellevåg treskofabrikk ligg i Gulen kommune i Vestland fylke. Treskofabrikken starta opp i 1899 og produserte tresko fram til 1975. Foto: Maria Lytomt, Riksantikvaren

I bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne får 15 utvalde anlegg støtte gjennom ein fast post på statsbudsjettet til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald.

−Tekniske og industrielle kulturminne er viktige spor etter industrihistoria i Noreg. Med desse tilskota bidreg vi til å bevare utvalde anlegg for framtida. Anlegga er valde ut som representantar for ulike sider av norsk nærings- og industrihistorie, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Riksantikvaren har no fordelt tilskota for 2020.

−I 2020 har vi prioritert istandsetting av fem anlegg i bevaringsprogrammet. Det er Bredalsholmen verft, Haldenkanalen, Klevfos Cellulose- og papirfabrikk, Odda smelteverk og Rjukanbanen, og dei har mål om ferdigstilling i 2020, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Tilskota bidreg blant anna til å finansiere handverksstillingar på anlegga. Dette er stillingar som skal sikre vedlikehald, ivareta kompetanse og kunnskap.

Tresko i maskin, Sellevåg treskofabrikk
Tresko i maskin Sellevåg treskofabrikk. Treskoa vart uthola maskinelt. Under 2. verdskrig, då etterspørselen etter tresko var på topp, kunne fabrikken produsere kring 60.000 par i året. Foto: Maria Lytomt, Riksantikvaren

Tilskot og korona

Tiltak mot spreiing av koronasmitte gjer at fleire tilskotsmottakarar kan møte på problem med å få satt vedlikehalds- og istandsettingstiltak ut i livet til planlagt tid.

– Vi oppmodar tilskotsmottakarar til å ta kontakt med sine lokale handverks- og fagmiljø, for å avtale nærare kva for arbeid som kan utførast, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Nokre tiltak kan kanskje utførast no, medan mykje må vente til kvardagen vender attende til det normale. Det er nyttig for lokale verksemder å kunne legge planar for oppdrag lenger fram i tid.

– Vi hjå Riksantikvaren høyrer gjerne frå tilskotsmottakarane når dei utover våren får meir oversikt over kva for problem dei støyter på. Både med tanke på tilgang til gode fagressursar eller dersom det vert problem med å bruke tilskota i 2020, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Prioriterte anlegg

I 2020 pågår det framleis store prosjekt ved anlegga. Riksantikvaren bidreg med tilskot til fullføring av istandsettingstiltak på Trefaseovn 3 (Ovn 3) på Odda smelteverk, som inneber sikring og tømming av omnspotta.

Tilskota går også til ferdigstilling av det omfattande istandsettingsprosjektet knytt til slippen på Tinnoset. Riksantikvaren har sidan 2017 bidrege med i overkant av 22 millionar kronar i tilskot til dette prosjektet. Det gis også tilskot til utskifting av 4000 sviller på Rjukanbanen.

Tilskot til dei andre anlegga i bevaringsprogrammet går til ulike prosjekt som skal sikre at anlegga har eit normalt vedlikehaldsnivå.

Tønner, Hagevik Tønnefabrikk.
Tønner, Hagevik Tønnefabrikk. Foto: Maria Lytomt, Riksantikvaren

Tilskot til anlegg utanfor bevaringsprogrammet

I 2020 gir Riksantikvaren tilskot til fire anlegg utanfor bevaringsprogrammet: Dei to freda anlegga Hagevik tønnefabrikk og Sellevåg treskofabrikk, i tillegg til gamle Fagerli kraftstasjon i Sulitjelma og Nes gardssag i Kvam.

Riksantikvaren har gjort ei streng prioritering av kva for kulturminne og tiltak som får tilskot. For 2020 fekk vi inn søknadar frå totalt 30 tekniske og industrielle kulturminne på om lag 161 millionar kroner. Riksantikvaren hadde rundt 58 millionar kroner til fordeling, som dekker omtrent 36% av den samla søknadssummen.

Oversikt tilskot til tekniske og industrielle kulturminne i 2020

Bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminner:

(FDV= Forvalting, drift og vedlikehald)

Anlegg, kommune og fylkeTilskot
Atlungstad Brenneri, Stange, InnlandetFDV: 2 199 875
Bredalsholmen Verft, Kristiansand, AgderIstandsetting: 2 261 354
FDV: 2 045 265
Fetsund lenser, Fet, VikenFDV: 3 290 288
Folldal Gruver, Folldal, InnlandetFDV: 2 904 223
Haldenkanalen, Halden, Aremark, Marker og Aurskog-Høland, VikenIstandsetting: 2 203 525
FDV: 1 863 703
Tilsagn 2021: 1 902 970
Kistefos Træsliberi, Jevnaker, VikenIstandsetting:815 000
FDV: 1 541 472
Klevfos Cellulose og Papirfabrik, Løten, InnlandetIstandsetting: 1 315 000
FDV: 1 434 089
Neptun Sildoljefabrik, Hadsel, NordlandIstandsetting:16 500
FDV: 1 881 571
Næs jernverk (museum), Tvedestrand, AgderFDV: 1 543 200
Odda smelteverk, Ullensvang, VestlandIstandsetting:4 576 500
FDV: 2 400 408
Tilsagn 2021: 550 000
Rjukanbanen – Tinnoset-Vemork, Tinn, Vestfold og TelemarkIstandsetting: 2 000 518
FDV: 3 188 000
Tilsagn 2021: 5 000 000
Salhus Tricotagefabrik, Bergen, VestlandIstandsetting:334 000
FDV: 3 432 039
Sjølingstad Uldvarefabrik, Lindesnes, AgderIstandsetting: 424 500
FDV: 3 460 000
Tilsagn 2021: 1 350 000
Spillum Dampsag & Høvleri, Namsos, TrøndelagFDV: 3 329 200
Tyssedal kraftstasjon, Ullensvang, VestlandSøknaden om tilskot handsamast separat.

 

Andre anlegg:

 

Anlegg, kommune og fylkeTilskot
Fagerli kraftstasjon, Fauske, NordlandIstandsetting: 213 600
Hagevik tønnefabrik, Kinn, VestlandIstandsetting: 262 375
Nes gardssag, Kvam, VestlandIstandsetting: 89 250
Sellevåg treskofabrikk, Gulen, VestlandIstandsetting: 258 600

Kontaktperson

Pressetelefon: 404 65 153

Bevaringsprogram

Les meir om bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne her:

Bevaringsprogram