Stranges stiftelse

Stranges stiftelse ble oppretta i 1609 av rådmann Strange Jørgensen i 1609, og utvikla seg i fleire trinn frå å være ei redning for utvalde «verdige trengande» til å bli ei eldrebustad for kvinner. Institusjonen representerer over 350 år med norsk sosialhistorie.

Stranges Stiftelse – fasade sett mot sør. På gatefasaden har vindauga listverk i enkel sveitsarstil, med eit skråstilt vassbord, støtta av profilerte knektar, over vindauga Eksteriøret mot gata må vera fornya på slutten av 1800-talet, sidan kledning, vindauge, dører og listverk har eit enkelt sveitsarstilpreg. På dei andre veggene er vindauga også for det meste frå seint 1800- eller tidleg 1900- tal, medan kledninga er eldre.
Foto: Hordaland fylkeskommune
Stranges stiftelse antatt fotografert rundt forrige århundreskifte.
Foto: Knud Knudsen/ Universitet i Bergens fotoarkiv
Salen i Stranges stiftelse avbilda i 1880 åra
Foto: Ukjent fotograf. Henta frå Bergen bys historie bind III.

Om kulturminnet

Stranges Stiftelse var ophavleg ein heim for fattige kvinner, oppretta i 1609 som ein gåve frå rådmann Strange Jørgenssøn (1539–1610). Den blir kalla ein av dei Milde stiftelser. Heimen hadde i starten 9 plassar, og stod under tilsyn av residerande kapellan i Domkirka. Bygninga frå 1751 vart oppført med 31 plassar. Eit offentleg forstandarskap overtok bestyrelsen i 1758, og etter kvart vart kapasiteten redusert til 15 plassar.  I 1914 vart fattighuset omdanna til ein stiftelse, og Stranges Stiftelse vart driven som kommunalt gamleheim fram til 1972 da Fortidsminneforeninga flytta inn i 1973.

På det meste romma stiftinga rundt 30 kvinner som ikkje lenger kunne forsørgja seg sjølve, og som her fekk fri bustad livet ut. Stranges Stiftelse var ein av fleire tilsvarande «milde stiftelsar» eller «fattighus», som spela ei viktig rolle i sosialomsorga i dei norske byane i tidleg moderne tid.

Stranges Stiftelse ligg i Klostergaten, som er ein del av det samanhengande vegfaret langsmed ryggen øvst på Nordneshalvøya. Husrekkja langs sørsida av Klostergaten utgjer den øvre avgrensinga av den samanhengande bureisninga som dekkjer heile sørsida av Nordnes, i skråninga ned mot Nøstebukten. Dette bystroket vaks fram på 1600- talet, og gate- og eigedomsstrukturen er for ein stor del frå denne tida.

Bakgrunn for fredinga

Stiftinga er ein karakteristisk representant for fattighusa for «verdige trengjande», eit viktig ledd i sosialomsorga i byane i tidleg moderne tid. Huset kan ses som ein motpol til bygningar som det har vore meir vanleg å ivareta frå denne tida, slik som overklassen sine praktbygnader. Stranges Stiftelse er eit døme på arkitektur der funksjon er særs tydeleg, og utgjer eit viktig supplement til mangfaldet av fredingsverdige kulturminne. Den kulturhistoriske verdien blir forsterka av stiftinga si særs lange, kontinuerlege historie. Dette gjer Stranges Stiftelse til eit monument over meir enn 350 års sosialhistorie.

Det er ukjent kven som er arkitekten bak den noverande bygningen som vart oppført i 1751 med bidrag frå brørne Hendrich og Diderich Fasmer og Berent og Jan Frøchen. Bygningen er med si utforming både sjeldsynt og samstundes representativ for hospitalarkitekturen i eit felleseuropeisk perspektiv.

Inngangsdøra er ei tofløya fyllingsdør i enkel sveitsarstil. Døromramminga er utforma som ein enkel portal med klassiserande preg: breie, profilerte lister som ber eit rektangulært øverstykkje krona av eit vassbrett. På det glatte midtfeltet på øverstykkje er «Stranges Stiftelse» skrive i frakturskrift. Foto: Hordaland fylkeskommune

Formålet med fredinga

Formålet med fredinga er å bevare Stranges Stiftelse som eit kulturhistorisk og arkitektonisk døme på ein institusjonsbygning frå 1700-talet. Bygningen har vore i drift som sosial institusjon gjennom fleire hundre år på same staden. Stranges stiftelse er ei sjeldan type bygning, og i norsk arkitekturhistorisk samanheng truleg særmerkt for Bergen.

Fredinga skal sikre den innbyrdes samanhengen i bygningen, samt kulturhistoriske verdiar knytte til anlegget som heilskap. Fredinga av eksteriøret til bygningen skal sikre arkitekturen. Både hovudstrukturen i den arkitektoniske utforminga og detaljer, så som fasadeløysing, opphavlege/eldre vindauge og dører, materialbruk og overflater, skal oppretthaldast.

Formålet skal bevare rominndeling, bygningsdelar og overflater i dei delane i det freda interiøret. Fast og spesifisert laust inventar skal bevarast som ein integrert del av interiøret.  Fredinga av gangpassasje og bakgarden med tilkomst til uthustilbygg og toalett skal sikre heilskapen slik at forståinga for spesielle funksjoner knytt til institusjonen blir ivaretatt. Fredinga av desse uteområda skal òg sikre at bygninga si plassering i eit tradisjonelt bymessig bygnadsmønster blir bevart.

Tilbygget, heretter kalla mellombygninga og uthusbygninga, mot sør består av to samankopla einetasjes bygningsvolum av standarverkskonstruksjon. Mellombygninga er bygd inntil vestre del av sørveggen slik at det utgjer vestsida i ein liten bakgard, uthusbygninga langs sørsida av bakgarden. Foto: Hordaland fylkeskommune

Omfanget av fredinga på Stranges stiftelse

Fredinga etter kulturminnelova § 15 omfattar bygning på gards- og bruksnr. 165/272 med uteareala, som vist i kart.

Fredinga etter §15 omfattar følgjanda:

  • Hovudbygning med uthusfløy (Askeladden-ID 174313-1)
  • Uteområde (Askeladden-ID 174313-2)

Fredinga omfattar eksteriøret og interiøret til bygningen frå før 1972 og inkluderer hovudelement som planløysing, materialbruk og overflatehandsaming og detaljar som vindauge, dører, gerikter, listverk, eldstader og fast inventar.

Av fast inventar reknast fastmonterte gjenstandar frå før 1972, til dømes veggfaste møblar.

To portrettmåleri frå 1650 av to sentrale personar frå stiftinga si første tid inngår i fredinga som større laust inventar, og er nærare spesifisert i dokumentasjonsvedlegg 2.

Fredinga omfattar heile uteområdet på eigedomen, med dropefall, gangpassasje og bakgard.

Kart over fredning

  • Fredningsår

    19.05.2022

  • Region

    Vestlandet

  • Eierskap

    Privat

  • Datering

    1700 tallet, tredje kvartal

  • Lokaliteter

    Bebyggelse-Infrastruktur: Humanitær institusjon