r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Urnes stavkyrkje

Både arkitektonisk, kunsthistorisk og som kjelde til kunnskap er Urnes stavkyrkje unik mellom dei 28 stavkyrkjene som framleis fins i Noreg.     

Urnes stavkyrkje i vakkert vinterlandskap ved Lustrafjorden i Sogn og Fjordane. Foto: Jiri Havran, Riksantikvaren

Stavkyrkjene er bygde ved hjelp av den mest avanserte byggeteknikken for trekonstruksjonar som fans i Nord-Europa frå steinalderen til mellomalderen. Truleg har det totalt vore bygde ca 1300 stavkyrkjer, berre nokre få er bevarte, antalet bevarte stavkyrkjer er høgast i Noreg.      

Urnes vart bygt i andre halvdel av 1100-talet og er ei av dei eldste og best bevarte. Ho er eit eksempel framifrå handverk og dekoren har spesielt flotte treskjæringsarbeid. Interiøret er spesielt rikt dekorert.                          

Kyrkja har spor etter ei eldre kyrkje bygt på same staden. Både dekoren og det øvrige trearbeidet er prega av både keltiske, norrøne og romanske kunsttradisjonar. Kyrkja er dessutan plassert i eit storslått fjordlandskap i Lustrafjorden, ei fjordarm av Sognefjorden.                          

Urnes stavkyrkje var tidlegare privat kyrkje for ei mektig familie på Urnes.

Stavkyrkja på Urnes vart innskreven på Verdsarvlista, lista over verda sin kultur- og naturarv i 1979.

Brosjyre om stavkyrkja