Eksempelsamling
Tinden handelstad
– Ein typisk nord-norsk handelstad. Tinden Handelstad er å finne på Tindsøya i øksnes kommune, i Vesterålen. Øya er utan vegforbinding og det langt til andre bygningar på øya. Handelstaden ligg aleine, og samla på strandflata under den imponerande tinden på øya, i relativt stor avstand få annan busetnad.


Bilete frå handelstaden idag
Trond A. Isaksen har fotografert bileta som viser i Bildekarusellen
Her er lagt inn ei bestilling på roterande tekst med bileta, slik at ein kan leggje inn pedagogiske tekstar til bilete. For eks. tekstar som føl bileta og fortel om restaureringsteknikk, materialbruk, innblikk i prosess ved istansetjing og liknande.
Dokumentasjonssenter og Kafé
Dokumentasjonssenteret var det siste ved handelstaden som vart sett i stand (2019), med midlar frå posten “freda hus i privat eige”. Staden og anlegget si historie er presentert på dei to lang-veggane i det som tidlegare var salteriet. Tidsspennet i historia er frå 1500-tallet og fram til i dag. Tekstar er leverte av historikar Johan Borgos, Reidar Bertelsen emeritus i arkeologi ved UIT og Stiftelsen Tinden handelssted.
Stiftinga har tidlegare i istandsettingsprosjektet innreidd kafeen med plassbygd serveringsdisk, og sitjegrupper med bord og krakkar frå eldre kopiar ved anlegget.
Stiftinga har også sett inn ei glassdør ved inngangsparti og ved rømningsveg.

