r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Bryggen i Bergen

I mellomalderen var Bryggen i Bergen eit livleg sentrum for internasjonal handelsverksemd. Dei karakteristiske rekkjene av hus med gavlen mot sjøen er eksempel på arkitektur som har eksistert i nærmare 900 år.   

Regntunge skyer over Bryggen i Bergen. Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren

Den tradisjonelle trearkitekturen viser at Bergen er ein av dei eldste handelsbyane i Nord-Europa. Bryggen er den einaste handelsbyen utanfor Den Hanseatiske Ligaen som har den originale strukturen bevart innenfor sentum av byen.                          

Husa på Bryggen vart bygde i parallelle rekkjer vinkelrett inn frå kaifronten, på ei eller begge sidene av ei felles passasje mellom bygningane. Strukturen har vore slik sidan mellomalderen. I husa var det både bolig, kontor og lagerrom for den internasjonale handelen med tørrfisk.                          

Først på 1900-talet tok den opphavelege bruken av bryggenområdet slutt og ein 700 – 800 år gamel tradisjon vart broten.

På trass av mange bybrannar, har oppattbygging av bygningane blitt gjort innanfor dei gamle eigedomsgrensene. Trebygningane slik dei står i dag er oppførte etter brannen i 1702. Etter brannane i 1955 og 1958 er ca. ¼ av dei opphavelege bygningane framleis intakte.                          

Bryggen vart innskreven på Verdsarvlista, lista for verda sin kultur- og naturarv, i 1979.