r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Tilskot til fartøy i 2018

Bygderuta «Grytøy» vart i 1954 levert il Grytøy-Harstad Fergeselskap. Foto: Erik G. Småland, Riksantikvaren

Skriv

Riksantikvaren fordeler 61,8 millionar kroner til fartøyvern i 2018. Tilskota går til antikvarisk istandsetjing av freda og verna fartøy over heile landet.

Det er i dag omlag 250 fartøy på Riksantikvaren si verneliste, og 14 av desse er freda. Kvart år fordeler Riksantikvaren tilskot til fartøyvern frå eigen post på statsbudsjettet (kapittel 1429, post 74).

Fleire tusen frivillige legg kvart år ned meir enn 150 000 dugnadstimar på istandsetjing, drift og vedlikehald på dei verna og freda fartøy våre.

– Fartøyvernet er heilt avhengig av den fantastiske jobben som dei frivillige gjer. Dei er òg med på å halde i hevd tradisjonell maritim kunnskap som i dag er borte frå utdanning og arbeidsliv, seier riksantikvar Jørn Holme.

Sjå fylkesvis liste over tilskot nederst i artikkelen.

Ferdigstilling for fleire fartøy

Fleire av fartøya nærmar seg no ferdigstilling og drift, som fiskefartøyet M/S «Hermes» frå 1937, det freda skipet M/S «Granvin» frå 1931, som var første bilførande skip på riksvegen mellom Oslo og Bergen gjennom indre Hardanger, jernbaneferja M/F «Storegut» frå 1956 på Tinnsjøen, lystseglaren «Jærbuen II», bygd av Collin Archer i 1898, og lokalbåten «Hvaler» frå 1892.

To av dei best bevarte dampskipa våre, oppmålingsskipet «Hansteen» frå 1866 og ruteskipet «Børøysund» frå 1908, hadde skade på dampkjelen og var ute av drift i 2017. Reparasjon av klinkbygde skrog og dampkjelar er ikkje lenger vanleg verkstadarbeid, og kunnskapen om dette måtte difor gjenvinnast hjå Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand. Med tilskota for 2018 voner Riksantikvaren at begge fartøya vil vere operative til sommaren.

Mellom større satsingar som skal vidareførast i 2018 er restaureringa av dei to freda skipa M/S «Rogaland» frå 1929, einaste bevarte passasjerskip frå Kystruta Oslo-Bergen, og M/S «Vestgar», ein sjøbuss frå 1957 som representerer siste generasjon lokalskip før dei moderne snøggbåtane overtok passasjertrafikken til sjøs. Også den omfattande restaureringa av «Fremad II» frå 1888 som er eit av dei aller eldste fiskefartøya i Noreg, fraktebåten M/S «Ekar» frå 1915 og lokalbåten «Jøsenfjord» frå 1886 held fram i 2018.

Hurtigruta M/S «Nordstjernen» vart bygd i 1956 for Det Bergenske Dampskipsselskap. Då «Nordstjernen» vart teken ut av ordinær trafikk i 2012, hadde skipet segla i nær halve tida av Hurtigruta si historie. Foto: Erik G. Småland, Riksantikvaren

I tillegg kan mange fartøy som må settast i dokk for kontroll og mindre utbetringar, få behalde sertifikata sine. Til dømes hurtigruta M/S «Nordstjernen» frå 1956, skonnerten «Anna Rogde» frå 1868, og bilferja «Gamle Kragerø» frå 1961. Riksantikvaren har også lagt vekt på å støtte det frivillige arbeidet og gjennomføre mellombels sikringstiltak på fartøy av særleg historisk interesse.

Dessutan får seks fylkeskommunar og ein kommune om lag 4 mill. i tilskot over SAVOS-ordninga. Dette løyser ut tilsvarande sum hjå mottakarane, slik at fylka/kommuna kan fordele til saman 8 mill. kroner til verna fartøy lokalt ved hjelp denne ordninga.

Kven kan få tilskot?

For å kunne søkje Riksantikvaren om tilskot til fartøyvern, må fartøyet ha status som «verna skip». For at eit verna fartøy skal kunne få tilskot, er det særskild to tilhøve som er viktige. Det eine er fartøyet sin kulturhistoriske relevans for norsk maritim verksemd. Det andre er fartøyet sin fysiske tilstand og graden av autentisitet.

Riksantikvaren vurderer også realismen i prosjekta og det lokale engasjementet. Det vert også lagt vekt på at det over tid skal være ei rimeleg geografisk fordeling av midlane. I 2018 satsar Riksantikvaren på framdrift og ferdigstilling på prosjekt som er igangsette, slik at verkstadfasilitetar og tilskotsmidlar vert frigjevne for komande prosjekt.

For 2018 har det kome inn søknader frå 146 fartøy på til saman ca. 252 millionar kroner. Riksantikvaren sitt budsjett på kr. 61 883 000,- det dekkjer berre 25 % av den totale søknadsmassen.  

Fiskebåten «Signe I» bygd i 1908, her fortøydd på utsida av M/K «Fuglø» bygd i 1877, til kai ved Nordnorsk Fartøyvernsenter i Gratangen i Troms. Foto: Erik G. Småland, Riksantikvaren

 

Fylkesvis oversyn over tilskota til fartøyvern 2018

Namn på farty Type Material Byggjeår Tilskot Tilskot per fylke
           
Troms          
Anna Fiskefartøy Tre 1923 91 000  
Anna Rogde Fraktefartøy Tre 1868 25 000  
Grytøy Bygderute Tre 1954 7 305 709  
Signe I Fiskefartøy Tre 1908 7 583  
Sum Troms 7 429 292
           
Nordland          
Anne Bro Fraktefartøy Tre 1911 3 000 000  
Glimt II Fiskefartøy Tre 1933 879 215  
Nordstjernen Fiskefartøy Tre 1937 450 000  
Gamle Salten Kystrute Stål 1953 500 000  
Skogøy Langruteskip Stål 1953 850 000  
Sum Nordland 5 679 215
           
Trøndelag          
Hansteen Oppmålingsskip Jern 1866 1 752 040  
Hermes Fiskefartøy Tre 1937 528 130  
Stoksundferja Bilferje Tre 1963 1 251 732  
Sum Trøndelag 3 531 902
           
Møre og Romsdal          
Bilfergen Bilferje Tre 1921 105 000  
Tafjord Bygderute Tre 1927 450 000  
Sum Møre og Romsdal 555 000
           
Sogn og Fjordane          
Stangfjord Skyssbåt Tre 1933 442 530  
Sum Sogn og Fjordane 442 530
           
Hordaland          
Axel Fraktefartøy Jern 1878 15 000  
Eitrheim Bygderute Tre 1937 7 500  
Folgefonn Bilferje Stål 1938 3 167 197  
Granvin Bilførande lokalskip Stål 1931 2 920 389  
Nordstjernen Hurtigrute Stål 1956 700 000  
Oster Lokalruteskip Stål 1908 200 000  
Skånevik Bilferje Stål 1967 427 350  
Vestgar Lokalruteskip Stål 1957 2 542 487  
Tysnes Bilførande lokalskip Stål 1930 500 000  
Vikingen Fiskefartøy Tre 1915 76 110  
Sum Hordaland 10 556 033
           
Rogaland          
Andholmen Fiskefartøy Tre 1938 116 876  
Ekar Fraktefartøy Stål 1915 1 432 000  
Fremad II Fiskefartøy Tre 1888 4 339 733  
Jøsenfjord Lokalruteskip Jern/stål 1886 4 176 000  
Riskafjord Lokalruteskip Jern 1864 550 000  
Rogaland Kystruten Oslo-Bergen Stål 1929 236 300  
Sum Rogaland 10 850 909
           
Vest-Agder          
Jan Slepebåt Jern 1877 150 000  
Sum Vest-Agder 150 000
           
Telemark          
Gamle Kragerø Bilferje Stål 1961 87 450  
Storegut Jernbaneferje Stål 1956 1 902 027  
FDV Tinnsjøfergene - - - 2 073 082  
Sum Telemark 4 062 559 
           
Vestfold          
Frithjof II Losskøyte Tre 1896 822 920  
Jærbuen II Lystfartøy Tre 1898 1 000 000  
Kysten Langruteskip Stål 1909 375 000  
Sum Vestfold 2 197 920
           
Oppland          
Brandbu Fraktefartøy, seilbåt Stål 1907 2 960 000  
Skibladner Ruteskip Jern 1856 1 366 070  
Sum Oppland 4 326 070
           
Akershus          
Mjøsfærgen Bilferje Stål 1923 765 031  
Sum Akershus 765 031
           
Oslo          
Børøysund Lokalruteskip Stål 1908 1 900 000  
Hamen Lasteskip Stål 1949 770 000  
Sjøbad II Hamneferje Tre 1923 528 800  
Styrbjörn Slepebåt Stål 1910 45 000  
Sum Oslo 3 243 800
           
Østfold          
Hvaler lokalruteskip Stål 1892 436 325  
Jelse fraktefartøy Tre 1760 750 000  
Turisten Passasjerskip Stål 1887 200 000  
Sum Østfold 1 386 325

SAVOS-tilskot til fylkeskommunar og kommunar i 2018

SAVOS-ordninga er ein avtale der Riksantikvaren bidreg med same sum som fylka eller kommunen sjølv løyver til fartøyvern. SAVOS-fylka/kommunen kan difor lokalt fordele det doble av sine eigne løyvingar. Tilskota som vert fordelte lokalt er følgjeleg dobbelt så store som den summen som står oppført for kvart fylke/kommune i dette oversynet.

 

Fylke/kommune Tilskot
Trøndelag Fylkeskommune 648 000
Møre og Romsdal fylkeskommune 500 000
Bremanger kommune 60 000
Hordaland fylkeskommune, restaurering av verna fartøy 840 000
Hordaland fylkeskommune, forvalting og drift av verna fartøy 500 000
Rogaland fylkeskommune 950 000
Oppland fylkeskommune 267 786
Vest-Agder fylkeskommune 300 000
SAVOS til saman 4 065 786

 

Organisasjonar

Norsk Forening for Fartøyvern (NFF) får tilskot til drift og ulike prosjekt over post 74.

 

Namn og føremål Tilskot
Norsk Forening for Fartøyvern, grunntilskot 1 900 000
Norsk Forening for Fartøyvern, Landskonferanse 52 500
Norsk Forening for Fartøyvern, seminaret Fartøyvernets ABC 52 500
NFF til saman 2 005 000

Førehandstilsegn

Riksantikvaren kan gje ein avgrensa sum i førehandstilsegn frå statsbudsjettet for 2019. Slike tilsegn vert gjevne for å sikre framhald i arbeidet ved nokre større prosjekt som går over fleire år.

Namn Type Byggjeår Tilsegn Fylke
Anne Bro Fraktefartøy 1911 4 000 000 Nordland
Folgefonn Bilferje 1938 2 500 000 Hordaland
Gamle Oksøy Fyrtender 1962 771 000 Vest-Agder
Hvaler Lokalruteskip 1892 850 425 Østfold
Polarstar Selfangar 1948 2 000 000 Møre og Romsdal
Stavenes Lokalruteskip 1904 2 371 200 Sogn og Fjordane

Den omfattande restaureringa av «Fremad II» frå 1888, eit av landets aller eldste fiskefartøy, held fram i 2018. Foto: Erik G. Småland, Riksantikvaren