r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens friluftsminne i januar - av Riksantikvaren

På besøk hos Sondre Norheim i «den moderne skisportens vogge»

Øverbø i dag, fødestaden til skipioneren Sondre Norheim. Stua til venstre vart bygd av Sondre da han gifta seg med Rannei Åmundsdotter, og vart seinare flytta til Øverbø frå plassen Kasin. I grua i denne stua har OL-elden blitt tent heile tre gonger. Foto: Norsk Skieventyr

Skriv

Kva er det ikkje meir naturleg å starte Friluftslivets år med, enn med eit besøk til «den moderne skisportens vogge»? Nærmare bestemt til husmannsplassen Øverbø i Morgedal i Telemark, som var fødestaden til skipioneren Sondre Auverson Norheim. For når det gjeld friluftsliv og vinter i Noreg, så er det vanskeleg å komme utanom skisport.

Høgt oppe i lia

Sondre Auverson vart fødd på Øverbø 10. juni 1825, og tilbrakte dei fleste barneåra sine her. Som på husmannsplassar flest var det enkle kår og små forhold på Øverbø, men det var nok likevel ein fin plass å bu for ein som elska friluftsliv og skisport – øvst oppe i lia, med åsar og fjell opp mot 1100 meter på alle kantar, og god utsikt utover Morgedal.

Imponerande skiløpar og kreativ handverkar

Det vart tidleg klart at Sondre ikkje var spesielt interessert i gardsdrift. Han treivst nok betre med ski på beina enn med jord under neglene. For Sondre handla nemleg det meste seg om ski, luftige svev frå hustaka og høg fart nedover dei brattaste henga på fjellsidene. Etter kvart gjekk det gjetord om krumspringa hans – langt utover bygdene i Telemark.

Men det var ikkje berre telemarksvingane og andre skiteknikkar som han imponerte med, men også det nye og moderne skiutstyret som han hadde utvikla. Snart ville alle ha slike korte ski med innsving og hælbinding som Sondre Norheim hadde.

Sondre var med andre ord også ein dugeleg handverkar. På dei tre husmannsplassane som han rydda saman med kona Rannei Åmundsdotter, bygde han opp små lafta stuer. Som regel var det snakk om berre eitt rom med grue, seng, sengebenk, kubbestolar, skap, veggklokke og eit lite bord som ein kunne slå opp mot veggen når det ikkje var i bruk. God plass var det altså ikkje, spesielt ikkje etter kvart som dei seks barna vaks opp. 

Det er kanskje ikkje så rart at Sondre hadde eit stort behov for å komme seg ut?

Øverbø i dag

I dag er Morgedal idrettslag eigar og forvaltar av den gamle husmannsplassen Øverbø der Sondre vaks opp. Sjølv om Sondre nok ville ha kjent landskapet att dersom han kom attende til Øverbø i dag, er mykje endra sidan han budde der. Ingen av bygningane som stod på tunet i barndommen hans står att, men den vesle lafta stua på knapt 15 kvadratmeter som han bygde da han gifta seg med Rannei finn du her. Ho vart flytta hit seinare frå plassen Kasin, og er open for besøkjande. I tillegg står det eit uthus frå starten av 1900-talet og ei nyare stue som ein kan leige (plassert på fundamentet til den stua der Sondre vart fødd) på Øverbø i dag.

I grua i stua som Sondre bygde har OL-elden blitt tent heile tre gonger, først til vinter-OL i Oslo i 1952, så til OL i Squaw Valley i 1960 og til OL på Lillehammer i 1994. At ein valde å tenne OL-elden i stua til Sondre Norheim, viser kva for ei sentral rolle han og Morgedal har hatt for norsk skisport.

Kanskje du har lyst til å ta ein tur til Øverbø og «den moderne skisportens vogge» i Friluftslivets år? Til høgre finn du turforslag til Øverbø med kart og gode råd på vegen.

Øverbø ligg øvst oppe i lia, med åsar og høge fjell på alle kantar, og god utsikt utover Morgedal. Foto: Norsk Skieventyr

 

Det gjekk gjetord om dei akrobatiske sveva til Sondre Nordheim over hustaka i Telemark. Illustrasjonsfoto: Norsk Skieventyr

Kjelder

 

Kulturvernforbundet og Riksantikvaren samarbeider om månedens friluftsminne i Friluftslivets år 2015. Hver måned vil et kulturminne som er knyttet til friluftslivet bli presentert.

Turforslag til Øverbø

(klikk på biletet for større utgåve av kartet)