Pressemelding

Neptun sildoljefabrikk freda av Riksantikvaren

Då Neptun sildeoljefabrikk på Melbu i Nordland vart etablert i 1910, var den landet sin mest moderne sildoljefabrikk. I dag er råstofftankane konsertarena, og Norsk Fiskeindustrimuseum held til i dei gamle produksjonslokala.

Publisert: 28. november 2019 | Endret: 15. desember 2019

Neptun sildoljefabrikk er freda av Riksantikvaren. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Industriell produksjon av sildeolje i Noreg starta på slutten av 1870-tallet då eit britisk selskap etablerte ein fabrikk for fiskeguano i Brettesnes i Lofoten. Dette var starten på eit industrieventyr som Neptun sildeoljefabrikk er ein viktig del av. Anlegget ligg i eit typisk nordlandsk landskap, med tilgang til havet og ei trygg hamn. Riksantikvaren fredar anlegget som representant for den industrielle fiskerinæringa i Nord-Noreg. Anlegget er ein del av bevaringsprogrammet for 15 tekniske og industrielle kulturminner. Desse anlegga representerer eit nasjonalt tverrsnitt av kulturminne knytta til den industrielle utviklinga i Noreg.

– Neptun er det nordlegaste av anlegga i Riksantikvaren sitt bevaringsprogram. Det er eit utruleg spanande kulturminne som skildrar historia om den norske fiskeindustrien, seier riksantikvar Hanna Geiran.

I dag nyttast dei gamle råstofftankane som konsertarena og det er museumsdrift i dei gamle produksjonslokala.

– Føremålet med fredninga er å sikre ein representant for den industrielle fiskerinæringa og foredling av fiskeråstoff. Bruk er godt vern! På den måten vert fabrikken teken vare på når den ikkje lenger er i ordinær drift, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Neptun sildoljefabrikk Råstofftankane står vakkert i landskapet. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Historisk bakgrunn

I 1916 var det 32 eller 48 sildoljefabrikker i Norge, avhengig av kva kjelder som leggjast til grunn. 19 av desse lå i Nord-Noreg, og var landet sine største og mest moderne sildeoljefabrikkar. Frå 1930-talet endra tilhøva i sildoljeindustrien seg og mykje av produksjonen vart samla på Vestlandet. På 60-talet førte overfiske, overkapasitet og prisfall på den internasjonale marknaden til krise i sildoljenæringa. Anlegget vart kraftig modernisert mot slutten av 70-talet, men etter kvart som silde- og loddebestanden kollapsa, forsvann grunnlaget for vidare drift. Fabrikken vart lagd ned i 1987. Museet er åpent i sommarsesongen mellom 20.06.−31.08 og elles etter avtale.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153