r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Samiske kulturminne

Dei samiske kulturminna vitnar om ei rik og variert historie, med vekt på fiske, jakt og fangst i eldre tid – og seinare også reindrift og husdyrhald. 

Nedanfor Falkefloget ved Svartnes i Vardø kommune ligg ein steinring (d. 4-4,5 meter) med ei steinrøys i midten. Ringen er registrert som ein samisk offerring og ligg på ein naken morenerygg, godt synleg frå alle kantar. I nærleiken passerer fleire reinstiar, og ein reknar med at ringen er knytta til den gamle villreinfangsten i området. Han ligg i eit område som er rikt på liknande kulturminne. Foto: Stine Barlindhaug, NIKU

Eit stort mangfald

Eksempel på samiske kulturminne kan vere gravplassar, offerplassar, gammetufter, fangstanlegg, oppbevarings-, mjølke- og merkeplassar for reindrift, sagnstader og ulike typar bygningar. Sjølv om mangfaldet av samiske bygningar er stort, høyrer likevel dei fleste heime innanfor landbruk og busetnad, som for eksempel bustadhus, uthus, høyløer, gammar og stabbur.

Der samisk busetnad og bruk er intakt i dag, er mange av dei samiske kulturminna del av ein levande tradisjon. Tradisjonane kan vere knytt til religiøse aktivitetar, tradisjonell ressursutnytting og naturen – både i kvardagslivet og til mytiske hendingar. Nokre av tradisjonane kan ha svært djupe røter. Det samiske kulturminnevernet har som ei viktig oppgåve å ta vare på tradisjonane og føre desse vidare, slik at det blir lagt til rette for at den samiske kulturarven som er nedfelt i kulturlandskapet kan inngå i samisk kulturutøving i dag.

Samiske kulturminne finn du i eit stort område – i alle fall frå Hedmark i sør til Finnmark i nord. Ettersom store delar av bygningsmassen i dei samiske kjerneområda i Finnmark og Nord-Troms brann ned i sluttfasen av den andre verdskrigen, vil samansetninga av samiske bygningar variere i takt med historie og geografi.

Gamme og tufta etter ei fjerna gamme. Frå ein gamal flyttsameleir på Kvænangsfjellet. Foto: John Hood

Forvaltinga av samiske kulturminne

Riksantikvaren har det overordna direktoratansvaret for kulturminneforvaltinga, men det regionale ansvaret for forvaltinga av samiske kulturminne er lagt til Sametinget (avdeling for miljø, areal og kulturvern) – på same måte som fylkeskommunane har det regionale ansvaret for ikkje-samiske kulturminne.

Klima- og miljødepartementet starta i samråd med Sametinget og Riksantikvaren i 2017 arbeidet med å innføre ei fast fredingsgrense for samiske kulturminne. Arbeidet resulterte i at lov om fast fredingsgrense trådte i kraft 22. juni 2018. Samiske kulturminne frå år 1917 eller eldre er automatisk freda.

Les meir om spørsmålet om grensa for automatisk freding av samiske kulturminne på sida om Bevaringsprogrammet for samiske kulturminne

Bevaringsprogrammet for samiske kulturminne

Arbeidet med å gjennomføre systematiske registreringar og tilstandsvurderingar av samiske kulturminne ("Bevaringsprogrammet for samiske kulturminne") vart starta opp hausten 2011 under leiing av Sametinget.

Målet for programmet er mellom anna å få oversikt over dei samiske bygningane som er automatisk freda innan 2017, og at ein skal ha ein plan for sikring og istandsetting av desse kulturminna.

Les meir om Bevaringsprogrammet for samiske kulturminne her

I tillegg vert samiske kulturlandskap identifisert gjennom prosjektet Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA).

Brygge frå den samiske handelsstaden Sortebekk, Laberg, i Gratangen kommune i Troms. Kulturminnet er en del av KULA-landskap Gratangen og ein automatisk freda samisk bygning. Dei kvitmåla bryggene er karakteristiske for Gratangen. Foto: Ingegerd Holand, Riksantikvaren

Buret på Fagerbakken - en ikonisk samisk bygningstype

Buret på Fagerbakken i Ørjedal, Hattfjelldal kommune. Foto: Elin Kristina Jåma, Sametinget

Les mer om buret på Fagerbakken.

Samisk tradisjonssted og europeisk turistmål

Nordkapphornet og DS Kong Harald. Foto: Anders Beer Wilse, Museene for kystkultur og gjenreisning IKS, via Digitalt Museum

Les om Nordkapphornet og Hornvika