Skodjebruene

Dei imponerande Skodjebruene er framifrå døme på ingeniørkunst av ypparste slag, der dei ligg vakkert til på vegstrekninga som tidlegare var ein del av fylkesveg 661 i Møre og Romsdal. Det freda bruanlegget, som vart offisielt opna i 1922, er ein viktig del av veghistoria på Sunnmøre.

Bruene i all si prakt. Foto: Ruben Molnes
Skodjebruene. Bruene i all si prakt. Foto: Ruben Molnes

To bruer

Skodjebruene, to buebruer av stein på vegen over Ellingsøya ved Ålesund til Skodje i Møre og Romsdal, vart bygde i åra 1911-1919. Dei krysser Storstraumen og Heggestraumen via Storholmen, og var i bruk for biltrafikk heilt fram til 2004 då den nye Straumsbrua vart opna.

Skodjebruene byggast

I 1892 vart idéen om bygging av eit brusamband over straumane, lansert av vegdirektør Krag i Oslo. Overingeniør Hovdenakk ved vegkontoret i Molde utarbeidde planen for arbeidet. Sambandet skulle først bestå av to jarnbruer, men seinare vart det bestemt at dei skulle byggast av stein, fordi dette var sett på som meir gunstig for å halde bruene vedlike.

Brusambandet har to buebruer, ein tunell og ei fylling med gjennomlaup. Brua over Storstraumen har ei spennvidde på 59 meter, det lengste spennet for steinbruer på vegnettet i Noreg, medan spennvidda på brua over Eggestraumen er 40 meter.

Utforminga av bruene er bortimot lik. Dei er vakkert bygde av tradisjonell, handhogd stein, der ulike delar av konstruksjonen har innslag av teglstein. Vegtunellen på den same strekninga var den første tunellen i fylket, og er svært godt teken vare på. Bruprosjektet vart sett på som eit stort og avansert byggeprosjekt i si tid.

Både Heggestraumen bru og Storestraumen bru er del av fredinga. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune kulturavdelinga.
Skodjebruene. Både Heggestraumen bru og Storestraumen bru er del av fredinga. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune, kulturavdelinga.

Buebruer – historikk

Byrjinga av 1900-talet var ei ny tid for bygging av bruer i Noreg.  Ein ny handverkstradisjon for å utvinne og bearbeide stein og muring av bogar vaks fram. Steinen var ofte frå det området brua vart bygd. I dag er desse gamle buebruene mellom dei vakraste byggverka vi har, fordi dei kombinerer den gode kvaliteten på steinhandverket med eigenskapane til steinen.

Ein veit ikkje når denne typen brukonstruksjonar vart teken i bruk i Noreg. Den første køyrevegen i Noreg, Gamle Kongsbergveg som vart anlagt i åra 1624-1627, hadde kanskje ei slik bru.  Frå slutten av 1800-talet og fram til ca. 1930 vart det bygt mange veg- og jernbanebruer på denne måten, før betongen og stålet overtok som byggemateriale.

Også buebruer for jernbanen

Frå 1880-åra vart det også bygt fleire buebruer i stein for jernbanen. Dei største og vakraste bruene er på Dovrebanen og Raumabanen. På Raumabanen er Jora bru (1918) den største, og Kylling bru (1923) den mest fotograferte. Den er til og med avbilda på eit norsk frimerke.

Nasjonal verneplan

Skodjebruene er ein del av den Nasjonale verneplanen for veger, bruer og vegrelaterte kulturminne, utarbeidd av Statens vegvesen i 2002.

Kart

Kart over Skodjebruene
  • Fredningsår

    04.06.2015

  • Region

    Møre og Romsdal

  • Eierskap

    Offentlig

  • Datering

    1900 tallet

  • Enkeltminne

    Teknisk/Industrielt minne: Hvelvbru