1§11-11 bestemmelser til formål 5. Landbruks-, natur- og friluftsformål og reindrift og 6. Bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhørende strandsone.

Spreidd busetnad i LNF-føremål

Eksisterande busetnad

Endring, tilbygg og påbygg av eksisterande, godkjent busetnad i LNF-område utanfor strandsona, og oppføring av frittliggande anneks, bodar og garasjar som ikkje nyttast til busetnad, kan det gjevast løyve til etter søknad, om det ikkje er i strid med viktige landskaps- og naturvernomsyn, og utbygginga er løyst på ein, etter kommunen si vurdering, estetisk tilfredsstillande måte.

Det skal her mellom anna takast omsyn til omgjevnadane når det gjeld form, farge, plassering og storleik. Tiltaket skal ikkje vere dominerande i landskapet, og ta omsyn til mellom anna silhuettverknad og terrengtilpassing.

Ny busetnad, jf. plan- og bygningslova § 11-7 nr. 5 bokstav b:

I LNF-område med spreidd busetnad kan det oppførast ny busetnad som ikkje er tilknytt stadbunden næring på følgjande vilkår:

Busetnaden skal lokaliserast innanfor dei avgrensa sonene for spreidd busetnad avsett på arealplankartet. Busetnaden med tomt og tilkomst skal ikkje kome i konflikt med viktig natur-, landskaps- og/eller friluftsinteresser. Ny busetnad skal ha ei form, struktur og plassering som harmonerer med kulturlandskapet, naturgitte forhold på staden og den tradisjonelle busetnaden i området der han skal oppførast.