r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

SEFRAK-registeret

Dersom du treng informasjon om eit SEFRAK-bygg, ta kontakt med teknisk etat i kommunen der bygninga er, eller med byantikvaren i dei byane som har slike. For bygninger eldre enn 1850 er det kulturminneansvarlege i fylkeskommunen som skal kontaktast.

I Kartverket sitt eigedomsregister Matrikkelen kan du finne opplysningar om SEFRAK-bygningane, og innsynsløysinga Se eiendom er åpen for alle. Du kan også finne opplysningar om SEFRAK-bygg på nettstaden miljøstatus.no (sjå kartet nedanfor).

Fylkeskommunen oppbevarer originalskjema etter registreringa, medan storparten av fotomaterialet er oppbevart i Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana.

Meldeplikt ved endringar for bygningar eldre enn 1850

Bygningane i SEFRAK-registeret er i utgangspunktet ikkje tillagt spesielle restriksjonar. Registreringa fungerar meir som eit varsko om at kommunen bør ta ei vurdering av verneverdien før det eventuelt blir gitt løyve til å endre, flytte eller rive bygninga.

For meldepliktige bygningar (bygningar som er eldre enn 1850), er det lovfesta i §25 i Kulturminnelova at ei vurdering av verneverdien MÅ gjerast før søknad om endring eller rivning kan bli godkjent.

Saksgang for endring på meldepliktig bygning:

  • Eigar må søke kommunen om alle endringar på bygninga.
  • Kommunen sender søknaden til fylkeskommunen som skal uttale seg om søknaden FØR kommunen fatter vedtak.
  • Kommunen skal melde alle endringar på bygninga til fylkeskommunen.

 
Kommunen kan gi løyve til riving sjølv om kulturminnemyndigheitene i fylkeskommunen tilrår at bygget bør vernast.

Kart fra Miljøstatus over SEFRAK-bygg, velg "Utforsk kart" for større versjon.

Vedlikehald av SEFRAK-data – kommunen sitt ansvar

Dersom feil, som SEFRAK-bygg er knytt til galt bygningsnummer eller feilaktig informasjon er oppgitt, blir oppdaga i registeret har fylkeskommunen ansvar for å endre dette i SEFRAK-modulen i Matrikkelen. Når eit SEFRAK-bygg endrar status (rives, brenner, etc.)  er det kommunen som har ansvar registrere dette i Matrikkelen.

WMS-teneste

Riksantikvaren publiserer data frå SEFRAK-registeret som ei WMS-teneste til bruk i geografiske informasjonssystem (GIS).

Formålet med SEFRAK-registeret

SEFRAK-registeret er først og framst eit generelt kulturhistorisk register som særleg har verdi som kjeldemateriale for den lokale historia. Registeret blir også brukt av forvaltninga for å finne verneverdige bygningar i lokalmiljøet, og i det kommunale planarbeidet.

Bakgrunn

SEFRAK = "Sekretariatet For Registrering Av Faste Kulturminne i Noreg".

SEFRAK-registreringa vart gjennomført i åra 1975-1995. Bygningar bygde før 1900 vart registrerte over heile landet, med unntak frå i Finnmark der bygg før 1945 vart registrerte.

Kulturminna vart kartfesta, oppmålt og fotografert.

I alt er det registrert omlag 515.000 einingar.