r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Mellemværftet i Kristiansund freda

Mellemværftet i Kristiansund. Foto: Douglas Wilmot / Nordmøre museum.

Skriv

Det tradisjonsrike skipsverftet i Kristiansund har vore i kontinuerleg drift sidan 1800-talet.

Fredinga vart  feira på Mellemværftet i dag med kaffi, kake og musikalsk innslag ved Operaen i Kristiansund. Riksantikvar Jørn Holme overrekte fredingsdiplomet, det synlege beviset på fredingsstatusen, til Nordmøre museums nye direktør, Geir Stave.

– Mellemværftet er eit levande teknisk kulturminne av nasjonal verdi. Verkstaden er i bruk av Nordmøre museum og Mellemværftet Fartøyvernforening, og Mellemværftet er dermed eitt av dei få verfta for treskip som framleis er i drift, seier riksantikvar Jørn Holme.

Med fredinga av Mellemværftet får fredingslista eit naudsynt supplement av maritime kulturminne, ein kulturminnekategori som framleis er mangelfullt representert blant det som er freda her i landet.

Mellemværftet i Kristiansund

Skipsverftet Mellemværftet ligg på vestsida av Vågen, det indre hamneområdet i Kristiansund, og vart anlagt om lag midt på 1800-talet. Området som verftet ligg på, er i eldre kjelder omtalt som oppsettingsstad for jekter. Slike stader skal det ha vore få av i Kristiansundsområdet, og dei var ettertrakta. Det var drift på verftet i heile perioden frå start og til nedlegginga i 1987. I dag er verftet i musealt eige og drift, og del av kulturløypa "Vågen rundt".

Mellemværftet har vore ei viktig brikke i vedlikehald av fiskefartøy, og leverte produkt og tenester ikkje berre til skipsfarten, men også til industrien og handverket. Fleire av eksisterande jakter og galeasar har vore innom Mellemværftet til vedlikehald eller reparasjon. Såleis har skipsverftet òg vore ein sentral aktør som landanlegg for Noregs flytande kulturminne. Anlegget er svært godt bevart, og korkje interiør eller eksteriør er vesentleg endra.

Fredinga

Det er fem bygningar og til saman 11 andre konstruksjonar og byggverk som er omfatta av fredinga. Det som er freda, er verkstaden og bustadhus/kontorbygg med eksteriør og interiør, uthus, materialbrygga, vinsjhuset med eksteriør, de tre slippane Litjhælingen, Mellomhælingen og Storhælingen, to fortøyingspålar på Mellomkaia, den gamle kaifronten av naturstein, rest av tømmerdokk, to steamrenner ved sida av vinsjhuset, fortøyingsring på bergknaus ved tomtegrensa på smikaia og kran på smikaia, og vegetasjon, opphavlege installasjonar og hageanlegg.

Fredingssaka er utarbeidd av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Mellemværftet i Kristiansund.Foto: Siri Wolland, Riksantikvaren