Prosjekter og satsinger

Kultur­miljø og land­skap av nasjonal interesse

“Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse” er ei oversikt og eit kunnskapsgrunnlag som skal sikre berekraftig forvaltning av kulturmiljø i byar og tettstadar, og i landskap av nasjonal interesse.  

I 1904 brann store delar av Ålesund. Byen vart hovudsakleg gjenreist i jugendstil. Ålesund sentrum er av nasjonal interesse på grunn av sin tette konsentrasjon av Jugendstil-arkitektur. Spesielt karakteristisk er sjøhusa i Jugendstil. Kryssinga mellom fiskerinæring og stilretning frå Europa er unik. Saman dannar bygningane, taklandskapet og topografien på øyene eit heilskapleg bygningsmiljø
Foto: Guri Dahl
Gruveby og gruvelandskap i Kvinesdal kommune, Knaben II med arbeidarbrakker er eit landskap av nasjonal interesse. Knaben II er den einaste molybdenglans-gruvebyen som er att. Den nedlagte gruvebyen og anlegget er i hovudsak bevart med eit heilskapleg preg med driftsbygningar av ikonisk verdi
Foto: Trond Isaksen, Riksantikvaren
Skallan Rå i Kvæfjord Kommune er eit jordbruksområde i Troms. Med den breie bremmen av innmark i aktiv bruk, er Skallan-Rå eit blikkfang i fjordlandskapet. Her fylgjer avgrensing av jordbrukslandskapet terrengform og landskapsrom.
Foto: Robert Nygård

Oversikta bygg vidare på registera NB! (Kulturmiljøer av nasjonal interesse i byer og tettsteder) og KULA-registeret (Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse). Oversikta skal og inkludere fleire kulturmiljø som på bakgrunn av geografisk plassering, art eller storleik ikkje er ein del av dei etablerte registera. Til dømes ytre byområde, uthavnar, fiskevær, industriområde, militæranlegg og kanalanlegg.  

Riksantikvaren ynskjer å gjere forvaltninga enklare ved å ha alle kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse samla i ei oversikt.

Kulturmiljø og landskap er eit resultat av areal- og ressursbruk over tid. Områda som er peika ut som nasjonalt interessante områder, skal saman syne mangfaldet i historia vår.  Informasjonen knytt til dei tidlegare registera NB! og KULA vil framleis vere tilgjengeleg som historiske arkiv på ra.no sine nettsider.  

Kva betyr det at eit kulturmiljø eller landskap er av nasjonal interesse?

Oversikta er eit kunnskapsgrunnlag som kommune, fylke, Sametinget og andre private og offentlege aktørar, kan nytte i samband med arealplanlegging og samfunnsutvikling.

Ein status som nasjonalt interessant område skal ikkje stoppe utviklinga, men medverke til god og berekraftig forvaltning som tek i vare kulturmiljøverdiane. Eit område som får ein status som nasjonalt interessant blir ikkje del av ein formell verneplan og areala vert ikkje formelt freda.

Informasjonsark

Informasjonsark som kan nyttast til formidling, ligg her i begge målformar – Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse kort forklart 

Andre relevante rettleiarar

I Hjelp i kulturminnesøk finn du informasjon om korleis bruke Kulturminnesøk, m.a. søkefunksjonar, bruk av kart.

I Askeladdens brukerveiledning finn du informasjon om korleis bruke Askeladden.

Databaser og karttjenester

kulturminnesok.no – for publikum

askeladden.ra.no – for forvaltningen

Kvifor ha ei oversikt over kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse?

Vår omgjevnad har alltid vore i endring, men no skjer endringane raskare enn nokon gong. Dette kan medverke til at viktige kulturmiljø- og landskapsverdiar går tapt. Vi treng difor kunnskap om kva for verdiar som finnast i desse områda, og kva som skal til for å ta dei i vare. Til dømes når nye hovudvegar skal byggjast, vindkraftanlegg etablerast, eller bymiljø fortettast er det viktig å ha kartlagt kulturmiljø og landskap.  Verdiane og heilskapen i desse områda skal både nyttast som ein ressurs, og takast i vare.

Målet med å samle kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse er:

  • vise mangfaldet av kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse i landets fylker
  • å medverke til auka kunnskap og medvit om kulturmiljø og landskap i kommunar og relevante sektorar
  • å gi tidlege og tydelege signal frå kulturmiljøforvaltninga om kva for kulturmiljø og landskap det må takast særskild omsyn til i planlegging og utvikling av areal.

Kulturmiljø og landskap gir mange moglegheiter for oppleving. Menneskeskapte spor, og lokalt særpreg, dannar grunnlag for verdiskaping og utvikling. Spor etter fortida kan gjere eit område meir attraktivt og danne grunnlag for turisme, nærings- og bustads utvikling.

Det er ynskjeleg at oversikta skal auke engasjementet, ikkje berre for områda som er av nasjonal interesse, men også for dei kulturmiljøa og landskapa som er av lokal eller regional interesse.

Eit verktøy for kommunal og regional forvaltning

Plan- og bygningslova er kommunens hovudverktøy for å ta vare på kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse. Omsynet til kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse bør takast på alle nivå i den kommunale planlegginga.

  • i kulturmiljøplan/kulturminneplan
  • gjennom retningsliner, generelle føresegner, omsynssone i kommuneplan (samfunnsdel og arealdel)
  • gjennom føresegner til omsynssone eller arealformål i område- og detaljregulering
  • gjennom dispensasjonsbehandling og vilkår

Innanfor kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse kan nye tiltak eller planar danne grunnlag for motsegn frå regionale myndigheiter og Riksantikvaren. Dette er nærmare forklart i eige rundskriv frå Klima- og miljødepartementet, sjå Nasjonale og vesentlige regionale interesser på miljøområdet – klargjøring av miljøforvaltningens innsigelsespraksis T-2/16.

Bygningsmiljø på Fiskevollen ved Sølensjøen i Rendalen kommune er av nasjonal interesse då det representerer eit tradisjonelt og særeige bygningsmiljø frå 1700-talet vi ikkje finn maken til korkje i Noreg, Skandinavia eller Europa. Fiskevollen viser bruk av ein viktig utmarksressurs med stort omfang og som er synleg i landskapet. Fiskeressursen er utnytta sidan steinalder og frå middelalder vart fiske organisert i lottsystem. Foto: Øystein Lia, Innlandet Fylkeskommune

Kulturmiljø og landskap

Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold, har innført omgrepet «kulturmiljø» som eit samla nemning for omgrepa «kulturminne, kulturmiljø og landskap». I oversikta Kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse brukast fylgjande definisjon:

Eit kulturmiljø er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. Naturelement med kulturhistorisk verdi kan vere ein del av eit kulturmiljø.

Eit landskap er eit samlenamn på våre omgivnader som ligg utandørs, både naturgitte og menneskeskapte. Landskapet er forma av samspelet mellom mennesket og naturen.

Viktige lover

Plan og bygningsloven er den viktigaste lovgjevnaden for å sikre og utvikle kulturmiljø og landskap av nasjonal interesse.
I planlegging og utvikling av areal kan fleire sektorlover vere aktuelle å sjå til:

Kontaktpersonar

Mari Solheim Sandsund
mari.solheim.sandsund@ra.no

Anette Morvik Robberstad
anette.morvik.robberstad@ra.no

Cecilie Askhaven
cecilie.askhaven@ra.no

Ståle Arfeldt Bergås
staale.arfeldt.bergaas@ra.no

Sofie Søvik
sofie.sovik@ra.no

Seksjonssjef
Leidulf Mydland
leidulf.mydland@ra.no
Seksjon for arealplanlegging og miljø

Publisert: 11. januar 2023 | Endret: 23. januar 2023