Severinbrauta i Norddal freda

Severinbrauta i Norddal er eit svært godt bevart døme på ein husmannsplass frå 1870-talet. Anlegget er hausten 2013 freda av Riksantikvaren.

Severinbrauta husmannsplass i Norddal. Foto: Berit Rønsen, Møre og Romsdal fylkeskommune, 2009
Severinbrauta husmannsplass i Norddal. Foto: Berit Rønsen, Møre og Romsdal fylkeskommune, 2009

─ Husmannsplassen Severinbrauta, med bygningar, hage og slåtteng som eit samla anlegg, har høg nasjonal verdi. Det er ikkje mange slike husmannsanlegg som er bevart i Noreg, seier riksantikvar Jørn Holme.

Severinbrauta er ein husmannsplass med stovebygning, løe og fjøs. Hageanlegget, som består av frukt-/bærhage, urte-/staudehage samt slåtteeng, er bevart i sin opphavlege form. På husmannsplassar er dette sjeldsynt. Hageanlegget kan difor vere unikt i nasjonal samanheng.

Severinbrauta er eit godt døme på korleis ein har tilpassa seg eit ulendt og bratt terreng og utnytta moglegheitene med jordbruk og nyttehage. Bygningane står nær uendra sidan slutten av 1800-talet, og anlegget har difor særs høg kulturhistorisk og arkitektonisk verdi.

Løe/fjøsbygningens østfasade. Foto: Berit Rønsen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Løe/fjøsbygningens østfasade Foto: Berit Rønsen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stuebygningens østfasade. Foto: Berit Rønsen, Møre og Romsdal fylkeskommune
Stuebygningens østfasade Foto: Berit Rønsen, Møre og Romsdal fylkeskommune

Kart

  • Fredningsår

    07.11.2013

  • Region

    Møre og Romsdal

  • Eierskap

    Offentlig

  • Datering

    1872

  • Enkeltminne

    Bygning: Bolig