Pressemelding

160 verneverdige kyrkjer får tilskot til sikring og vedlikehald

Dei 160 kyrkjene får no pengar til å skifte ut slitne el-anlegg, gamle varmeomnar og utbetre tak som lekk og murar som sprekk.

Publisert: 1. februar 2021

Byneset Kirke Foto: Hege Sejnæs Eilertsen, Riksantikvaren

– Det er viktig for meg å kunne sikre dei gamle kyrkjene våre. Som kulturminne står dei i ei særstilling i Noreg. Dei betyr òg mykje for folk som sentrum for livshendingar i by og bygd, seier tru- og livssynsminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Samla er det 70 millionar kroner som Riksantikvaren på vegner av staten deler ut denne gongen. Av desse er 21 millionar kroner til tiltak som gjeld elektriske installasjonar.

Det har vore ei auka satsing på istandsetting av gamle kyrkjer. Dei siste tre budsjettåra har regjeringa til saman løyva 172 millionar kroner til sikring av kulturhistoriske kyrkjer rundt om i landet.

Klimaskall og el-anlegg

Kyrkjene har anten fått midlar til sikring av klimaskall, eller til utskifting og utbetring av el-anlegg. Med «klimaskall» meiner ein alt frå tak, takrenner og beslag, ytterveggar, vindauge og dører, som er dei delane av kyrkjene som er særleg utsette for klimapåverking.

– Kyrkjene er blant våre mest verdfulle kulturminne, både når det gjeld arkitektur, handverk og kunsthistorie. Desse midlane gir mange kyrkjer eit skikkeleg løft i arbeidet med vedlikehald og istandsetjing. Særleg viktig er det at ein no prioriterer dei mange mellomalderkyrkjene, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Om tilskotet

Tilskotet skal dekkje inntil 60 prosent av kostnaden for oppussinga. Kommunane på staden må òg bidra økonomisk. Den øvre grensa for støtte er på 900 000 kroner. Kva for kyrkjer som vert omfatta av støtta, og kva for sikringstiltak som kan gjennomførast, avgjerast mellom anna av kulturmiljøforvaltninga og kyrkjelege instansar i samråd.

Klimaskallsikring av kulturhistorisk viktige kyrkje

Kyrkje Fylke Tilskot
HOLT Agder 900000
HOLUM Agder 884 520
LANDVIK Agder 900000
SANNIDAL Agder 500000
SPANGEREID Agder 789 000
VALLE Lindesnes Agder 394 800
VIGMOSTAD Agder 324 000
GRUE Innlandet 450000
KVIKNE Nord-Fron Innlandet 900000
NIKOLAIKIRKEN Gran Innlandet 300000
RINGSAKER Innlandet 900000
SKJÅK Innlandet 336000
SLIDREDOMEN Innlandet 480000
STANGE Innlandet 720000
TINGELSTAD gamle St. Petri Innlandet 900 000
VALLSET Innlandet 900000
ØSTRE GAUSDAL Innlandet 549000
ØYER Innlandet 730800
ÅMOT Nord-Torpa Innlandet 900000
BREMSNES Møre og Romsdal 350000
GISKE Møre og Romsdal 510000
MO, Surnadal Møre og Romsdal 720000
STRANDA, Stranda Møre og Romsdal 300 000
TINGVOLL Møre og Romsdal 336000
MOSKENES Nordland 900000
RØRSTAD Nordland 300000
STEIGEN Nordland 294 000
BISPEKAPELLET STVGR Rogaland 900000
HESBY Rogaland 900000
STAVANGER DOMKIRKE Rogaland 900 000
SØRBØ Rogaland 600 000
UTSIRA Rogaland 550000
UTSTEIN KLOSTERKYRKJE Rogaland 342400
BARDU Troms og Finnmark 530000
TRONDENES Troms og Finnmark 900000
DOLM Hitra Trøndelag 900000
FØLING Trøndelag 450 000
NÆRØY Trøndelag 900000
SELBU Trøndelag 900000
BORRE Vestfold og Telemark 900000
FLÅBYGD Vestfold og Telemark 900000
GJERPEN Vestfold og Telemark 900000
NØTTERØY Vestfold og Telemark 600000
STYRVOLL Vestfold og Telemark 200 000
TANUM Brunlanes Vestfold og Telemark 600 000
BERGEN DOMKIRKE Vestland 900000
HESTAD kapell Vestland 100000
KORSKIRKEN Bergen Vestland 900000
NYKIRKEN Bergen Vestland 900000
UTVIK Vestland 300000
VANGEN Aurland Vestland 500000
BERG Halden Viken 900000
EIDSBERG Viken 900000
FROGNER gamle Viken 315000
HAUG Ringerike Viken 300000
HAUG Øvre Eiker Viken 900000
HEDENSTAD Viken 900000
HEGGEN Viken 900000
HOBØL Viken 900 000
HURUM Viken 900000
IDD Viken 900000
IMMANUELS kirke Viken 900000
KONGSBERG Viken 900000
NESODDEN Viken 900000
NORDERHOV Viken 900000
NYKIRKE Modum Viken 900000
PRESTEBAKKE Viken 300000
RØYKEN Viken 900000
SKIPTVET Viken 393000
TRØGSTAD Viken 900000
SUM 47748520

Utskiftinga av el-anlegg

Kyrkje Fylke Tilskot
Sandnes kyrkje Agder 320 000
Oddernes kirke Agder 300 000
Finsland kirke Agder 450 000
Tromøy kirke Agder 300 000
Feda kirke Agder 300 000
Spangereid kirke Agder 48 000
Øyslebø kirke Agder 11 940
Åmot kirke, Nord-Torpa Innlandet 300 000
Øyer kirke Innlandet 300 000
Lesjaskog kyrkje Innlandet 72 000
Bagn kyrkje Innlandet 300 000
Hedalen stavkirke Innlandet 300 000
Ottestad kirke Innlandet 300 000
Vallset kirke Innlandet 300 000
Stange kirke Innlandet 300 000
Ringsaker kirke Innlandet 300 000
St. Jetmund kyrkje Møre og Romsdal 240 000
Aukra kyrkje Møre og Romsdal 300 000
Bremsnes kirke Møre og Romsdal 69 000
Ulstein kyrkje Møre og Romsdal 288 000
Stranda kyrkje, Stranda Møre og Romsdal 234 140
Geiranger kyrkje Møre og Romsdal 171 000
Hen kirke, Isfjorden Møre og Romsdal 61 200
Steigen kirke Nordland 53 000
Alstahaug kirke, Alstahaug Nordland 450 000
Tjøtta kirke Nordland 300 000
Lyngen kirke Troms og Finnmark 450 000
Tydal kirke Trøndelag 40 000
Alstadhaug kirke, Skogn Trøndelag 300 000
Byneset kirke Trøndelag 64 800
Dolm kirke, Hitra Trøndelag 100 000
Snåsa kirke Trøndelag 300 000
Ramnes kirke Vestfold og Telemark 250 000
Våle kirke Vestfold og Telemark 300 000
Skjee kirke Vestfold og Telemark 450 000
Løvøy kapell, Horten Vestfold og Telemark 243 000
Seljord kyrkje Vestfold og Telemark 242 000
Åmotsdal kyrkje Vestfold og Telemark 188 000
Sannidal kirke Vestfold og Telemark 300 000
Berg stenkirke, Larvik Vestfold og Telemark 150 000
Flåbygd kirke Vestfold og Telemark 300 000
Helgen kirke Vestfold og Telemark 300 000
Vilnes kyrkje Vestland 205 000
Nykirken i Bergen Vestland 60 000
Korskirken, Bergen Vestland 60 000
Bergen domkirke Vestland 121 800
Eid kyrkje, Kvinnherad Vestland 270 000
Kvinnherad kyrkje Vestland 300 000
St. Jørgen hospitalkirke Vestland 254 000
Granvin kyrkje Vestland 300 000
Kinsarvik kyrkje Vestland 300 000
Ullensvang kyrkje Vestland 300 000
Utvik kyrkje Vestland 60 000
Kinn kyrkje, Flora Vestland 300 000
Eikefjord kyrkje Vestland 150 000
Ålhus kyrkje Vestland 24 099
Hakadal kirke Viken 300 000
Enebakk kirke Viken 300 000
Mari kirke Viken 300 000
Nannestad kirke Viken 67 740
Holter kirke, Nannestad Viken 54 540
Rokke kirke Viken 162 000
Idd kirke Viken 318 000
Immanuels kirke Viken 300 000
Prestebakke kirke Viken 306 000
Hurdal kirke Viken 180 000
Norderhov kirke Viken 450 000
Viker  kirke Viken 450 000
Berg kirke, Halden Viken 200 000
Skiptvet kirke Viken 36 000
Haug gamle gravkapell (Ringerike) Viken 72 000
Haug kirke, Ringerike Viken 300 000
Spydeberg kirke Viken 265 000
Hovin kirke, Spydeberg Viken 159 700
Tomter kirke Viken 170 100
Flesberg stavkirke Viken 300 000
Haslum kirke Viken 135 455
Nesodden kirke Viken 100 000
Rygge kirke Viken 300 000
Sørum kirke, Sørum Viken 127 020
Frogner gamle kirke, Sørum Viken 35 400
Strømsø kapell Viken 18 000
Nykirke kirke, Modum Viken 150 000
Heggen kirke Viken 150 000
Hurum kirke Viken 450 000
Efteløt kirke Viken 300 000
Svene kirke Viken 450 000
Lyngdal kirke, Flesberg Viken 420 000
Utstein klosterkyrkje Rogaland 168 000
Jelsa kyrkje Rogaland 450 000
Talgje kyrkje Rogaland 200 000
Sjernarøy kyrkje Rogaland 170 000
Randaberg kirke Rogaland 107 595
SUM 21 473 529

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153