Pressemelding

Fredar tekstilhistorie i Salhus

Salhus Tricotagefabrik var ein av landets første trikotasjefabrikkar. No fredar Riksantikvaren fabrikken som var ein del av den tidlege industrialiseringsbølga i Noreg.

Publisert: 23. oktober 2020

Salhus trikotagefabrik
Salhus trikotagefabrik Tettstaden Salhus ligg ein kort køyretur nordover frå Bergen sentrum. Salhus Tricotagefabrik var hjørnesteinsbedrifta her. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

− Salhus er eit av dei teknisk industrielle anlegga som årleg mottek stønad over statsbudsjettet. Desse anlegga fortel om korleis samfunnet vårt har utvikla seg. Tekstilnæringa var til dømes viktig for kvinnene sitt inntog i arbeidslivet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Tettstaden Salhus ligg ein kort køyretur nordover frå Bergen sentrum. Salhus Tricotagefabrik var hjørnesteinsbedrifta her, og den var i drift frå 1859-1989. På det meste sysselsatte den 360 personar. I dag er det museumsdrift i dei gamle industrilokala, og her kan ein få omvising og sjå dei gamle maskinene i drift.

Inne fra fabrikken på Salhus trikotagefabrik
Salhus trikotagefabrik Fabrikken var i drift frå 1859-1989. På det meste sysselsatte den 360 personar. I dag er det museumsdrift i dei gamle industrilokala. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

– Tekstilindustrimuseet formidlar ei viktig historie. Salhus trikotasjefabrikk syner utviklinga av Noreg og på museet kan ein framleis følgje produksjonslinja slik den var då fabrikken produserte klede i stor skala. Salhus hadde stor suksess med merkevara Krone Makko – eit plagg mange har eit forhold til! I Salhus ser ein tydeleg korleis Noreg utvikla seg frå å vere eit bondesamfunn til ein moderne industrinasjon, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Produksjonslinja gjekk frå råvaremottak, og vidare til strikking av stoff. Fabrikken produserte ferdigvarer for kvinner og menn, både ull – og bomullsklede. Bedrifta si tyding i lokalsamfunnet ser ein også i at den hadde eigen verksskule og badeplass, som vart reist for arbeidarane. I tillegg til Norsk tekstilindustrimuseum har også Bevaringstenestene i Hordaland, med verkstader og magasin, tilhald i dei gamle bygga. Dei arbeider med bevaring og konservering for dei konsoliderte musea i Hordaland.

Bakgrunn for fredinga

Kulturminneverdiane som gjer Salhus Tricotagefabrik til eit fredingsobjekt ligg i det godt bevarte og heilskapelege industrianlegget. Her finn du produksjonslinje med tilstøytande funksjonar, i tillegg til bygningane og plassane som utgjer lokalsamfunnet rundt fabrikken. Fredinga rommer også eit sjøbad så vel som ein barnepark, som begge er knytta til fabrikken.

Den norske tekstil- og konfeksjonsindustrien var ein viktig del av den norske industrialiseringa, og hadde i 1939 rundt 65 000 av totalt 252 000 sysselsette i norsk industri. Næringa spelte ei stor rolle i sysselsettinga. Veksten og fallet i næringa syner også korleis forbrukarsamfunnet og frihandel etterkvart vart rådande. Framveksten av trikotasje- og tekstilindustrien i Bergensområdet og Hordaland har vore viktig for utviklinga av næringslivet i regionen, og for utviklinga av tettstadane rundt.

Produksjonslinja gjekk frå råvaremottak, og vidare til strikking av stoff. Fabrikken produserte ferdigvarer for kvinner og menn, både ull – og bomullsklede. Bedrifta si tyding i lokalsamfunnet ser ein også i at den hadde eigen verksskule og badeplass, som vart reist for arbeidarane. I tillegg til Norsk tekstilindustrimuseum har også Bevaringstenestene i Hordaland, med verkstader og magasin, tilhald i dei gamle bygga. Dei arbeider med bevaring og konservering for dei konsoliderte musea i Hordaland.

Salhus trikotagefabrik
Salhus trikotagefabrik Salhus Tricotagefabrik var ein av landets første trikotasjefabrikkar. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153