Pressemelding

Riksantikvaren fredar bensinstasjon

MIL Veteranstasjon i Bergen er no freda. Frivillige entusiastar har i fleire år arbeidd for bevaring og restaurering av bensinstasjonen frå 1928.

Publisert: 15. april 2021

Ferdsel: MIL Veteranstasjon vart freda i 2021. Bensinstasjonen i Lars Hilles gate 27, er ein bensinstasjon i den sørlege delen av Bergen sentrum. Stasjonen vart bygd i 1928 for Norsk Brændselolje AS og var i drift fram til 1998. Foto: Erlend Hofstad, Vestland Fylkeskommune

Bensinstasjonen ligg i den sørlegaste delen av Bergen sentrum, på flata langs austsida av Nygårdshøgda. Området er i dag kjend som Nedre Nygård.

Bensinstasjonen blei lagt ned i 1998, etter 70 års drift. Same år vart det starta opp ei museumsgruppe, som i hovudsak bestod av pensjonerte Statoil-tilsette. Museumsgruppa har gjort ei omfattande restaurering på dugnad, med økonomisk stønad frå Statoil. I dag vert stasjonen brukt som veteranbilverkstad og til andre aktivitetar knytt til bensinstasjonshistorie, og framstår som eit lite privatmuseum.

– MIL Veteranstasjon fortel om vår moderne historie, om framveksten av bilismen og om kvardagsliv i Noreg. Bensinstasjonen er òg eit fantastisk døme på kor viktige entusiastar og frivillige er for vern av kulturminne. Museumsgruppa av frivillige har satt stasjonen i stand på eit vis som gjer at vi i dag får eit glimt av 1920-tallet, midt i Bergen sentrum, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Bensinstasjon freda MIL Veteranstasjon i Bergen
Foto: Erlend Hofstad, Vestland Fylkeskommune
Bensinstasjon freda MIL Veteranstasjon i Bergen
Foto: Erlend Hofstad, Vestland Fylkeskommune

Frå MIL til Statoil

Stasjonen vart bygd av Norsk Tankanlegg AS, eit dotterselskap til Norsk Brændselolje AS som i 1920-åra bygde rundt 500 bensinstasjonar over heile landet. Stasjonen vart driven samanhengande gjennom 70 år, under skiftande merkenamn. Først MIL, etter krigen BP, så Norol, og til slutt, Statoil.

Stasjonen er ført tilbake til den opphavelege utforminga frå 1920-talet. To originale pumpar, tilsvarande dei som stod der på 1920-talet, vart sett opp under restaureringsarbeida. Den eine av dei er kopla til bensintanken, slik at det faktisk er mogleg å fylle bensin ved stasjonen.

På veg til sentrum

MIL Veteranstasjon ligg i Lars Hilles gate 27 i Bergen. Stasjonen vart teikna av arkitekt Sverre Losnedahl i eit nyklassisistisk formspråk. Bensinstasjonen er gitt ei arkitektonisk stram og symmetrisk utforming med eit nyklassisistisk stilpreg, både i heilskapen og detaljane. Både utforming av stasjonen, og plasseringa langs ein innfartsveg til bykjernen, er typisk for 1920-talet. Ekspedisjonslokalet har også fast og laust inventar frå perioden, tilsvarande det som var eller kan ha vore der opphaveleg.

Fredinga

Føremålet med fredinga er å bevare MIL Veteranstasjon som eit arkitektonisk og kulturhistorisk viktig døme på ein bensinstasjon frå mellomkrigstida. Fasaden på stasjonen er freda, som vindauge, dører og overflater. Inne i stasjonen skal rominndeling, bygningsdelar og fast inventar bevarast. I tillegg fredast køyrearealet og tilkomstvegen til bensinstasjonen.

Pressevakt Riksantikvaren

Ikke send sms, telefonen viderekobles.
Telefonen er betjent i vanlig kontortid.
Tel: 404 65 153