Deportasjonsmonumentet

Deportasjonsmonumentet på Akershuskaia i Oslo er eit viktig kulturminne, og ein stad å minnast overgrepa mot den jødiske befolkninga under den andre verdskrigen.

Jødiske kulturminner, her ved deportasjonsmonumentet på Akershuskaia.
Deportasjonsmonumentet er eit minnesmerke over norske jødar som vart deportert i krigsåra. Kunstnaren Antony Gormley har skapt monumentet. Foto: Trond Isaksen.

Om kulturminnet

“Site of Remembrance/Stad for erindring” er eit minnesmerke over norske jødar som vart deportert i krigsåra 1942 og 1943. I alt vart 773 jødar sendt til dødsleirar Auschwitz, og berre 35 overlevde.

Den første deportasjonen skjedde 20. november 1942, då 21 personar blei deportert med skipet «Monte Rosa». Dei fleste vart deportert 26. november 1942, då DS Donau gjekk ut med 529 personar om bord. Same dag vart også 26 personar sendt med lasteskipet «Monte Rosa», og seinare vart ytterlegare 158 deportert den 25. februar 1943 med skipet «Gotenland».

 

Bakgrunn for fredinga

Riksantikvaren har ei målsetjing om at heile befolkninga skal være representert på fredingslistene. I samband med Riksantikvarens satsing på kulturminne etter våre nasjonale minoritetar, er eit utval kulturmiljø etter jødanes historie i Noreg valt ut for freding.

Bakgrunnen for denne nasjonale satsinga er ei kartlegging av freda kulturminne i Noreg frå 2011, der det vart avdekka at svært få kulturminne knytt til nasjonale minoritetar var representert på fredingslista. Representantar frå jødiske organisasjonar har delteke aktivt i kartlegginga og utvalet av kulturminne. Saman syner dei bredde og mangfald i jødisk liv og historie i Noreg.

Kulturminnene som vert valt ut til freding skal vere representative for jødisk liv og historie i Noreg, og bidra til å ta vare på jødisk historie i ein europeisk samanheng. Arbeidet er forankra i dei europeiske rammekonvensjonane om vern av nasjonale minoritetar frå 1993 og fleire stortingsmeldingar.

Minnesmerket er plassert ved Akershuskaia, utanfor festningsmuren til Akershus festning. Det består av åtte setelause stolar, spreidd utover på ein grasplen. Stolane vender seg ut mot kaia og Oslofjorden, med utsikt til leia der skipa drog forbi under deportasjonane. Stolane er i stål, og står stilt opp både i par og enkeltvis.

Kunstverket er utført av den britiske skulptøren Antony Gormley (fødd 1950) på oppdrag frå den norske stat. Minnesmerket vart avduka 25. oktober 2000, og har sidan vore ein viktig stad for den jødiske befolkninga

Deportasjonsmonumentet er eit særs viktig jødisk kulturminne.
Vakkert område rundt deportasjonsmonumentet. Også området rundt stolane skal takas vare på. Difor er trea også freda. Foto: Trond Isaksen.

Føremål med fredinga

Føremålet med fredinga er å ta vare på deportasjonsmonumentet som eit kulturhistorisk viktig minnesmerke til minne om dei norske jødane som vart deportert og drepne under andre verdskrigen. Fredinga skal sikre kunstverket med dei åtte seteløse stolane, samanhengen mellom stolane, samt kulturhistoriske verdiar knytt til heile området, og med det kunstverkets utforming, utsjånad og materialbruk. Føremålet med fredinga av grøntområdet er å ta vare på plassen rundt minnesmerket, og fredinga skal sikre trea innafor området som del av den kunstnariske utforminga.

Deportasjonsmonumentet er eit viktig jødisk kulturminne.
Ein stol åleine. Stolane er laga i stål, og der står parvis eller einsamme på sletta nedanfor Akershus festning. Foto: Trond Isaksen.
Deportasjonsmonumentet sett ovanifrå.
Akershuskaia. Fra monumentet og Akershus ser ein ut over leia der skipa med dei deporerte jødane for. Foto: Ingrid Melgård.

Omfanget av fredningen

Fredinga omfattar monumentet med dei åtte stolane på soklar, utforminga, materialbruken og overflatebehandlinga. Den omfattar også grøntområdet som strekk seg frå festningsmuren til fortauet, inkludert trea som står innanfor området. Lysmastar, lyskastarar, vegskilt og betongsokkel med informasjonsskilt er ikkje freda.

Kart

  • Fredningsår

    24.11.2022

  • Region

    Oslo

  • Eierskap

    Offentlig

  • Datering

    2000

  • Enkeltminne

    Utomhuselement: Monument-minnesmerke