r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Kvernes stavkyrkje – ei rikt måla kyrkje

Kvernes stavkyrkje ligg i Averøy kommune i Møre og Romsdal. Innvendig er kyrkja rikt måla på veggar og i himling. 

Rikt måla interiør frå Kvernes stavkyrkje. Foto: Birger Lindstad © Riksantikvaren 2013.

Kvernes stavkyrke er ei av dei yngre stavkyrkjene i landet.  Kyrkja kan være bygd rundt år 1300 eller seinare. Ho er bygd om fleire gonger, og berre skipet er opphavleg.

Kvernes måla av Johan Friedrich Leonard Dreier (1775-1833) i 1826.

Kyrkja er av  den såkalla «Møretypen», kjenneteikna av eitt eller fleire par mellomstavar i langveggane og mangel på forsterkingar i hjørna og andre bygningsledd. Dette gjer desse kyrkjene mindre stabile for sidetrykk, så utvendige skråstøtter, såkalla skorder, er nødvendig. Det er uvisst om skordene opphavleg var ein del av konstruksjonen.

Kvernes stavkyrkje fotografert i 2002 av Jiri Havran.

Etter at «nykyrkja» vart innvigd i 1893, gjekk Kvernes stavkyrkje ut av ordinær bruk, men ho blir framleis brukt til nokre kyrkjelege aktivitetar. Foto: Karin Axelsen, Riksantikvaren 2008.