r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Vestnorsk fjordlandskap

Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap omfattar Geirangerfjorden i Møre og Romsdal og Nærøyfjorden i Sogn og Fjordane.

Styvi gard ved sjøkanten i Nærøyfjorden, er ein del av Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Foto: Trond Taugbøl, Riksantikvaren

Dei to spektakulære fjordområda ligg 120 km frå kvarandre og er eksempel på klassiske fjordlandskap i geologisk tyding. Dei  viser utviklinga av landskapet frå siste istid og fram til i dag. Begge områda er døme på unge, aktive isbrelandskap.                          

Spor i landskapet viser at fjordområda har vore brukte av menneske sidan isen trakk seg tilbake for 10 000 år sidan. På små flater langs fjordane ligg gardsbruk, og på berghyllene over fjorden ligg fjellgardar. Dei fleste av dei er no fråflytta.                             

Gardane ligg på stader som gir vern for snø- og steinras. Bosettinga viser at det har vore drive eit nøysomt jordbruk tilpassa ein farefull, men samstundes rik natur. Fleire av dalane i fjellet har setre.                          

Områda er lite påverka av menneske. Utanfor tettbygde stader er det få synlege tekniske inngrep som til dømes kraftledningar mellom brear, snaufjell og fjord. Geirangerfjorden og Nærøyfjorden er difor dei største urørte fjordlandskapa i  Noreg.                          

Vestnorsk fjordlandskap vart innskreve på Verdsarvlista, lista over verda sin kultur- og naturarv i 2005.

Brosjyre om fjordlandskapet