1Føresegner til omsynssone d), automatisk freda kulturminne

Automatisk freda kulturminne (Omsynssone H730_1 og så vidare, nemn den eller dei omsynssonene føresegna gjeld for) – bandlagt etter kulturminnelova. I området er det automatisk freda kulturminne (ev. spesifiser type kulturminne). Det er ikkje tillate å sette i gang tiltak som er eigna til å skade, øydeleggje, grave ut, flytte, forandre, dekke til, skjule eller på annan måte utilbørleg skjemme dei automatisk freda kulturminna eller framkalle fare for at dette kan skje.

(Lang versjon)

Inngrep i grunnen eller andre tiltak som kan verke inn på det automatisk freda kulturminnet innanfor omsynssone H730_1 er ikkje tillate utan etter dispensasjon frå kulturminnelova. Søknad skal sendast regional kulturmiljøforvalting i god tid før arbeidet er planlagt sett i gang.

(Litt kortare versjon)

Området innanfor omsynssone d) blir forvalta av regional kulturmiljøforvalting etter føresegnene til kulturminnelova.

(Minimumsversjon)

Føresegn om skjøtsel

Landskapet og utsikten mot sundet må oppretthaldast. Det skal utarbeidast ein skjøtselsplan for området som skal godkjennast av regional kulturmiljøforvalting. Tiltak i tråd med skjøtselsplanen kan gjennomførast. Andre tiltak er ikkje tillate.

Føresegn til omsynssone d), automatisk freda kyrkjegard:

Kyrkjegarden frå mellomalderen er eit automatisk freda kulturminne. Alle inngrep i grunnen eller andre tiltak som kan verke inn på det automatisk freda kulturminnet innanfor omsynssone H730_1 er ikkje tillate utan etter dispensasjon frå kulturminnelova. Unntak gjeld for bruk av eksisterande graver som har vore i kontinuerleg bruk sidan mellomalderen. Gravstader som ikkje er i bruk per i dag og gravstader der det ikkje har vert gjennomført gravlegging etter 1945 skal ikkje taksast opp att til bruk. Gravminne som er eldre enn 60 år, skal ikkje flyttast eller fjernast utan at kulturminnestyresmaktene er gjeve høve til å gje fråsegn. Eventuell søknad om løyve til inngrep i det automatisk freda kulturminnet eller tiltak som kan ha verknad på kulturminnet, skal sendast rette kulturminnestyresmakt i god tid før arbeidet er planlagt sett i gang.

Når det gjeld føresegner for automatisk freda kyrkjer og andre automatisk freda bygningar, kan ein ta utgangspunkt i føresegnene i kapittel 1.4.

2Andre føresegner om omsyn til automatisk freda kulturminne

Føresegner til omsynssone c) som fungerer som buffer for ei omsynssone d)

Ved handsaming av byggesøknadar innanfor omsynssone c) skal omsynet til kulturmiljøet, med kyrkjegarden frå mellomalderen, og opplevingsverdiane til denne, leggast vekt på før det vert avgjort om tiltaket kan gjennomførast, og om lokalisering og utforming av det. Alle byggesøknadar skal vurderast av regional kulturmiljøforvalting.

Omsynssone c) omfattar bufferareal for automatisk freda kulturminne i H730_1. Innanfor H570_1 er det ikkje lov å køyre med tunge køyretøy, lagre anleggsutstyr eller byggematerial, eller gjere inngrep i grunnen. Omsynssone H570_1 skal under anleggsperioden gjerdast inn med midlertidig gjerde av stålnett.

Føresegn knytt til vern av automatisk freda kulturminne innanfor LNFR-område – Rekkefølgjeføresegn

Det skal utarbeidast ein informasjons- og skjøtselsplan som skal godkjennast av kulturmiljøforvaltinga. Planen kan utarbeidast etter planvedtak, men skal vere godkjent før tiltaka i reguleringsplanen skal gjennomførast.

3Fane 3 Døme, automatisk freda kulturminne: Reguleringsplan for Eidsborg stavkyrkje (utdrag), offentleg bygg, kyrkje

Området skal nyttast til automatisk freda kyrkjebygg (stavkyrkje) og gravplass. På den mellomalderske delen av kyrkjegarden, som er automatisk freda etter kulturminnelova, er det gjeve løyve til gjenbruk av noverande graver etter gjeldande gravkart. Nye graver og andre tiltak som fører til inngrep i grunnen er ikkje tillate utan at det er gjeve løyve i medhald av kulturminnelova § 8.

Bygningstiltak og grave- og anleggstiltak skal leggjast fram for rette kulturminnemynde for handsaming etter kulturminnelova og godkjennast av kommunen med omsyn til anna lovverk.

Landbruksføremål

Det er gjeve løyve til tradisjonell jordbruksdrift i området for å halde kulturlandskapet i hevd. Det kan ikkje settast i gang tiltak som grøfting, djupare pløying enn 30 cm og anna som endrar opphavleg struktur på området, med mindre det ligg føre særskilde grunnar og løyve frå kommunen og rette kulturminnemynde. Det må visast særleg aktsemd i nærleiken av dei automatisk freda kulturminna i omsynssone A-D.

Omsynssone § 11-8 d)

Automatisk freda kulturminne (omsynssone A, B, C, D, E og F) – bandlagt etter anna lov. I området finst automatisk freda kulturminne. Det er ikkje tillate å sette i gang tiltak som er eigna til å skade, øydeleggje, grave ut, flytte, forandre, dekkje, skjule eller på annan måte utilbørleg skjemme automatisk freda kulturminne eller framkalle fare for at dette kan skje.

(Frå reguleringsplan for Eidsborg stavkyrkje, Tokke)

4Vesentleg om landskap

Det kulturhistoriske landskapet med alle sine karakteristiske element som steingjerde, murer, rydningsrøyser, dyrkingsterrassar, vegar, steinsette bekkefar, klopper og styvingstre skal takast vare på.

Det er ikkje tillate med terrenginngrep eller fjerning av vegetasjon.

Innan området skal terreng og vegetasjon takast vare på.

Oppføring og plassering av midlertidige bygningar, konstruksjonar eller anlegg er ikkje tillate.

Tekniske innretningar skal gjevast ei diskret utforming og ha ei plassering, materialbruk og fargeval som harmonerer med karakteren til området.

Eksisterande strandline skal oppretthaldast. Det er ikkje tillate med noko form for utfylling.

Det historiske landskapet skal takast vare på og verte styrka.

Det historiske landskapet med alle sine karakteristiske element som steingjerde, murer, rydningsrøyser, dyrkingsterrassar, vegar, steinsette bekkefar, klopper og styvingstre skal takast vare på og verte styrka.

Bekken skal gjenopnast. Utforminga av sideareala skal vere tilpassa staden. Ved bekkeopning skal naturlege kantsoner etablerast med stadeigen vegetasjon i fleire sjikt.

Høgdedraget med vegetasjon skal takast vare på. Det skal ikkje gjerast planering, graving eller fylling.

Innan området skal terreng og vegetasjon takast vare på og eksisterande naturtypar skal takast vare på.

Tak skal vurderast som del av taklandskapet i byen og handsamast som ein del av det samla arkitektoniske uttrykket til tiltaket. Ved eventuelle nybygg og ombyggingar skal tekniske anlegg som heisoppbygg og ventilasjonsanlegg m.m. integrerast i den arkitektoniske utforminga.

Innanfor området skal eksisterande stadeigen vegetasjon takast vare på.

Plantefelt med furu og gran kan fjernast. Undervegetasjon og busksjikt må ryddast for å sikre eit opent landskapsuttrykk. Vegetasjonen i området skal forvaltast i ein skjøtselsplan som kommunen skal godkjenne. Eksisterande monumentale tre skal takast vare på. Tre som kan skade eller skjule kulturminne, eller vere ein risiko ved flaum, kan fjernast.

Det må ikkje gjennomførast planering, graving eller fylling som endrar landskapskarakteren eller terrengprofilen.

Merknad: Føresegna over kan utdjupast og detaljerast ved behov, og avhengig av kva element i det historiske landskapet som er særleg viktig å ta vare på, som til dømes vegetasjon, steingardar, åkerholmar eller andre element. Er det gjennomført ei landskapsanalyse i området, kan denne liggje til grunn for utforming av føresegna.

Eksisterande tre- og buskvegetasjon, som utgjer randsona mot Ekebergsletta, skal takast vare på og vidareutviklast som eit verdifullt og karakteristisk landskapselement.

(Frå forslag til reguleringsplan for Ekebergsletta)

Landskapsøyene på Ekebergsletta skal takast vare på og vidareutviklast som verdifulle og karakteristiske landskapselement. Gran og plantefelt med furu kan fjernast, edellauvtre skal takast vare på og supplerast for å skape lundar. Undervegetasjon og busksjikt skal ryddast for å sikre eit opent landskapsuttrykk.

(Frå forslag til reguleringsplan for Ekebergsletta)

Merknad: Forslaget til reguleringsplan for Ekebergsletta inneheld også føresegner om skjøtsel, knytt til dei einskilde føremåla i planen.

5Døme, landskap: Reguleringsplan for Eidsborg stavkyrkje. Friluftsføremål

I området er det ikkje tillate å drive verksemd eller føre opp bygg eller anlegg, som etter kommunen sitt skjønn kjem i konflikt med området sin funksjon som ”grøn” innramming av museums- og kyrkjeanlegget.

På grunnlag av godkjent teknisk plan kan det gravast ned leidningsanlegg (vatn, avlaup, straum, telefon, TV-kabel med meir) i friluftsområdet. Terrengformasjonar og vegetasjon skal takast vare på/førast tilbake til opphavleg utsjånad.

I friluftsområde kan det etter godkjenning frå kommunen setjast opp informasjonstavle, benkar, bord o.l.

Det er tillate med normal hogst og rydding av vegetasjon i friluftsområdet for å betre sikt-, lys- og soltilhøve. Dette skal gjerast på ein slik måte at landskapsbiletet vert oppretthalde.

(Frå reguleringsplan for Eidsborg stavkyrkje, Tokke)