r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Har du funne ein arkeologisk gjenstand?

Skriv

Gjenstandar som er funne i jorda og som er frå før 1537, samiske gjenstandar eldre enn 100 år, mynter frå før 1650, eller gjenstandar funne i sjøen og som er eldre enn 100 år, er staten sin eigedom (etter kulturminnelova § 12 og § 14). Finnar eller grunneigar har altså ikkje eigedomsretten til slike kulturminne.

Finn du slike gjenstandar på land, ta kontakt med fylkeskommunen der funnet er gjort, slik at dei kan registrere funnstaden, og om mogleg kartfeste denne. 

Er funnet gjort under vatn, skal dette ikkje tas opp, men meld frå om funnet til nærmaste museum som har ansvar for maritime kulturminne.

Les om finnarløn her.

Dersom du driv med metallsøking, les om retningslinjene her.