Pressemelding

Sjøbod i Bergen freda

Holmefjordboden i Sandviken var den aller siste tørrfiskboden i Bergen. No er han freda av Riksantikvaren, etter 200 år med trufast tørrfiskdrift.

Publisert: 6. June 2017 | Endret: 18. December 2019

Bilde av Sandviksbodene 78 B i Bergen. Foto: Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga.
Bergen Sandviksbodene 78 B i Bergen. Foto: Hordaland fylkeskommune, Kultur- og idrettsavdelinga.

Sandviksbodene 78 B, også kjent som Holmefjordboden, er ein av dei største sjøbodene som er bevart i Bergen.

– Holmefjordboden peikar seg ut som særleg verdifull blant dei sjøbodene som står att i Sandviken. Boden står i praktisk talt same stand som då tørrfiskverksemda vart avslutta, og er eit særs autentisk minne om den siste fasen i denne tradisjonsrike og viktige næringa, seier riksantikvar Jørn Holme.

Boden vart bygd rundt 1804 av kjøpmannen Johan Ernst Mowinckel, og tente som lager for varene han handla med – eksport av tørrfisk og andre fiskeprodukt, og import av mellom anna korn og kolonialvarer. Bygningen var i bruk som tørrfiskbod heilt til 2002, og var den siste sjøboden i tradisjonell bruk i Bergen. I dag vert boden brukt mellom anna til selskapslokale.

Sjøbodene i Sandviken

Sjøbodene i Sandviken og andre stader i Bergen er nært knytt til byens rolle som handelssentrum. Handelsverksemda førte til eit stort behov for lagringsplass, og sidan all varetransport gjekk sjøvegen, vart lagerbygningane bygde langs strandlina. Sandviken veks fram frå midten av 1600-talet og fekk etter kvart ein nesten samanhengande rekkje med store sjøboder. Desse tente opphavleg som lager for eksport- og importvarer for bergenskjøpmennene, med tørrfisk som den viktigaste eksportvara.

Mindre enn ein femdel av sjøbodene i Sandviken står att i dag og er karakterisert som eit hamneteknisk kulturminne av internasjonalt format.

Det er Hordaland fylkeskommune som har utarbeidd fredingssaka.

Dato 06.06.2017 10:46 endret 06.06.2017 11:18

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153