Kunnskap og databaser
SEFRAK-registeret
SEFRAK-registeret er først og fremst eit kulturhistorisk register med stor verdi som kjeldemateriale for lokalhistorie. Forvaltninga brukar registeret til å identifisere verneverdige bygningar i lokalmiljøet og i kommunalt planarbeid.
SEFRAK = «Sekretariatet for registrering av faste kulturminne i Noreg».
SEFRAK-registreringa gjekk føre seg i perioden 1975–1995. Registratorane kartfesta, målte opp og fotograferte bygningar oppførte før 1900 over heile landet, med unntak av Finnmark, der dei registrerte bygningar frå før 1945.
I alt registrerte dei om lag 500 000 einingar.
Dersom du treng informasjon om eit SEFRAK-bygg, kontakt teknisk etat i kommunen der bygningen ligg, eller byantikvaren i dei byane som har slik teneste. For bygningar eldre enn 1850 skal du kontakte kulturminneansvarleg i fylkeskommunen.
Her finn du opplysningar om SEFRAK-bygningar
Tilgang til skannede SEFRAK‑skjema for eiere og andre
Skanna SEFRAK‑skjema finst for delar av landet. Mange er tilgjengelige for kulturmiljøforvaltninga og kommunane gjennom kulturminnedatabasen Askeladden, men dekninga er ikkje fullstendig. Privatpersonar og andre utanfor kulturmiljøforvaltninga har ikkje direkte tilgang til desse skanna skjemaene i Askeladden. Eigarar av SEFRAK‑registrerte bygningar og andre må difor kontakte den aktuelle fylkeskommunen for å få tilsendt ein kopi av dei skjemaene som finst.
I Kartverket sitt eigedomsregister, Matrikkelen , finn du opplysningar om SEFRAK-bygningar.
Innsynsløysinga Se eiendom er open for alle.
Du kan òg finne informasjon om SEFRAK-bygg på nettstaden miljostatus.no/kart.
Fylkeskommunen oppbevarer originalskjema frå registreringa, medan Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana lagrar det meste av fotomaterialet.
Meldeplikt ved endringar for bygningar eldre enn 1850
Bygningane i SEFRAK-registeret har i utgangspunktet ingen særskilde restriksjonar. Registreringa varslar kommunen om at dei bør vurdere verneverdien før dei eventuelt gir løyve til å endre, flytte eller rive bygningen.
For meldepliktige bygningar (bygningar eldre enn 1850) krev §25 i Kulturminnelova at kommunen vurderer verneverdien før dei godkjenner søknad om endring eller riving.
Saksgang ved endring av meldepliktig bygning:
- Eigaren må søkje kommunen om alle endringar på bygningen.
- Kommunen sender søknaden til fylkeskommunen, som uttaler seg før kommunen fattar vedtak.
- Kommunen melder alle endringar til fylkeskommunen.
- Kommunen kan gi løyve til riving sjølv om kulturminnemyndigheitene i fylkeskommunen tilrår vern.
Vedlikehald av SEFRAK-data
Riksantikvaren overfører SEFRAK-data frå Matrikkelen til sitt eige system. Du kan ikkje lenger oppdatere SEFRAK i Matrikkelen. Fram til vi får på plass feilretting for fylkeskommunane i 2026, må Riksantikvaren rette feil i SEFRAK. Per november 2025 er det berre Riksantikvaren som oppdaterer SEFRAK-materialet.
Den nye innsynsløysinga for Askeladden gir tilgang til SEFRAK-data. Riksantikvaren distribuerer oppdaterte data via tenestene sine i Geonorge frå november 2025.
WMS-teneste
Riksantikvaren publiserer SEFRAK-data som ei WMS-teneste for bruk i geografiske informasjonssystem (GIS).