r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Kulturmiljø

Eit kulturmiljø er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. 

Sør-Gjæslingan, Nord-Trøndelag. Foto: Kjell Andresen / Riksantikvaren

Eksempel på kulturmiljø

Kulturmiljø kan ein finne i både byar og tettstader, i jordbrukslandskap og i skog og utmark. Eksempel på dette kan for eksempel vere eit byområde, ei setergrend, eit fiskevær eller eit industriområde med fabrikkar og bustadar. Naturelement med kulturhistorisk verdi kan også vere ein del av eit kulturmiljø. 

Freda kulturmiljø 

Omgrepet kulturmiljø kom inn i kulturminnelova i 1992. Gjennom lovendringa vart det mogleg å frede eit kulturmiljø ut ifrå den totale kulturhistoriske verdien av miljøet, utan at dei enkelte elementa er fredingsverdige i seg sjølve.

Å frede eit kulturmiljø etter kulturminnelova er ein omfattande prosedyre, og endeleg vedtak vil bli gjort av Kongen i statsråd.

Les om dei freda kulturmiljøa på miljøstatus.no:

 

Riksantikvaren har også satt i gang arbeid med freding av Levanger kulturmiljø i Nord-Trøndelag og Skudeneshavn kulturmiljø i Rogaland.