Odals Værk

Odals Værk er eit sjeldan godt bevart døme på eit stort og viktig anlegg i Innlandet, med spor frå næring og levd liv dei siste 200 åra.

Odals Værk er eit vakkert anlegg.
Eit vakkert anlegg. Gjennom tidane har eigarane ved Odals Værk lagt mykje vekt på hageanlegget. I dag er det godt bevart. Foto: Cathrine Skredderstuen, Riksantikvaren

Om kulturminnet

På slutten av 1600-talet fann dei jernmalm i grunnen under Valstad gard, og her vert seinare Odals Værk etablert. Verket ligg i Sør-Odal kommune, ikkje langt frå Glomma, og med skog og vassdrag i nærleiken var det lettvint å skaffe energi til verksemda. Verksemda vaks fram som eit eige samfunn, med jernverk, sagbruk, landbruk med 65 husmannsplassar og treskelåve, teglverk, brenneri og bryggeri og tilhøyrande skule og fattigvesen. På jernverket produserte dei ei rekkje små og store produkt, som til dømes omnar, spiker og kanonrør. Verket blomstra i tida frå 1764 og til 1823, men i 1835 vart jernverket avvikla og drifta retta meir mot dei andre næringane på eigedomen.

Den allsidige næringshistoria er godt synleg i verkets store og vel bevarte bygningar samt uteområda. I dag er Odals Værk eit aktivt gardsbruk.
Hovudbygningen og dei to sidebygningane på verket vart freda allereie i 1941. Dei store grøntanlegga visar eit tidsspenn på knappe 200 år, med spor av formelle hagestilar, romantiske landskapsparkar, samt anlegg med nyklassisistisk preg. I dag er grøntanlegga forenkla samanlikna med tidlegare.

Antakeleg hadde hagen ved hovudbygningen ein formal stil, før den vert lagt om til ein landskapspark ein gong før 1847. I hagen står ein særeigen kinesisk- inspirert hagepaviljong, noko som er eit døme på tidleg påverking av europeisk hagemote.

Etter krigen vert områda nær hovudbygningen, som i dag kallas «Privathagen», endra etter ein plan frå hagearkitekt Sigrid Hotvedt. Privathagen fekk då eit nyklassisistisk uttrykk. Dammen i hagen vest for hovudbygningen skal være anlagt av Andreas Grüning i 1820-årene, men sjølve hageanlegget kan vere eldre. I åsen over garden finnes ein skogspark, med slyngande stiar og særeigne strukturar som ei “kaffigrotte” og utsiktspunkt.

Bakgrunn for fredinga

Odals Værk er eit særleg godt ivareteken anlegg med ei historie som strekk seg over fleire hundre år. Verket har spor etter fleire sosiale sjikt knytt til drifta. Fredinga vil gjere Odals Værk synleg som ein viktig samfunnsbyggjar og ein stor arbeidsplass lokalt i fortida. Difor skal fredinga vise verksemdas historie og utvikling over 200 år, med tilpassing til dei ulike driftsforma på staden. Det er viktig å ta vare på husmannsplassen Nordre Vika som eit døme på kor viktig husmannsvesenet var for verksemda. I alt har anlegget store kunnskaps- og opplevingsverdiar.

Kruthuset og kornmagasinet er, i tillegg til hovudbygningane, dei einaste bygga som står att frå jernverksperioden. Dei er difor viktige å ta vare på, saman med driftsbygningar som bryggerigang og bryggerikjeller, treskelåve og låve som saman viser den mangfaldige drifta ved verket. Fredinga omfattar også delar av innsjøen Fløyta, som var demma opp slik at vasskrafta kunne nyttas til drifta. I tillegg vert snikkarbua og reiskapsbua med jordkjellar freda.

Hagane og parkane ved Odals Værk speglar ein lang periode med skiftande ideal, og både enkeltvis og samla har grøntanlegga ved Odals Værk stor hagehistorisk verdi.

Kruthuset på Odals Værk Dette er ein av dei få bygningane som står etter jernverksverksemda. I kruthuset vart krutet oppbevart sikkert. Foto: Cathrine Skredderstuen , Riksantikvaren

Formålet med fredinga

Formålet med fredinga er å ta vare på Odals Værk som eit anlegg med høg arkitektonisk og kulturhistorisk verdi. Anlegget viser kulturminne knytt til industri og landbruk i perioden frå 1764 og fram til ca. 1950. Fredinga skal sikre at bygningar, hage og parkar kan vise sine særtrekk frå ulike tidsperiodar for nye generasjonar, og skal ivareta arkitektur og samanheng mellom bygningar og uteområde. Dei materielle spora etter verksemda og mangfaldet i buform og livsførsel i ulike sosiale sjikt skal bevarast.

Odals Værk Skog og vassvegar var ein viktig faktor for at verksemda ved Odals Værk blei til. Foto: Cathrine Skredderstuen, Riksantikvaren
I den historiske hagen står det en kinesisk-inspirert paviljong.
Den kinesiske paviljongen i Sør-Odal. I den historiske hagen står det ein kinesisk-inspirert paviljong. Foto: May Britt Håbjørg, Riksantikvaren

Omfanget av fredinga av Odals Værk

På Odals Værk blir både bygningar, anlegg og områda rundt verket freda.
10 bygningar blir freda både utvendig og innvendig, medan eit bygg vert freda berre utvendig. Grøntanlegg, gardsplassar, vegar med gjerde og murar, samt fleire dammar og anlegg i elva vert også freda.
I områda rundt verket vert innmark og beiteområde, vatnet Fløyta og område rundt sagbruksdrifta, samt tidlegare hageareal freda.

Sjå meir om Odals Værk på nettsida til bruket.

Odals Værk i 1922 Gardstunet i 1922.
Foto: Scheen, Riksantikvaren
Tunet er godt bevart. Hovudbygningen har frittståande sidebygningar. Fredinga skal bevare anlegget som eit bygningshistorisk og kulturhistorisk viktig verksmiljø frå andre halvdel av 1700-talet. 
Foto: May Britt Håbjørg, Riksantikvaren
Hovudbygningen på Odals Værk. Hovudbygningen er stor og staseleg.
Foto: May Britt Håbjørg, Riksantikvaren

Kart

  • Fredningsår

    25.08.2022

  • Region

    Innlandet

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    Slutten av 1600-taler og framover

  • Lokaliteter

    Bebyggelse-Infrastruktur: Bergverk-gruveanlegg