r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Bevaringsprogrammet for ruinar

Målet til bevaringsprogrammet for ruinar er at eit utval ruinar skal sikrast og gjerast tilgjengeleg for publikum.

Murkonservering på Holla kirkeruin. Foto: Inger-Marie Aicher Olsrud, Riksantikvaren

Kva er ein ruin?

Ein ruin er i denne samanhengen restane etter anlegg som er bygd av stein eller tegl lagt i kalkmørtel, og som er frå før reformasjonen (1537).

I Noreg har vi rundt 100 større og mindre ruinar frå mellomalderen. Dei fleste av desse ruinane er kyrkjeruinar, men det finst også ruinar etter klosteranlegg og borg- og festningsanlegg. 

Les meir om ruinar og bruk av ruinar her.

Arbeidet i bevaringsprogrammet

Etter ein gjennomgang av tilstanden til ruinane i 2005, har Riksantikvaren vurdert kva som skal gjerast med dei einskilde ruinane.

Konservering, skjøtsel  og tilrettelegging av dei største ruinanlegga i landet blir prioritert i programmet. Det same blir ruinar som engasjerer lokalmiljøet sterkt.

Sidan oppstarten i 2006 er 20 anlegg ferdig konservert. Med “ferdig” meiner vi at dei er sette i stand slik at dei berre treng vanleg ettersyn og vedlikehald av murverk og omgivnader. Ein må likevel rekne med enkelte større tiltak framover også på dei anlegga som no blir sett på som ferdige. For tida er tolv ruinanlegg under restaurering.

Informasjonsskilt ved Tenor kirkeruin i Eidsberg, Østfold. Foto: Inger-Marie Aicher Olsrud, Riksantikvaren.

Kunnskaps- og kompetanseutvikling er ein viktig del av arbeidet med sikring av mellomalderruinar. Å konservere ein ruin slik at den skal tole dei same påkjenningane som ein bygning med tak, er ei utfordring, og krev spesialkompetanse. Kurs for murarar, eigarar og forvaltarar er derfor ein viktig del av programmet.

For å gjere ruinane kjende som ein del av kulturarven vår, arbeider ein også med informasjonsformidling, mellom anna via faktaark, utstillingar og film.

Sjå faktaarka i høgremargen for informasjon om dei einskilde ruinane og filmen under om steinbygningane i Bergen i mellomalderen.