Retningsliner og føresegner til omsynssoner i kommuneplanens arealdel

1Retningsliner for omsynssone c)

Generell retningsline om meldeplikt for funn av automatisk freda kulturminne

1.27 Dersom det i samband med tiltak under vatn eller i marka vert funne automatiske freda kulturminne som ikkje er kjende, skal arbeidet stansast i den grad det verkar inn på kulturminnet eller sikringssona til kulturminnet. Alle tiltak som vil eller kan verke inn på slike kulturminne skal leggast fram for kulturminne-styresmaktene for godkjenning. Undersøkingsplikta/ varslingsplikta etter lov om kulturminne gjeld uavkorta i heile kommunen. Temakart/ illustrasjonsplan med omsynssoner kulturminne-kulturmiljø-landskap, viser kor ein skal vere spesielt merksam.

(Frå kommuneplan for Leka 2013 – 2025)

(…)

Retningsliner for omsynssoner for verneverdige bygningar, kulturmiljø og utvalde kulturlandskap (H550 og H570)

1.29 Kulturminne og kulturmiljø skal takast vare på og utviklast som positive og identitetsskapande element i eit heilskapleg utviklingsperspektiv. Både enkelt-anlegg og verneverdige område bør sikrast.

1.30 Kulturminne må sjåast i samanheng med omgjevnadene sine, og ved ny busetnad og anlegg i nærleiken av kulturminne må det arbeidast for ei tilpassing. Alle tiltak som kan verke inn på eit kulturminne eller omgjevnadane til kulturminnet, skal prosjekterast og utførast slik at tiltaket har gode visuelle kvalitetar, både i seg sjølv og i høve til funksjonen til tiltaket, omgjevnadane og plasseringa.

1.31 I spesielt verdifulle område skal viktige kulturlandskaps-kvalitetar sikrast gjennom ei restriktiv haldning til inngrep i form av faste eller flyttbare bygningar, konstruksjonar og anlegg. Ved oppføring av nye bygningar eller installasjonar skal det takast særskilt omsyn ved plassering og utforming, for å unngå negative estetiske og miljømessige konsekvensar.

1.32 Saker av prinsipiell karakter (inkl. dispensasjonssaker) som gjeld kulturmiljø og bygningsvern skal sendast på høyring til kulturmiljøforvaltinga hos fylkeskommunen.

1.33 Før ombygging eller riving av eldre (SEFRAK-registrerte) bygningar vert avgjort, skal det hentast inn fråsegn frå antikvarisk styresmakt (fylkeskommunen). I alle bygningar eldre enn 1930 skal fylkeskommunen som kulturminnestyresmakt få høve til å uttale seg med omsyn til restaurering av kledning, fasademateriale og vindauge.

1.34 For bygning som i seg sjølv eller som del av eit bygningsmiljø har historisk, arkitektonisk eller annan kulturell verdi som bør takast vare på, kan kommunen krevje at det vert teke omsyn til desse verdiane ved endring av eksisterande bygning eller oppussing av fasade. Med sikte på vern og /eller gjenoppretting av karakteren til bygningen kan kommunen krevje at takform, fasadar, vindauge og dører, materialbruk og fargar vert oppretthalde eller tilbakeført.

(…)

1.37 Ved søknad om nye tiltak i verneverdige bygningsmiljø (BM-område) og verdifulle kulturlandskap (UKL), skal søknaden innehalde illustrasjonar/foto som skildrar den estetiske verknaden til tiltaket, og visualiserer nærverknad og fjernverknad.

(Frå kommuneplan for Leka 2013 – 2025)

H510 og H550 – jordvern og kulturlandskap i landbruket

  • I sona skal dei oppgjevne omsyna tillegga stor vekt ved spørsmål knytt til arealbruken, byggje- og anleggstiltak.
  • (…)
  • I soner med særleg omsyn til kulturlandskapet må ikkje kulturminne som steingardar, rydningsrøyser, steinsette bekkefar o.a. fjernast eller forfalle. Det må ikkje gjerast planering, graving eller fylling som endrar landskapskarakteren eller i nemnande grad terrengprofilen.
  • Ved endring av bygningar eller nybygging i soner med særleg omsyn til kulturlandskap bør byggjeskikken vere i tråd med den tradisjonelle for området.

H570 – kulturmiljø

  • (…)
  • Eksisterande hus, naust og uthus må haldast ved like, utan vesentleg endring i materialbruk eller storleik. Bruk, tilkomst og tekniske løysingar må underordne seg omsyna som ligg til grunn for soneføremålet.
  • Soner kring automatisk freda kulturminne er i utgangspunktet å sjå på som sikringsareal kring kulturminnet. Det må her ikkje gjerast anleggstiltak eller andre tiltak som kan svekke verdien av kulturminnet. Vilkår for godkjenning av tiltak vil m.a. vere at plan for dette er lagt fram for kulturminnestyresmakta for uttale og avgjerd etter kulturminnelova.

(Frå Kommuneplan for Ulstein 2019 – 2031)

Eksempel på retningsliner for omsynssone for nasjonalt verdifullt kulturlandskapsområde, nå også utvald kulturlandskap i jordbruket (UKL) (Tingelstadhøgda, Gran kommune, Oppland)

Omsynssona avgrensar området som vart peikt ut som nasjonalt verdifullt kulturlandskap i 1994. På plankartet er det markert eit indre kjerneområde kor dei biologiske-, kulturhistoriske- og landskapsverdiane er spesielt store. Retningslinene under gjeld for heile området. Innanfor kjerneområdet skal ein vere ekstra varsam sidan verdiane her er spesielt store.

  • Det verdifulle kulturlandskapet skal forvaltast slik at kulturminne og kulturmiljø, biologisk verdifulle miljø, jordbruksareal, tilgjengelegheit og den visuelle opplevinga av landskapet skal oppretthaldast som grunnlag for landbruk, kunnskap, oppleving, verdiskaping, rekreasjon og friluftsliv.
  • Dei registrerte verdiane skal leggast til grunn for sakshandsaming av enkeltsaker innanfor det verdifulle kulturlandskapet.
  • Konsekvensane av varige fysiske inngrep skal synleggjerast. Kva dokumentasjon som skal leggast ved søknaden vil variere avhengig av type sak, og skal avklarast med kommunen.
  • Søknadar og meldingar om tiltak som vil kunne få konsekvensar for kulturlandskapet skal sendast til uttale til regionale styresmakter eller statlege sektorstyresmakter som dette vedkjem.
  • Alle vedtak om dispensasjon skal sendast til Statsforvaltaren og aktuelle sektorstyresmakter, som vil kunne vurdere å klage på vedtaket.
  • For å ta vare på biologisk mangfald, førekomstar og arter skal variasjonen av naturtypar oppretthaldast. Alle type inngrep skal unngåast på registrerte lokalitetar.
  • Verneverdige enkeltbygningar, bygningsmiljø og andre kulturminne skal i størst mogleg grad takast vare på som bruksressursar og settast i stand dersom det ikkje er til vesentleg ulempe for eigar eller samfunnet.
  • Gamle ferdselsvegar skal takast vare på og dagens lineføring, kurvar, breidde og kant-vegetasjon skal i hovudtrekk takast vare på. Der det av omsyn til trafikksikkerheita eller til at det skal vere mogleg å kome fram for landbruksmaskiner, må gjerast tiltak, bør desse gjennomførast så skånsamt som mogleg. Gamle gutuer og stigar bør ryddast og leggjast til rette for ferdsel.
  • Ved planlegging av vegar og anlegg for teletenester og energioverføring skal det stillast krav til estetisk kvalitet og utforming. Nye, mindre kraftleidningar skal leggast som jordkabel. Skjeringar og fyllingar skal opparbeidast på ein naturleg og god måte og avrundast mot eksisterande terreng.

(Frå Kommuneplan for Gran, vedtatt 2021)

Døme på retningsliner for heilt konkrete omsynssoner i Leka kommune, Nord-Trøndelag. Område Utvalde kulturlandskap i jordbruket (H-550):

7.4 Omsynssona avgrensar området som blei utpeikt som nasjonalt utvald kulturlandskap i 2009. Området omfattar eit heilskapleg og samanhengande jordbruksområde med store biologiske, kulturhistoriske og estetiske landskapsverdiar. Det skal takast særlege omsyn til jordbruksdrift og kulturlandskap ved planlegging, handsaming av søknadar og gjennomføring av tiltak innanfor området.

(…)

7.6 Kvalitetane i landskapet er skildra og vektlagt i mellom anna landskapsanalysen (2010), områdeplanen for Skei Utvalde Kulturlandskap (2009), og i Verneplan for Kulturlandskap (1995). Området skal forvaltast slik at kvalitetane i landskapet, slik dei er skildra og vektlagde, vert oppretthalde og styrka.

(…)

Vern landskap – Stein/Støypet/Kvaløy (H-550):

7.12 Området omfattar dei landskaps- og kulturminnekvalitetane som Leka er mest kjent for. Det skal takast særlege omsyn til landskapsverdiane ved planlegging, handsaming av søknadar og gjennomføring av tiltak innanfor sona. Nye tiltak vert det ikkje gjeve løyve til når dei kan kome i konflikt med landskapsverdiane.

7.13 Området skal forvaltast slik at den visuelle opplevinga av landskapet, dei verdifulle landskaps-elementa og geologiske førekomstar, kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og jordbruksareal vert oppretthalde som grunnlag for landbruk, kunnskap, oppleving, verdiskaping, rekreasjon og friluftsliv.

(…)

7.15 Landskapsverdiane skal leggast til grunn for handsaming av enkeltsaker innanfor området. Konsekvensane av varige fysiske inngrep skal synleggjerast. Kva dokumentasjon som skal leggast ved søknaden vil variere avhengig av type sak, og skal avklarast med kommunen.

7.16 Søknadar om tiltak som vil kunne få konsekvensar for landskapet skal sendast relevante regionale og statlege styresmakter på høyring. Innanfor området skal det vere ein streng dispensasjons-praksis.

7.17 Verneverdige enkeltbygningar, bygningsmiljø og andre kulturminne skal i størst mogleg grad takast vare på som bruksressursar og settast i stand.

(…)

Vern kulturmiljø (H-570).

7.19 Sona omfattar eit utval av verneverdige bygningsmiljø i kommunen, der målsetjinga er å verne, vidareutvikle og dels oppretta bygningane sine arkitektoniske og miljømessige verdiar og kulturhistorie i samanheng med omkringliggande miljø.

7.20 Omsynet til kulturmiljøa og dei antikvariske verdiane skal vere førande for arealbruken, og for bygge- og anleggstiltak (jf. generelle føresegner).

7.21 Søknadar om tiltak som vil kunne få konsekvensar for kulturmiljø og antikvariske verdiar skal sendast på høyring til regionale styresmakter

(Frå Kommuneplan for Leka 2013 – 2025)

 

2Føresegner til omsynssone d)

Føresegn som kan omfatte alle omsynssoner med freda kulturminne

Områda er freda i medhald av lov om kulturminner av 1978.

Merknad: Eventuelt kan dei paragrafane som områda/kulturminna er freda i medhald av, nemnast, til dømes lov om kulturminne §§ 4, 15, 19 eller 20. Det kan også refererast til fredingsvedtak eller fredingsforskrift.

Føresegner, mellomalderkyrkjer og -kyrkjegardar, kommuneplan1

Både mellomalderkyrkje og mellomalderkyrkjegard

XX mellomalderkyrkje og -kyrkjegard er automatisk freda. Det er ikkje tillate å sette i gang tiltak som kan verke inn på den automatisk freda kyrkja og kyrkjegarden med mindre det ligg føre dispensasjon frå kulturminnelova.

Innanfor mellomalderkyrkjegarden er gravlegging berre tillate i graver som har vore i kontinuerleg bruk etter 1945. Graver som ikkje har vore i bruk etter 1945 skal ikkje nyttast til gravlegging.

Alle tiltak innanfor kyrkjestaden skal vurderast av kulturmiljøforvaltinga opp mot føresegnene i kulturminnelova. Ved all planlegging av tiltak i omgjevnadane til kyrkja skal det takast omsyn til plasseringa til kyrkja og verknadane i landskapet.

For mellomalderkyrkjegard i bruk utan mellomalderkyrkje:

Den mellomalderske kyrkjegarden er eit automatisk freda kulturminne. Innanfor mellomalderkyrkjegarden er gravlegging berre tillate i graver som har vore i kontinuerleg bruk etter 1945. Graver som ikkje har vore i bruk etter 1945 skal ikkje nyttast til gravlegging.

Alle inngrep i grunnen eller andre tiltak som kan verke inn på det automatisk freda kulturminnet er ikkje tillate med mindre det ligg føre dispensasjon frå kulturminnelova.

Nedlagde kyrkjestader frå mellomalderen:

Den nedlagde kyrkjegarden frå mellomalderen er eit automatisk freda kulturminne. Alle inngrep i grunnen eller andre tiltak som kan verke inn på det automatisk freda kulturminnet er ikkje tillate med mindre det ligg føre dispensasjon frå kulturminnelova.

1Desse føresegnene kan nyttas både til omsynssone d), SOSI-kode 730, og som generelle føresegner.

Føresegner til omsynssone d) (plan- og bygningslova § 11-8), eventuelt generelle føresegner (plan- og bygningslova § 11-9), i kommuneplan/ kommunedelplan for bygningar/anlegg/kulturmiljø freda etter kulturminnelova

Vedtaksfreda/forskriftsfreda bygningar/anlegg

XX bygning(ar)/anlegg/kulturmiljø (stryk det som ikkje passar) er freda ved vedtak etter kulturminnelova og skal forvaltast i medhald av føresegnene i fredingsvedtaket, eventuell forvaltingsplan og kulturminnelova.

Bygningar/anlegg som er midlertidig freda

XX bygning(ar)/anlegg/kulturmiljø (stryk det som ikkje passer) er midlertidig freda i medhald av kulturminnelova § 22, punkt 4, og skal forvaltast som freda fram til endeleg fredingsvedtak ligg føre.

Alternativ for kommunar med mange freda bygningar/anlegg der det ikkje er naturleg å liste opp alle i føresegnene

Bygningar og anlegg som er freda ved vedtak etter kulturminnelova skal forvaltast i medhald av føresegnene i fredingsvedtaket, eventuell forvaltingsplan og kulturminnelova.

Andre freda bygningar/anlegg

Alle bygningar og anlegg i kommunen eldre enn 1537, samiske bygningar og anlegg frå 1917 eller eldre, og erklærte ståande byggverk frå perioden 1537 – 1649 er automatisk freda (stryk dei som ikkje gjeld for den aktuelle kommunen) og skal forvaltast etter føresegnene i kulturminnelova.