Fagområder
Tekniske og industrielle kulturminne
Tekniske og industrielle kulturminne vitnar om framveksten av det moderne Noreg og dei strukturelle endringane som skjedde i samfunnet.

Industrialiseringa av Noreg har sett mange spor etter seg i landskapet, og har skapt mange nye kulturminne.
Strukturelle endringar innanfor industrien har bidratt til at mange tekniske og industrielle kulturminne vart ståande tomme etter at den opphavlege drifta vart lagt ned. Men det finst mange gode eksempel på ny bruk av dei historiske industrianlegga med nye næringar og arbeidsplassar. Samstundes blir nye tekniske og industrielle kulturminne skapt i takt med nye endringar i samfunnet.
Kva er tekniske og industrielle kulturminne?
Riksantikvaren definerer tekniske og industrielle kulturminne slik:
Tekniske og industrielle kulturminne er spor etter industriell kultur som er av historisk, teknologisk, sosial, arkitektonisk eller vitskapeleg verdi. Tekniske og industrielle kulturminne omfattar bygningar og produksjonslinjer med maskineri, transport og annan infrastruktur, så vel som stadar brukt til sosiale aktivitetar som bustadar, religiøse byggverk, skolar, rekreasjons- og grøntanlegg.
Dei komplekse anlegga med mange ulike typar kulturminne gir til saman ei spanande forteljing om norsk næringsliv og industrihistorie.