r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Riksantikvarens kulturminnepris

Med Riksantikvarens kulturminnepris ynskjer vi å heidra den viktige innsatsen som blir gjort for godt kulturminnevern i lokalmiljøa.

I 2018 fekk Foreningen Gamle Skudeneshavn Riksantikvarens kulturminnepris. Leiar i styret Egil Sørbø (t.h) og styremedlem og tidlegare leiar Helge E. Risdal, saman med riksantikvar Hanna Geiran. Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren.

Entusiastar land og strand rundt gjer ein strålande innsats for å ta vare på våre kulturminne

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

  • bevaring og/eller restaurering av kulturminne
  • formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
  • bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Om prisen

Prisen består av eit kunstverk og diplom. I tillegg mottar vinnaren kr. 25. 000.

Dersom vinnaren er ein offentleg institusjon, vil pengepremien bli gitt til ein frivillig organisasjon eller eigar, som vinnaren kan bestemme.

Kven kan få prisen?

Prisen blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for å ta vare på kulturminne, kulturmiljø og landskap.

Nominasjon

Vinnaren blir valt av ein jury på bakgrunn av nominasjonsforslag. Juryen består av Riksantikvarens leiargruppe.

Nominasjonsfristen for 2019  er 30. juni.

Foreslå din kandidat her