Pressemelding

Vil grave ut Gjellestadskipet

Regjeringa foreslår 15,6 millionar kroner til utgraving av Gjellestadskipet i revidert nasjonalbudsjett for 2020.

Publisert: 12. mai 2020

DArkeologar fann rester av eit vikingskip på Gjellestad i Østfold.
Gjellestad. Arkeologiske undersøkingar i august 2019. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

− Vi er veldig glade for dette forslaget. Bevaringstilstanden til restane etter Gjellestadskipet er dårleg, så no hastar det med utgraving for å skaffe mest mogleg kunnskap om skipet, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Det var i 2019 at arkeologar fann rester av eit vikingskip på Gjellestad i Østfold, etter at georadarmålingar året før viste spor etter skipet. Dei arkeologiske undersøkingane avdekka at kjølen til eit vikingskip var bevart. Treverket er skadd av sopp og råte, og står i fare for å forsvinne. Med dagens klimautvikling er det usikkert kor lenge Gjellestadskipet kan bevarast utan ei utgraving.

−Vi ser fram til å samarbeide med Kulturhistorisk Museum i Oslo og Viken fylkeskommune, som har forvaltingsansvaret for dei arkeologiske kulturminna på Gjellestad. Vi håper at delar av skipet og nokre av funna kan bli stilte ut for publikum, men det må ein ta stilling til når utgravinga er komen lenger, seier Hanna Geiran.

Kan gje ny kunnskap

Tidlegare i år vart resultata av nokre undersøkingar på Gjellestad klare. Skipet kan daterast til vikingtid. Det kan tidlegast ha blitt bygd i år 733 e.Kr., og kjem etter alt å døme frå Vestlandet.

Ei utgraving kan no gje svar på fleire spørsmål om kva som skjuler seg på Gjellestad. Det er òg spor etter andre arkeologiske kulturminne i området. Samla kan Gjellestadkomplekset vise seg å vere restane etter eit viktig stormannsmiljø frå jernalderen i Noreg, med funn av vikingskip, graver, busetnad og spor etter handel.

Les meir i pressemelding på nettsidene til Klima- og miljødepartementet

Sjå òg desse sakene om Gjellestadskipet:

Ny viten om Gjellestadfunna (17.01.2020)

Hva skjuler seg på Gjellestad? (26.08.2019)

Kontaktperson

Pressetelefon: 404 65 153