r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Englar og demonar

Utsnitt frå «Demonveggen» i Sauherad kyrkje i Aust-Telemark, som er månadens kulturminne i oktober. Foto: ukjent @ Riksantikvaren

Skriv

Kjem du inn i Sauherad kyrkje, vil du etter kvart kanskje leggje merke til at vestveggen til koret er dekt av eit samanhengande mønstra «teppe». Ser du nøyare etter, kjem hundrevis av figurar og ansikt til syne. Eller demonar, som mange har omtala dei som.

Da altertavla og veggane i koret til Sauherad kyrkje vart restaurert rundt 1940, dukka den eine figuren etter den andre opp på den eine korveggen i kyrkja. Truleg skal det vere rundt 2 800 totalt.

Mange vil gjerne knytte den såkalla «Demonveggen» til presten Jens Christensen Slagelse, som var prest i Sauherad frå 1621 til 1641. Han vart også kalla «sterke-Jens», og skal ha vore «sterkare i handa enn i anda.» Ein slik vegg passa kanskje bra til han? Stemmer dette, tyder det at veggen ikkje vart skadd da kyrkja brann i 1657. «Lite sannsynleg», vil nok andre seie. Truleg kan ein tidfeste dekorasjonane til etter brannen, altså til andre halvdel av 1600-talet.

«Demonveggen» var ikkje synleg for kyrkjelyden, berre for presten og eventuelt for medhjelparane hans. Når presten stod vendt mot korbueveggen framme ved alteret, såg han ei kaotisk verd framfor seg.

Kanskje det skulle minne han på alle farane som finst i verda?

Lytt til den digitale forteljinga om demonveggen på nettstaden Digitalt fortalt.

Sauherad kyrkje i Sauherad kommune i Telemark. Foto: Lene Buskoven @Riksantikvaren

Les meir om Sauherad kyrkje på nettstaden kirkesok.no