Veiledere

Gode føre­segner om kultur­miljø til areal­planar - ei eksempel­samling

Eksempla på føresegner som er presenterte her, er til inspirasjon og er meint å fungere som ein idébank i arbeidet med å formulere gode føresegner tilpassa kvar enkelt kommuneplan eller reguleringsplan. Dei er ikkje nokon fasit over korleis føresegner skal vere. Eksempla er delvis utarbeidd internt hos Riksantikvaren, delvis henta frå seminar om føresegner hos Riksantikvaren i 2010, og der det er oppgitt, henta frå ulike forslag til kommuneplanar eller reguleringsplanar. 

Vi vil gjerne ha tilbakemeldingar, både ros og ris og nye gode forslag til føresegner slik at forslaga her kan bli endå betre.  

Alle føresegner, også dei som er henta frå planer frå før 2020, er oppdatert når det gjeld bruken av omgrep, slik at kulturmiljø vert brukt som samleomgrep for kulturminne, kulturmiljø og landskap der dette er naturleg. På same måte er omgrepsbruken oppdatert frå kulturminneforvalting til kulturmiljøforvalting.  

Publisert: 27. mars 2023