r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Tekniske og industrielle kulturminne

  • Rjukanbanen

    Langs Rjukanbanen. Foto: Ulf I. Gustafsson, Riksantikvaren

  • Sjølingstad Uldvarefabrik

    Sjølingstad Uldvarefabrik. Foto: Ulf I. Gustafsson, Riksantikvaren

  • Neptun sildoljefabrikk i vinterdrakt

    Neptun sildoljefabrikk. Foto: Ulf I. Gustafsson, Riksantikvaren

  • Folldal gruver i vinterdrakt

    Folldal gruver. Foto: Ulf I. Gustafsson, Riksantikvaren

Tekniske og industrielle kulturminne vitnar om framveksten av det moderne Noreg og strukturelle endringar i samfunnet. 

Industrialiseringa av Noreg har sett mange spor etter seg i landskapet, og har skapt mange nye kulturminne.

Strukturelle endringar innanfor industrien har bidratt til at mange tekniske og industrielle kulturminne vart ståande tomme etter at den opphavlege drifta vart lagt ned. Men det finst mange gode eksempel på ny bruk av dei historiske industrianlegga med nye næringar og arbeidsplassar. Samstundes blir nye tekniske og industrielle kulturminne skapt i takt med nye endringar i samfunnet.

Kva er tekniske og industrielle kulturminne?

Riksantikvaren definerer tekniske og industrielle kulturminne slik:

Tekniske og industrielle kulturminne er spor etter industriell kultur som er av historisk, teknologisk, sosial, arkitektonisk eller vitskapeleg verdi. Tekniske og industrielle kulturminne omfattar bygningar og produksjonslinjer med maskineri, transport og annan infrastruktur, så vel som stadar brukt til sosiale aktivitetar som bustadar, religiøse byggverk, skolar, rekreasjons- og grøntanlegg.

Dei komplekse anlegga med mange ulike typar kulturminne gir til saman ei spanande forteljing om norsk næringsliv og industrihistorie.      

Riksantikvarens bevaringsprogram

Gjennom bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne får 15 prioriterte anlegg stønad til istandsetting, forvalting, drift og vedlikehald.

I tillegg gir Riksantikvaren fagleg og økonomisk stønad til andre anlegg som dokumenterer norsk teknisk og industriell historie.

Les meir om bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne her.

Dei 15 prioriterte anlegga i bevaringsprogrammet er: