Pressemelding

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne i 2016

Riksantikvaren har fordelt årets tilskot til istandsetting og vedlikehald av utvalde tekniske og industrielle anlegg.

Publisert: 29. mars 2016 | Endret: 18. desember 2019

Bilde av Folldal gruver i Hedmark. Foto: Ulf Ingemar Gustafsson, Riksantikvaren
Folldal Gruver Folldal gruver i Hedmark. Foto: Ulf Ingemar Gustafsson, Riksantikvaren

15 utvalde tekniske og industrielle anlegg får støtte gjennom en fast post i statsbudsjettet til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald.
─ Industrilokale og tekniske anlegg har hatt mykje å seie for næringslivshistoria i Noreg. Vi ønskjer at publikum også i framtida skal få oppleve denne delen av historia, derfor er målet vårt å ta vare på eit utval viktige industrianlegg, seier riksantikvar Jørn Holme.

Folldal kobbergruver i Hedmark frå 1748, som i dag er eit aktivt museum, er årets store satsing. Folldal gruver  får seks millionar kroner, og blir ferdig restaurert i år. Riksantikvaren har òg prioritert Rjukanbanen, som vart skriven inn på UNESCOs verdsarvliste som del av Rjukan-Notodden industriarv i sommar. Rjukanbanen får over ni millionar kroner.Atlungstad brenneri (3,8 millionar) og Bredalsholmen verft (4,8 millionar) er òg blant budsjettvinnarane i år. I tillegg til dei 15 utvalde anlegga har nokre andre tekniske og industrielle kulturminne fått støtte til istandsetting. Eit av desse er Vigsnes gruver på Karmøy, som får 2 500 000 kroner.

Samla søknadssum i 2016 var om lag 157 millionar kroner. Riksantikvaren hadde om lag 54 millionar kroner til fordeling, som dekkjer om lag 34 % av den samla søknadssummen.

Oversikt tilskot, Riksantikvarens bevaringsprogram for tekniske og industrielle anlegg 2016:

MottakarTilskot
Atlungstad brenneri, Stange, Hedmark3 874 093 kr
Bredalsholmen verft, Kristiansand, Vest-Agder4 828 334 kr
Fetsund lenser, Fet, Akershus3 142 501 kr
Folldal gruver, Folldal, Hedmark6 067 500 kr
Haldenkanalen, Halden, Aremark, Marker og Aurskog-Høland,
i Østfold og Akershus
1 728 000 kr
Kistefos træsliberi, Jevnaker, Oppland1 114 834 kr
Klevfos cellulose og papirfabrikk, Løten, Hedmark1 251 102 kr
Neptun sildoljefabrikk, Hadsel, Nordland2 017 999 kr
Næs jernverk, Tvedestrand, Aust-Agder1 264 417 kr
Odda smelteverk, Odda, Hordaland3 522 143 kr
Rjukanbanen, Tinn, Telemark9 692 826 kr
Salhus trikotagefabrik, Salhus, Bergen, Hordaland3 179 531 kr
Sjølingstad uldvarefabrik, Lindesnes, Vest-Agder4 437 721 kr
Spillum dampsag & høvleri, Namsos, Nord-Trøndelag2 446 667 kr
Tyssedal kraftstasjon, Odda, Hordaland1 695 000 kr

Andre anlegg:

MottakarTilskot
Vigsnes gruver, Karmøy, Rogaland     2 500 000 kr
Minneslippen, Minnesund, Eidsvoll, Akershus 300 000 kr
Gloster Gladiator 423, Kjeller, Skedsmo, Akershus   25 000 kr

 

Eventuelle førehandstilsegn for 2017 kjem i tillegg.

Dato 29.03.2016 12:53 endret 29.03.2016 13:45