Pressemelding

Mølltunet i Geiranger er freda

Mølltunet i Stranda kommune i Møre og Romsdal er eit tettbygd klyngetun i bratt vestlandslandskap, med bygningar frå midten av 1700-talet og fram til 1905.

Publisert: 15. desember 2017 | Endret: 20. desember 2019

Bilde av Mølltunet med Ørnevegen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune
Mølltunet med Ørnevegen. Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune

I dag er det svært få slike tun som står att på landsbasis, og Mølltunet er det best bevarte klyngetunet på Sunnmøre.

–Mølltunet er eit anlegg av nasjonal verdi, som ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Dette bygningsmiljøet har vore uendra dei siste 110 åra, ikkje minst på grunn av dedikerte eigarar. Fredinga av Mølltunet skal vere med på å sikre gode vilkår for framleis bruk og vedlikehald, seier riksantikvar Jørn Holme.

Liten landsby i bratt landskap

Klyngetunet er ein tunskipnad som var vanleg på Vestlandet til og med Sunnmøre frå mellomalderen av. Dei gamle tuna med fleire bruk saman var som små landsbyar med tette bygningsmiljø.

Mange av tuna vart oppløyste med dei store innmarksutskiftingane frå midten av 1800-talet. Nokre få stader var området så utsett for rasfare at det ikkje var alternative stader å sette husa, eller at det av andre grunnar ikkje var ønskjeleg med utflytting. Der blei dei gamle tuna ståande. Dette er situasjonen på Møll.

Eit særtrekk ved Mølltunet er at det ligg i eit bratt landskap. Det har vore nødvendig med høge natursteinsmurar for å få til å plassere bygningane svært tett på kvarandre.

Med unntak av ei nyare garasje har det ikkje kome til nye bygningar etter 1905. Sør for stova i Utigard har det stått ei lita bu som er borte. Utanom dette er bygningsmiljøet uendra. Også hageanlegget og slåttenga er relativt godt bevart. Hageanlegget inneheld ein bær- og frukthage med eldre tre, sør for bygningane i tunet. Slåttenga blir no mest brukt til beite for geiter.

Bevaring av bygningsmiljøet

Klyngetunet på Møll har over lang tid vore eigd og busett av personar som har vore opptekne av å ta vare på det gamle bygningsmiljøet. Nye bustadhus og felles driftsbygning allereie frå 1960-talet har blitt bygde utanfor den gamle tunskipnaden. Desse tilpassingane har gjort det mogleg å både bevare det opphavelege tunet, og samstundes bu og drive jordbruk med naudsynte utvidingar og omarbeidingar av dyrka mark. Det bur framleis folk i tunet.

Møre og Romsdal fylkeskommune sette i gang fredingssak for å ivareta dei høge kulturhistoriske verdiane på Mølltunet.  Eigedomen er samansett av tre bruk, og fredinga omfattar Utigard (stovehus, stabbur, løe og tørkestove), Bøtel (stovehus samanbygd med masstove, stabbur og løe) og Framigard (stovehus, masstove, løe og samanbygd nystove og bu). Hage og slåtteeng med dyrkamark, terrengmurar og beitemark er òg freda.

Fredinga skal ikkje vere til hinder for vidare bruk.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153