Pressemelding

– Frivilligheit er ein berebjelke for kulturarven

Riksantikvaren lanserte sin nye frivilligheitsstrategi under årets Arendalsuke. Tal frå SSB syner at 1 av 6 gjer ein frivillig innsats for kulturmiljø.

Publisert: 1. september 2022 | Endret: 8. september 2022

Fjordsteam i Bergen Feiring av alle former for bevegelig kulturarv ved Vågen og Bryggen i Bergen. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Den nye frivilligheitsstrategien til Riksantikvaren blei lansert under Arendalsuka. Strategien skildrar i korte trekk den frivillige innsatsen på kulturmiljøfeltet, og definerer dei viktigaste måla for Riksantikvaren sitt arbeid med frivillig sektor på nasjonalt nivå.

– Frivillig innsats er ein berebjelke for kulturarven vår. Innsatsen dei frivillige legg ned for kulturmiljøvernet er uvurderleg, og bidreg til at viktige verdiar for fellesskapet blir tekne vare på. Det kjem oss alle til gode, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Havråtunet Frivillige arbeider med slåtten. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Frivillig sektor har mange ulike rollar. Det frivillige kulturlivet tek vare på kulturmiljø både nasjonalt og lokalt, og spenner frå organisasjonar som tek vare på verneverdige fartøy, bygg, samferdsleanlegg, veterantog, veteranbilar og kulturlandskap, m.m. I tillegg til å ta vare på kulturarven vår er det frivillige arbeidet ein arena for felles, sosialt samvær. Den sosiale, helsemessige og trivselsskapande effekten av det frivillige arbeidet er særs viktig.

– Dei frivillige organisasjonane har også ei særs viktig rolle ovanfor kulturmiljøforvaltinga, i tillegg til arbeidsinnsatsen dei legg ned for kulturarven. Dei påverkar myndigheitene ved å være høyringspart og pådrivar for å utvikle ein god kulturmiljøpolitikk, seier Geiran.

Fjordsteam Bergen 2022 Feiring av alle former for bevegelig kulturarv ved Vågen og Bryggen i Bergen. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Nye formar for frivilligheit og engajsment

Strategien orienterer seg i hovudsak mot dei etablerte frivillige organisasjonane innan kulturmiljøfeltet. Men, den ser også på korleis nye formar for frivilligheit, kommunikasjonsteknologi, og særskild sosiale medier, driv fram endringar både i samfunnet generelt og i frivillig sektor. Frivillige initiativ, som i stor grad baserer seg på å formidle bodskapen sin gjennom digitale løysingar, verkar også inn på kulturmiljøfeltet.

1 av 6 gjer ein frivillig innsats for kulturmiljø

I samband med lanseringa av strategien presenterer Riksantikvaren også ei befolkingsundersøking. Undersøkinga gjev innsikt i kven som engasjerer seg for kulturmiljøvern. 17 prosent av befolkninga gjorde ein frivillig innsats for kulturminne og kulturmiljø i 2022. Størst frivillig aktivitet finn vi i samanheng med bevaring av kulturminne i nærmiljøet med 10 prosent av befolkninga. På nettsidene til SSB kan du lese meir om denne undersøkinga.

Havråtunet Frivillige arbeider med slåtten. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Riksantikvaren si rolle

Staten skal ikkje legge seg opp i korleis folk vel å delta i frivillig arbeid. Men staten skal, i samarbeid med organisasjonane, legge til rette for at det finnast stader der alle kan finne si interesse og at det skal være enkelt å delta. Faro-konvensjonen (2005) er Europarådet sin rammekonvensjon om kulturarvens verdi for samfunnet. Konvensjonen var tidleg ute med å framheve kulturarven si tyding for menneskerettar og demokrati. Den set søkjelys på alle sin rett til å delta i og dra nytte av sin eigen kulturarv, og at alle skal kunne bidra til å definere sin eigen kulturarv og sine kulturmiljø. Dette kjem også fram av stortingmeldinga “Nye mål i kulturmiljøpolitikken” (Meld. St. 16 (2019–2020) som seier at alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø.

For kulturmiljøforvaltinga er det frivillige engasjementet uvurderleg, og innan kulturmiljøfeltet er frivillig engasjement både ein rett og eit mål i seg sjølve. Utan frivillig innsats ville delar av kulturarven ha gått tapt. Med denne strategien ønskjer Riksantikvaren å legge til rette for eit breitt frivillig engasjement for kulturmiljøvern.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153