Nyheter

Funn av runestein vekker oppsikt

Runesteinen “Svingerudsteinen” vart avdekka under ei utgraving i 2021. Den kan gje oss ny kunnskap om runehistoria.

Publisert: 17. januar 2023 | Endret: 29. januar 2024

Svingerudsteinen I 2021 vart steinen som no kallast "Svingerudsteinen" funnen ei arkeologisk utgraving i samband med utbygging av Ringeriksbanen og E16. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

Kulturhistorisk museum kunngjorde i dag funnet av ein runestein. Steinen vart funne i 2021, under ei utgraving av eit gravfelt ved Svingerud i Hole kommune. Utgravinga er gjennomført i samband med utbygginga Ringeriksbanen.

Ringeriksbanen og E16

Steinen er gravd ut i samband med utbygginga av Ringeriksbanen og E16 der Nye veier AS er tiltakshavar. Prosjektet er eit fellesprosjekt for veg og jernbane. Målet er å kutte ned reisetida med tog mellom Hønefoss og Oslo med om lag ein time, og samstundes kutte reisetida med Bergensbanen like mykje. Ringeriksbanen er ein del av InterCity-satsinga, og planleggjast som ein 40 km lang dobbeltspora jerbanetrase frå Sandvika i Bærum kommune til Hønefoss i Ringerike kommune. Ny E16 er planlagt som 24 km firefelts motorveg mellom Skaret og Hønefoss, men berre delstrekninga mellom Høgkastet og Hønefoss (15 km) er del av denne reguleringsplanen.

Svingerudsteinen I 2021 vart steinen som no kallast "Svingerudsteinen" funnen ei arkeologisk utgraving i samband med utbygging av Ringeriksbanen og E16. Foto: Øyvind Aase Fluge, Riksantikvaren

“Idiberug”

Funnet vart gjort for rundt eitt år sidan, og arkeologane har no avdekka kva nokre av runene på steinen tyder. Arkeologane har undersøkt steinen og kome fram til at dei tydelegaste runane på steinen med stort sannsyn tyder “idiberug”. Dette kan vere både eit manns- og kvinnenamn. Det er også fleire ristningar på steinen. Desse minnar mest om ei kladdebok, med fleire strekar og teikn som også ser ut til å være runar.

Utgraving og kulturmiljøforvalting

Ringeriksbanen og E16 går gjennom eit rikt jordbrukslandskap som har stort funnpotensiale. Når det planleggjast store infrastrukturprosjekt, slik som veg, vindmølleparkar, industrianlegg, og liknande, kjem det som regel med eit krav om at det skal utførast arkeologiske utgravingar. Utgravingane skal sikre den eldste historia vår, og dei skal avdekke, sikre og dokumentere historiske funn som har tyding for den norske historia. Utgravingane som gjerast i samband med utbygginga av Ringeriksbanen og E16 skal etter planen sluttførast i løpet av 2023. Det er fleire pågåande utgravingar langs strekket og prosjektet har eit stort budsjett.

Svingerudsteinen er den eldste runesteinen som er mogleg å datere. Utifrå den arkeologisk konteksten kan steinen daterast til 0 – 250 e. Kr. Dette er eit sjeldan funn og vil gje oss ny kunnskap om historia vår. No skal steinen stillast ut på Historisk museum.

Les meir om steinen på Historisk museum sine nettsider.