r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Fartøy og kystkultur

Det statlege ansvaret og engasjementet for fartøyvernet er først og fremst å ta vare på eit utval fartøy som er representative for den norske, maritime kulturarven.

Fra Gratangen båtmuseum, sjelternaust med nordlandsbåter. Foto: Arve Kjersheim / Riksantikvaren

Det blir særleg lagt vekt på den kronologiske, tekniske og funksjonelle breidda i utvalet. Dessutan skal fartøy frå heile kysten vere representerte.

Riksantikvaren gir økonomiske tilskot til antikvarisk istandsettjing og vedlikehald av verneverdige fartøy.  Riksantikvaren kan òg frede fartøy eller gi fartøy ein formell status som «verna skip».

209 eldre fartøy har vernestatus gjennom frivillige avtalar med Riksantikvaren. 14 fartøy er freda, 2 er midlertidig freda. Båtar som er eldre enn 50 år kan ikkje førast ut av landet utan løyve frå Riksantikvaren.

Fartøyvernet blir halde oppe av ein omfattande frivillig innsats. Den frivillige verksemda er i stor grad retta mot drift og vedlikehald av fartøy som er i aktiv bruk.

Fartøyvernsentra

Det er viktig å sikre handverkskompetanse for å ta vare på fartøya. Dette blir mellom anna gjort frå tre nasjonale senter for fartøyvern: Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund og Nordnorsk fartøyvernsenter og båtmuseum i Gratangen for bevaringsoppgåver knytt til fartøy av tre, og Bredalsholmen dokk og fartøyvernsenter ved Kristiansand for arbeid med stålskip.

Sentra har som hovudoppgåve å utføre større oppdrag knytt til dokumentasjon og restaurering av verneverdige fartøy, og å dokumentere og føre vidare viktige tradisjonar knytt til sjølve handverket.

Faktaark

Fartøyvernsentrenes Fellesråd har laga faktaark som omhandlar vedlikehald av eldre båtar og fartøy. Desse er tilgjengelege på nettstaden www.delebanken.no

Søk om status "verna skip", tilskot og eksportløyve

Tilskot til fartøy i 2016

Tilskot til fartøy i 2015

Tilskot til fartøy i 2014