r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Bevaringsprogrammet for verdsarven

Målet til bevaringsprogrammet for verdsarven er å utvikle dei norske verdsarvstadane til gode eksempel på den beste forvaltninga av natur- og kulturminne i Noreg.

Verdensarven på Røros har mangfaldig bygningsmasse innanfor verdsarvområdet sitt . Foto: Trond Taugbøl, Riksantikvaren

UNESCO sin konvensjon for vern av verda sin kultur- og naturarv vart vedteken i 1972. Det fremste føremålet er å identifisere unik kultur- og naturarv med universell verdi. Noreg ratifiserte verdsarvkonvensjonen 12. mai 1977. Åtte norske stader er skrevne inn på verdsarvlista til UNESCO.

Arbeidet i bevaringsprogrammet

Bryggen i Bergen pågår eit omfattande restaureringsarbeid som blir finansiert gjennom bevaringsprogrammet for verdsarven.
Byantikvaren i Bergen mottar tilskot for å koordinere dette arbeidet.

Riksantikvaren gir betydelege tilskot til bergstaden Røros der blant anna ei omfattande restaurering av Røros kyrkje er fullført. I 2010 vart verdsarvområdet på Røros utvida slika at både sjølve bykjerna og landområda rundt er ein del av verdsarven. Det er også gitt tilskot til ein koordinator for verdsarven på staden.

Bergkunsten i Alta får tilskot til både skjøtsel og vedlikehald av lokalitetane til bergkunsten, oppgradering av anlegg for publikum og til etablering av eit digitalt arkiv for bergkunst. Arbeidet blir koordinert av Alta museum.

Struves meridianboge har fått tilskot til utarbeiding av ein forvaltningsplan for verdensarvområdet i samarbeid med Kartverket.

Urnes stavkyrkje har gjennomgått omfattande vedlikehalds- og sikringsarbeid som ein del av bevaringsprogrammet for stavkyrkjene.                    

Bevaringsprogrammet bidrar også til restaurering av bygningar på verdensarven Vegaøyane, og i områda som inngår i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap.  

Verdsarven Rjukan-Notodden har fått tilskot til ei koordinatorstilling, og til fleire istandsettingsprosjekt.

Les meir på temasida om verdsarv.                       

                    

Tilskot til verdsarven i 2016