Kong Oscars gate 70 i Bergen

Det vesle, særprega hjørnebygget i jugendstil er karakteristisk både for samtida og arkitekt og kunstnar Einar Oscar Schou. Bygget er og eit døme på at arkitekten kunne vere både arkitekt og kunstnar på same bygg. Dette gir kulturminnet sjeldne kvalitetar som har nasjonal verdi.

Bilde av Bygarden er oppført i 1910 i mur med to fulle etasjar, loft og kjellar. I murfasaden kan ein tydeleg sjå eksempel på den eigenarta dekoren som har trekk frå jugendstilen i Tyskland og Austerrike. Her frå fasade mot Richard Nordraaksgate. Foto er tatt av Linn Brox, Riksantikvaren
Kong Oscars Gate 70. Bygarden er oppført i 1910 i mur med to fulle etasjar, loft og kjellar. I murfasaden kan ein tydeleg sjå eksempel på den eigenarta dekoren som har trekk frå jugendstilen i Tyskland og Austerrike. Her frå fasade mot Richard Nordraaksgate. Foto: Linn Brox, Riksantikvaren

Om kulturminnet

Bygarden som ligg på hjørnet av Kong Oscars gate og Rikard Nordraaks gate i Bergen er særs godt bevart, og skil seg ut frå dei andre bygningane i området, både på grunn av storleik, arkitektur, farge og detaljering. Baksida av bygarden grenser mot kyrkjegarden St. Jakob.

Den første eigaren, Andreas Falkenberg som var direktør for Bergens elektriske sporvei, budde i øverste etasjen og loftet, med familie og tjenestejenter – i alt 13 bebuarar. Dei budde der heilt fram til 1913. Då vart bygarden solgt. Bueininga i etasjen under var leigd ut.

Bygninga er gulmåla med grøn farge rundt vindauga og på dører. Taket er tekt med glasert, raud tegl, medan muren på den delvis nedgravde kjellaren er kvitmåla.

Den avrunda hjørnefasaden har tre høge, smale vindauge i dei to hovedetasjane med eit trekantforma vindauge på toppen i loftsetasjen. På begge ytterveggane er det store vindauge. Den øverste etasjen har karnapp med vindauge mot Kong Oscars gate.

Den eigenarta dekoren på fasaden som viser seg som mellom anna geometriske variantar av relieffband, bølgande band i fasaden, og som stiliserte ornament mellom anna utført i teglstein.

Det freda hovedtrappeløpet mellom etasjane er det mest opphavelege i bygget.

I åra 2011 – 2013 var bygarden pussa opp i samarbeid med Hordaland fylkeskommune. Bygget fekk då to bueiningar i både dei to hovedetasjane og på loftet.

Om arkitekten

Bygarden i Kong Oscars gate 70 er teikna av arkitekt Einar Oscar Schou (1877-1966). Schou var fødd i Kristiania og var elev ved Den Kongelige Tegneskole. Han fullførte arkitektutdanninga si ved kunstakademiet i Stockholm.

Einar Schou fekk interesse for jugendstilen dei åra han budde i Sverige, der samtida i større grad var påverka av arkitektur frå Tyskland og Austerrike. Schou er mest kjend for å ha teikna tilbygget til teaterbygget Den Nationale Scene i Bergen, som sto ferdig i 1909.

Bildet viser baksida av bygarden mot kyrkjegarden og med det tårnforma trappehuset. Foto: Linn Brox Riksantikvaren
Kong Osacars Gate 70. Baksida av bygarden, mot kyrkjegarden og med det tårnforma trappehuset. Foto: Linn Brox, Riksantikvaren

Omfanget av fredinga

Fredinga omfattar bygarden i Kong Oscars gate 70, med gardsplassen og muren med inngang frå Kong Oscars gate.

Fredinga omfattar eksteriøret til bygarden og interiøret i hovedtrappa frå 1. etasje til loftesetasjen.

Fredinga av gardsplassen omfattar dekket på gardsplassen og muren mot Kong Oscarsgate.

Biletet visar Opninga i den freda muren inn frå Kong Oscars gate leder inn til gardsrommet med den steinlagde gardsplassen og hovedinngangen. På andre side av gata ligg Zander Kaaes Stiftelse. Foto: Linn Brox Riksantikvaren
Frå inngangspartiet. Opninga i den freda muren inn frå Kong Oscars gate, leder inn til gardsrommet med den steinlagde gardsplassen og hovedinngangen. På andre side av gata ligg Zander Kaaes Stiftelse. Foto: Linn Brox, Riksantikvaren

Føremålet med fredinga

Føremålet med fredinga er å sikre Kong Oscars gate 70 som eit kulturhistorisk og arkitektonisk viktig døme på eit bygardsanlegg i jugendstil.

Føremålet med fredinga av interiøret i trapperommet er å sikre rominndeling, bygningsdelar og overflater.

Føremålet med fredinga av gardsplassen er å sikre heilskapen i anlegget og utforminga av gardsplassen, og muren mot Kong Oscars gate.

Les meir detaljert om omfanget av og føremålet med fredinga i fredningsbrevet.

Kart over Kong Oscars gate 70

  • Fredningsår

    29.10.2018

  • Region

    Vestlandet

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    1910

  • Enkeltminne

    Bygning: Bygård