Stavkirker

Heddal stavkyrkje

Frå utsida er Heddal eit storslått syn: Tak over tak, fleire spir, tårnhetter med kors, gavlspissar utsmykka med utskårne dragehovud, og heile bygningen er kledd i spon. Men den har vore gjennom to omfattende ombyggingar, og såg ikkje slik ut i mellomalderen.

Heddal Stavkyrkje Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren

Heddal er i dag den største av dei i alt 28 bevarte stavkyrkjene i Noreg. Den er bygd i to høgder, som gjer at ho når heile 26 meter over bakken. Truleg har kyrkja i alle åra den har eksistert vore nytta som soknekyrkje. I tillegg har den faktisk vore eit populært turistmål i snart 200 år. I dei siste åra har talet på besøkjande vore rundt 15-20.000 personar, og omvisertenestene i kyrkja har eksistert i over 35 år.

Restar av eldre byggemateriale, påvist ved dendrokronologiske undersøkingar, gjer at ein trur at det kan ha vore ei eldre kyrkje på staden.

Kyrkja spelte ei viktig rolle i for bevaringa av dei norske stavkyrkjene. Det var den første stavkyrkja som vart skildra i tekst og teikning i ein publikasjon. Johannes Flintoe teika og skreiv eit kapittel om den i boka Samlinger til det Norske Folks Sprog og Historie, som kom ut i 1834.

Eksteriør – Heddal stavkyrkje
Foto: Franz Wilhelm Schiertz, Riksantikvaren
Eksteriør – Heddal stavkyrkje
Foto: Franz Wilhelm Schiertz, Riksantikvaren
Eksteriør – Heddal stavkyrkje
Foto: P. Hansen, Riksantikvaren
Interiør – Heddal stavkyrkje
Foto: Gudolf Blakstad, Riksantikvaren
Interiør – Heddal stavkyrkje
Foto: P. Hansen, Riksantikvaren
Interiør – Heddal Stavkyrkje
Foto: Andreas Georg Bull, Riksantikvaren
Detaljar – Heddal stavkyrkje
Foto: Lilla Georgine Hansen, Riksantikvaren
Detaljar – Heddal stavkyrkje
Foto: Franz Wilhelm Schiertz, Riksantikvaren
Detaljar – Heddal stavkyrkje
Foto: Ivar Næss, Riksantikvaren
Detaljar – Heddal Stavkyrkje
Foto: Heinrich Ernst Schirmer, Riksantikvaren
Detaljar – Heddal Stavkyrkje
Foto: Heinrich Ernst Schirmer, Riksantikvaren
Detaljar – Heddal Stavkyrkje
Foto: Heinrich Ernst Schirmer, Riksantikvaren

Kyrkja er sterkt ombygd. Ho har gjennomgått omfattande endringar i to omgangar sidan 1849, slik at det i dag ikkje er mykje att av mellomlalderstavkyrkja. Men hovudvolumet er stort sett som før ombyggingane.

Portalen er frå mellomalderen og er rikt utskåren med rankar og dragar.

Heddal stavkyrkje er eigd av Heddal sokn. Den har ei eiga omvisarteneste og det er mogleg å vitje stavkyrkja. Du kan lese meir om kyrkja her.

 

Takk til Vestfold og Telemark fylkeskommune for lån av 3D-modell

Publisert: 2. april 2020 | Endret: 14. januar 2021