Utvalgte kulturminner

Stavkyrkjene våre

Kva er eigenleg ei stavkyrkje? Svaret får du i denne artikkelen og i vår seinaste podkastepisode «Stavkyrkjer». 

Publisert: 27. mars 2020

Urnes stavkyrkje Bilete teke ein vårdag i 2015. Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren

Stavkyrkjene var avanserte byggverk i si tid. Det er komplekse trekonstruksjonar og dei eldste, som framleis står, kan daterast tilbake til 1100-tallet. Truleg har det totalt vore bygd rundt 1000 stavkyrkjer i Noreg. Berre nokre få er bevart. Vi har snakka om stavkyrkjer med seniorrådgjevar Leif Anker i podkasten vår «Alt du ikkje visste om»!

Høyr episoden på Spotify her eller bruk avspelaren under

Norsk byggjekunst

Dei norske stavkyrkjene er kristendomens eldste bevarte kyrkjer av tre. Dei er oppført i reisverk og kjend frå norsk kristen mellomalder. Stavkyrkjene er Noregs viktigaste bidrag til den europeiske byggjekunsten. Som namnet stavkyrkjer tilseier består bygga av stavar eller ståande stokkar. Stavveggens utvikling har endra seg gjennom tidene, men følgjer stort sett same prinsipp.

Dei eldste hadde ein enkel type reisverksvegg med jordgravde stokkar satt side om side. Etterkvart fekk ein utfyllande plankevegg på svill, framleis med jordgravde stolpar.

Og til slutt den fullt utvikla stavveggen med hjørnestolpar som kvilar på ein svill, som igjen ligg på stein for å unngå råte. Systemet byggjer på ei ramme av sviller som dei kraftigaste hjørnestolpane (stavane) rir på.

Rødven Stavkirke Foto: Ole Øvergaard, Riksantikvaren

Unike byggverk

Lenge vart dei rekna for å vere dei einaste kjende stavbygga frå tida då tre framleis var det dominerande byggematerialet i Europa. Fleire utgravingar som er gjort i mellomeuropeiske område, syner ein rik tradisjon av stavbygg. Nyare utgravingar i Noreg har også kasta nytt lys over stavkyrkjene sitt opphav og utviklinga deira. 

Reinli Stavkirke Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren

28 stavkyrkjer er bevart i meir eller mindre fullstendig stand. Fleire andre kyrkjer inneheld delar frå tidlegare stavkykrjer på same stad. Nokre er også flytta.

Ei stavkyrkje frå Gol står på Norsk Folkemuseum på Bygdøy i Oslo, og ei stavkyrkje frå Vang i Valdres står faktisk i Karpacz, Polen!

Den blei frakta dit allereie i 1842 (då området låg under Preussen).

Riksantikvaren starta opp eit bevaringsprogram for stavkyrkjene i 2002

Riksantikvaren starta opp eit bevaringsprogram for stavkyrkjene i 2002. Alle stavkyrkjene er no sett i stand. 130 millionar kroner har det kosta, og det er gjort arbeid på alle dei 28 stavkyrkjene i landet. Det inkluderer arbeid med kyrkjekunsten, kyrkjegardsmurar, forstøtingsmurar og støpular (frittståande klokketårn).

Stavkyrkjeprogrammet

Riksantikvaren sitt stavkyrkjeprogram gjekk føre seg i åra 2001-2015. Målet med stavkyrkjeprogrammet var å setje i stand stavkyrkjene slik at dei kan bevarast for ettertida, å konservere dekoren og kyrkjekunsten, og å supplere dokumentasjonen av stavkyrkjene som grunnlag for forsking. 

Urnes Stavkyrkje: Frå skipet sitt heva midtrom. Kapitel i skipet,
Urnes Stavkyrkje: Frå sørsida av skipet sitt heva midtrom. Denne utskjæringa er også Fortidsminneforeinina sitt våpenskjold.
Urnes Stavkyrkje: Frå skipet sitt heva midtrom. Kapitel i skipet.

Erfarne handverkarar

I arbeidet med stavkyrkjene har eit overordna prinsipp vore at det skulle brukast tradisjonelle materialar og teknikkar. Det å arbeide med stavkyrkjer er krevjande handverk. Berre det å setje opp eit stillas er meir krevjande enn vanleg: stillaset kan eksempelvis ikkje forankrast i kyrkjene.

Urnes Stavkirke Kristus etter rensing og konsolidering. Opptak gjort i UV-lys. Foto: Birger Lindstad, Riksantikvaren

Det krev ei svært varsam tilnærming slik at unødige skadar ikkje oppstår, og ein skal ta vare på mest mogleg av dei originale bygningsdelane. Til dette trengst det dyktige handverkarar. Tidspunktet for stavkyrkjeprogrammet var i så måte gunstig. Riksantikvaren hadde nettopp fullført eit mellomalderprosjektet, der målet var å setje i stand alle mellomalderbygningane i landet. Gjennom arbeidet med tømmerhus frå mellomalderen fekk mange handverkarar utvikla spesialkompetanse.

Variert og interessant arbeid 

Visste du at då Urnes blei restaurert så vart heile kyrkja retta opp og nye grunnmurar etablert? I Undredal vart kyrkja løfta heile 30 cm og den fekk også nye grunnmurar. I Rødven vart tårnet løfta av og råteskadar reparert.

I tillegg brukte ein somme stader store stillas. Desse vart også brukt til formidling, og med gode sikringstiltak kunne også publikum vitje byggeplassen. Mange fekk difor ei heilt unik oppleving. Det er ikkje kvar dag ein får sjå korleis ein restaurer eit nesten 1000 år gammalt bygg!

Borgund Stavkirke Spontekking. Utskifting av enkeltspon. Øydelagt spon erstattast av individuelle kopiar. Brukbar spon takast vare på. Foto: Harald Ibenholt, Riksantikvaren

Sjølv om kyrkjene i dag er i relativt god stand, må dei framleis ha jamnleg ettersyn og vedlikehald. Dei har fascinert både nordmenn, kunstnarar, forfattar og folk frå andre land i fleire hundre år. Dersom vi tek godt vare på dei kan vi glede oss over dei i framtida også.

Kjelder:

Alle Tiders 2015 – Redningsaksjon for stavkyrkjene

Store Norske Leksikon – Tschudi-Madsen, Stephan. (2019, 23. april). stavkirke. I Store norske leksikon. Hentet 27. mars 2020 fra https://snl.no/stavkirke

Fakta om stavkyrkjer

Namnet stavkyrkje refererer til konstruksjonen med berande stavar som står på sviller.

Stavkyrkjene er Noregs viktigste bidrag til europeisk byggekunst.

I mellomalderen var det over 1000 stavkyrkjer i Noreg.

Impulsar frå andre land, saman med tusenårige trebygningstradisjonar i Noreg, utvikla seg til ein byggeskikk i tre som står i ei særstilling internasjonalt.

I dag står 28 stavkyrkjer tilbake.

Dei fleste norske stavkyrkjene er eigd av kyrkjelyder, og fleire av dei er i bruk som ordinære kyrkjelydskyrkjer. Fortidsminneforeininga eig åtte stavkyrkjer, og tre stavkyrkjer er eigd av museum.

Urnes stavkyrkje frå om lag 1130 står på Unescos verdsarvliste.

Det var stavkyrkjer i fleire land i Nord-Europa, men det er berre i Noreg at dei har overlevd, med unntak av svenske Hedared stavkyrkje. I Polen ligg ei stavkyrkje som opphavleg er frå Vang i Valdres. Det finst òg fleire stavkyrkjekopiar, mellom anna i USA.

Dei 28 norske stavkyrkjene:

Borgund, Lærdal i Sogn og Fjordane.
Eidsborg , Tokke i Telemark.
Flesberg, Flesberg i Buskerud.
Garmo, Maihaugen på Lillehammer.
Gol, Norsk folkemuseum i Oslo.
Grip, Kristiansund i Møre og Romsdal.
Haltdalen,Trondheim i Sør-Trøndelag.
Hedalen, Sør-Aurdal i Oppland.
Heddal , Notodden i Telemark.
Hegge, Øystre Slidre i Oppland.
Hopperstad, Vik i Sogn og Fjordane.
Høre,Vang i Oppland.
Høyjord, Sandefjord i Vestfold.
Kaupanger, Sogndal i Sogn og Fjordane.
Kvernes, Averøy i Møre og Romsdal.
Lom, Lom i Oppland.
Lomen, Vestre Slidre i Oppland.
Nore, Nore og Uvdal i Buskerud.
Reinli, Sør-Aurdal i Oppland.
Ringebu, Ringebu i Oppland.
Rollag, Rollag i Buskerud.
Rødven, Rauma i Møre og Romsdal.
Røldal, Ullensvang i Hordaland.
Torpo, Ål i Buskerud.
Undredal, Aurland i Sogn og Fjordane.
Urnes, Luster i Sogn og Fjordane.
Uvdal, Nore og Uvdal i Buskerud.
Øye, Vang i Oppland.