1Innledning

Eit fartøy er ein sjølvberande, flytande og avbalansert konstruksjon utan tilhøyrande grunnareal og med ei form for framdriftssystem integrert i konstruksjonen. I eit fartøy er arealet avgrensa og all plass i utgangspunktet disponert. At fartøya ikkje er knytte til matrikulert grunn er ikkje det same som at dei manglar historisk og geografisk tilknyting, men at dei til dømes kan ha hatt tilknyting til ulike stader i ulike delar av sitt virke. Samla gjev dette andre utfordringar enn arbeidet med faste kulturminne på land.

Som større utandørs sjølvberande konstruksjonar med integrerte framdriftssystem passar fartøya heller ikkje godt inn i kategorien gjenstandar slik vi vanlegvis oppfattar desse i kulturminnevernet. Saman med andre kulturminne som deler slike karakteristika, som til dømes rutebilar, tog, trikkar og luftfartøy, kan vi samla omtale desse som mobile kulturminne.

I eit fartøy kan endringar ha innverknad på stabiliteten og dermed tryggleiken, noko som kan få konsekvensar dersom fartøyet skal sertifiserast. I ein tett integrert konstruksjon kan endringar også skape ein domino-effekt, då lite kan flyttast på utan at det får konsekvensar som forplantar seg vidare i fartøyet. Dette medfører at det er langt mindre rom for tilpassing og endring i fartøyvernet enn i til dømes bygningsvernet, og at dei antikvariske prinsippa difor vert meir altomfattande og må nyttast langt strengare.

Av same årsak kan det vere problematisk å ha fleire historiske periodar representerte om bord samstundes, ved til dømes å ha einskilde delar av fartøyet slik det var som nytt og andre frå seinare periodar. Dersom eit sertifisert fartøy aldri tidlegare har hatt ein slik konfigurasjon vil det også vere uråd å avgjere kva for tidlegare versjon av regelverket som skal leggjast til grunn ved fornying av sertifikata. Stabiliteten til ein slik historisk hybrid vil også vere ukjend, noko som vil løyse ut krav om nye og kostbare stabilitetsberekningar m.m.

2Verneprinsipp

Vern gjenom bruk er det sentrale prinsippet i fartøyvernet. Dette medfører at nedbrytingskrefter i form av slitasje, klimapåverknad og korrosjon i stor grad får halde fram som før, og at arbeidet med utskiftingar og vedlikehald følgjeleg også må halde fram dersom fartøyet forsett skal kunne nyttast.

Eldre fartøy vart bygde med tanke på kontinuerleg/ dagleg vedlikehald og vil difor raskt ta skade dersom vedlikehaldsprosessen stoppar eller ikkje held tritt med forfallet. For å kunne taka vare på dei historiske fartøya over tid er det difor avgjerande at også den tilhøyrande kunnskapen om vedlikehald, reparasjon og drift av fartøya vert ført vidare. Ivaretaking av fartøya kan difor oppfattast som ein kontinuerleg prosess som må styrast og dokumenterast, slik at prosessen gjenskapar det same fartøyet. Dette kallast for prosessautentisk vern.

2.1 Prosessautentisk vern

Ved prosessautentisk vern er hovudfokus flytta frå autentisiteten til dei materielle delane av fartøyet (materialautentisk, sjå punkt om materialautentisk vern ) og over til autentisiteten til dei arbeidsprosessane som restaurerer fartøyet og held det ved like. I anerkjenning av at fortsett bruk medfører at alle fartøyet sine delar over tid kan bli byta ut, må autentisitet haldast oppe gjennom dei prosessane som kontinuerleg reparerer og held det ved like.

Dette betyr ikkje at materialautentisitet er uvesentleg. Men då verneforma har som konsekvens at dei originale delane over tid vil gå tapt, så må informasjonen som ligg i dei originale delane sikrast gjennom den dokumentasjonen som følgjer fartøyet. I tillegg bør viktige utskifta delar takast vare på som referansar.

I tillegg til fartøyet sine einskilddelar, må også reparasjons- og vedlikehaldsprosessane dokumenterast, både for å sikre denne kompetansen for framtida og for å gje ettertida innsikt i våre vurderingar og inngrep. Dermed får dei også høve til å etterprøve og korrigere dei. I det prosessautentiske vernet vil kvaliteten på dokumentasjonen vere med på å avgjere eit fartøy sin verneverdi.

Det grunnleggjande prinsippet i faget antikvarisk fartøyvern kan difor oppsummerast som dokumentert prosessautentisk vern.

Historiske fartøy som inngår i det prosessautentiske vernet vil framleis vere ein del av omgjevnaden og tilføre ein historisk dimensjon til det fysiske miljøet, på same vis som bygningar og andre faste kulturminne.

2.2 Materialautentisk vern

Ved materialautentisk vern er det kulturminnet sine originale delar som avgjer verneverdien. Verneforma består tradisjonelt i å ta kulturminnet ut av vanleg bruk og redusere verknaden av dei nedbrytande kreftene gjennom til dømes klimaregulert lagring Kulturminnet vert her teke vare på som sin eigen dokumentasjon, ved at bevaring av kjeldeverdien (potensialet for forsking) i det konkrete kulturminnet er målet med vernet.

Fartøy som er tekne vare på etter prinsippet om materialautentisk vern kjem inn under andre juridiske og/eller vernefaglege rammeverk enn dei som vert verna gjennom bruk. Forvaltingsansvaret for alle typar fartøy kan setjast opp som i figuren under, der fartøya som vert verna gjennom bruk er i det grøne feltet:

For oversynet sin del kan det her vere nyttig å nemne dei tre hovudgruppene av fartøy som vert tekne vare på etter andre prinsipp enn vern gjennom bruk:

Småbåtar hjå musea

Småbåtar er mindre fartøy som musea tek vare på etter i hovudsak same hovudprinsipp som anna gjenstandsmateriale i samlingane. Det er ei materialautentisk verneform, der inngrepa er avgrensa til konserveringstiltak og klimaregulert oppbevaring, eventuelt med ei diskret komplettering av omsyn til formidlingsverdien. Dette gjeld i hovudsak dei mange små og opne tradisjonsbygde trebåtane. Desse krev ikkje eigne fundament med fastmontert oppstøtting, men er lette nok til å kunne flyttast rundt. Musea har samla på slike småbåtar sidan sist på 1800-talet, og erfaringa syner at desse kan greie seg fint under dei rette lagringsvilkåra.

Større landsette fartøy

Større fartøy som er verna i eigne hus på land er ofte hovudgjenstanden i sitt eige museum. Utstillingane er gjerne bygde opp kring det sentrale fartøyet. Også her er hovudprinsippet det materialautentiske vernet. Men større fartøy er komplekse konstruksjonar med mange tekniske system, der mellom anna innebygde spenningar i konstruksjonen, galvaniske prosessar, uttørking av skroga og punktvis støtte i staden for jamn vektfordeling kan gje omfattande skader og vernefaglege utfordringar.

Mykje tyder på at slike problem har vore undervurderte når ein har valt å landsetje fartøy. Dei landsette fartøya som har klart seg best er dei som vart gjennomgripande restaurerte før landsetjinga (t.d. «Fram»). Ein viktig årsak til dette er at den strukturelle integriteten her er ivareteken. Fartøy som vart landsette som alternativ til restaurering har fått store skader etter landsetjinga (t.d. «Aarvaak», «Polstjerna» og «Helgøya»). Sjølv om den materialautentiske verneforma er utgangspunktet for landsetjinga, må slike landsette fartøy i regelen gjennomgå restaureringstiltak og/eller forsterkast for å motverke skadar som oppstår.

Verneprinsipp: Materialautentisitet.

Omfatta av lov: Kulturminnelova § 14a om freding av båtar og § 23, jf. føreskrifta § 2 punkt e) og m) (forbod mot utførsle av båtar eldre enn 50 år, med mindre dei er innførte etter 1950)

Arkeologiske fartøy

Dette er fartøy som er resultat av arkeologiske utgravingar eller er automatisk freda in situ som skipsvrak i sjøen eller som del av eit arkeologisk felt på land. Vrak av fartøy eldre enn 100 år i sjø eller på land, er freda som kulturminne der dei er. Vernet består i desse tilfella berre av eit forbod mot destruksjon, heving eller utgraving.

Utgravingar gjer arkeologiske lokalitetar om til enkeltgjenstandar som vert deponerte hjå dei arkeologiske musea og i prinsippet underlagte same materialautentiske prinsipp som gjeld for småbåtar og andre museumsgjenstandar. Nokre døme på arkeologiske funn av fartøy er vikingskipa, båtane frå Bjørvika og andre båtar og delar av båtar frå arkeologiske utgravingar på land og i sjø.

3Dokumentasjon

3.1 Dokumentasjonen sin plass i det prosessautentiske vernet

Eit sentralt prinsipp i fartøyvernet er at alle endringar som vert gjort på fartøya skal dokumenterast. Kvaliteten på dokumentasjonen skal vere slik at andre kan etterprøve vurderingane som ligg til grunn for arbeidet og ha informasjon nok til å kunne reversere inngrepet. Det er difor ein tett samanheng mellom kvaliteten på dokumentasjonen og kvaliteten på sjølve verneprosjektet.

Dersom det er ynskjeleg å tilbakeføre fartøyet til utsjånaden det hadde i ein tidlegare periode, skal det først leggjast fram dokumentasjon som syner at dette er mogleg og dermed antikvarisk forsvarleg. Slik dokumentasjon må vere svært detaljert og gjere greie for materialbruk, utforming og overflatehandsaming, også i eventuell innreiing. Det vil til dømes vere uakseptabelt å erstatte ein autentisk 1960-tals innreiing med eit svakt dokumentert framlegg til korleis innreiinga i fartøyet kan ha vore på 1950-talet (ref. punkt 3.2).

Dernest skal sjølve inngrepet dokumenterast etter prinsippa nemnt over, slik at det vert mogleg å reversere endringane dersom ettertida skulle underkjenne grunnlaget for våre val.

Argumenta for å gjere endringar og/eller utskiftingar skal være grunngjevne i

  • historiske tilhøve: Typisk vil mindre fartøy frå fiske og samferdsle ha vore bygde om til fritidsbåtar, medan den historiske interessa er knytt til fartøya sin primære bruk. Endringane som vart gjort ved ombygginga til fritidsfartøy må då reverserast.

eller

  • tekniske/strukturelle tilhøve: Delar av fartøyet må skiftast fordi dei ikkje lenger fungerer eller har mista naudsynt styrke eller vasstett integritet på grunn av korrosjon/råte/slitasje.

3.2 Sikring av dokumentasjon

Dokumentasjonen er hovudskiljet mellom faget fartøyvern og anna reparasjon og bruk av eldre fartøy. Går dokumentasjonen tapt, vil dette skiljet viskast ut og fartøyet tape sin verdi som kulturminne. Å sikre dokumentasjonen er difor heilt avgjerande for å kunne oppretthalde den faglege kvaliteten på fartøyet som verneprosjekt. Omgrepet verneprosjekt er her medvite nytta, då vern av eit fartøy må sjåast som eit kontinuerleg prosjekt – eller prosess – som skal oppretthalde det historiske fartøyet (ref. punkt 2.1)

Mykje av arbeidet med ein historisk dokumentasjon er å lokalisere, kopiere og sikre historiske kjelder. Folk sit ofte på mykje viktig informasjon som dei gjerne deler med verneprosjektet, som til dømes gamle foto, historiske dokument og teikningar. Dei kan òg  fortelje historier frå opplevingar med fartøyet.

Ei av dei mest sentrale oppgåvene er å fasthalde og systematisere denne flaumen av historiske opplysningar som folk kjem med. Eit godt grep er å definere dette som eit eige ansvarsområde gjennom å opprette ei dokumentasjonsgruppe eller peike ut ein dokumentasjonsansvarleg ved prosjekta. Den eller dei ansvarlege har til oppgåve å sikre dokumentasjon ein får del i og søkje i tilgjengelege arkiv etter meir.

God og systematisert dokumentasjon vil bidra til å auke fartøyet si verneverdi og gjere det langt lettare å skrive den teknisk-historiske dokumentasjonsrapporten. Nokre prosjekt har god erfaring med å samarbeide med lokale museum, som då tak seg av arbeidet med å sikre foto og annan historisk dokumentasjon på forsvarleg vis og til dømes gjere materialet tilgjengeleg via internett.

3.3 Emne for dokumentasjonen

I fartøyvernet skil vi mellom tre ulike dokumentasjonsobjekt, eller emne for dokumentasjon:

  • Handverksteknikkar som er naudsynte for å restaurere og halde ved like fartøy.
  • Generell teknisk- og kulturhistorisk kunnskap som kan gje kontekstuell kunnskap om fartøy og gjere det mogleg å vurdere representativitet, historisk betydning og liknande.
  • Sjølve fartøyet som konkret materielt objekt.

Punkt 1. og 2. gjeld dokumentasjon av ulike former for kunnskap, medan punkt 3. (fartøyet) gjeld dokumentasjon av eit materielt objekt. Desse tre dokumentasjonsobjekta kan vidare delast inn i ulike undergrupper, som til dømes:

Handverksteknikkar

  • Teknikkar/handverk knytt til bygging og reparasjon
  • Teknikkar/handverk knytt til det daglege og periodiske vedlikehaldet
  • Teknikkar og kunnskap knytt til drifta (handtering av fartøyet under fart)

Generell teknisk- og kulturhistorisk kunnskap

  • Kunnskap om fartøykategoriene si inndeling og utvikling (synkron og diakron typologi).
  • Kunnskap om teknisk utvikling (teknikkhistorie)
  • Kunnskap om fartøya si samfunnsmessige betydning (kulturhistorie)

Sjølve fartøyet

  • Objektet: sjølve fartøyet i samtida (Dokumentasjon as-is, Tilstandsrapport)
  • Prosessen: arbeid på fartøyet i samtida (Rapport frå restaurering)
  • Fortidige prosesser og objektet i fortida (Teknisk-historisk dokumentasjon)

Medan dokumentasjon av hendingar og objekt i samtid kan utførast av oss sjølve som ein medviten prosess medan dei finn stad, så må kunnskapen vår om hendingar og objekt i fortida byggje på ei samling meir tilfeldige dokumentasjonar og kunnskapsfragment. Dette gjer at arkivmaterialet ikkje kan nyttast direkte i arbeidet vårt, men må nyttast som kjelder som først må tolkast og haldast opp mot kvarandre som ein del av prosessen med å rekonstruere fortidige hendingsforløp og situasjonar.

4Restaureringsprosess

Eit verneinitiativ kjem gjerne som resultat av at eit fartøy som vert opplevd som viktig, har nådd enden av sitt yrkesaktive liv og tapt sin kommersielle verdi, og opphogging er neste naturlege steget. Slike fartøy er som regel nedslitne og prega av fleire år med provisoriske reparasjonar og manglande vedlikehald.

Om fartøyet er overkomeleg i innkjøp er behovet for kapital til istandsetjing desto større. Det vil seie at det første ein urøynt eigar eller eit nyskipa lag gjev seg i kast med, er den fagleg og økonomisk mest krevjande delen av vernearbeidet, der eit fartøy med langt kome forfall skal setjast i driftsklar stand att. Læringskurva vil vere bratt, og kontakten med dei antikvariske styresmaktene bør vere god.

Restaureringa vil ofte omfatte heile fartøyet, inkludert konstruksjonen, dei tekniske systema, innreiinga og systemet for framdrift. Det er i utgangspunktet ikkje noko av dette som er unnateke frå å følgje antikvariske prinsipp, då eit historisk fartøy er totaliteten av sine ulike delar og komponentar.

I den tidlege fasen er det lett å gjere feil som gjer at viktig dokumentasjon i form av spor om bord går tapt. Ein viktig regel er difor at første person om bord berre skal ha med seg eit kamera og gjere ei grundig fotodokumentasjon av heile fartøyet før alt anna arbeid tek til. Dernest må fartøyet si tekniske historie undersøkjast som grunnlag for å planlegge ein restaureringsprosess som også kan innehalde kompletteringar og tilbakeføringar  delar av fartøyet. Når arbeidet med sjølve fartøyet tek til, må nokon med kamera følgje med, dokumentere og notere, då dokumentasjon av denne prosessen er like viktig som situasjonen i utgangspunktet.

4.1 Reparasjonar

Etter kvart som fartøyet sine einskilddelar forfell, må dei på eit tidspunkt bytast ut dersom funksjonen eller styrken skal oppretthaldast. Når eit fartøy nærmar seg slutten på sitt kommersielle liv, vil reiaren ofte søkje å utsette kostbart vedlikehald og reparasjonar, då slike investeringar ikkje framstår som økonomisk fornuftige. Når eit slikt fartøy skal restaurerast vil det difor ofte vere eit stort etterslep på vedlikehald og reparasjonar.

Ei restaurering er ein reparasjon som skjer etter antikvariske prinsipp, ofte kalla «likt-mot likt», der nye delar må vere av same materiale og forarbeida og festa på same vis og med same overflatehandsaming. Det kan vere vanskeleg å få fagfolk med på å nytte material og metodar som dei opplever som forelda, dårlegare eller unødig kostbare og kompliserte samanlikna med dagens praksis. Her må ein likevel vere prinsippfast, då oppgåva er å bevare fartøyet – ikkje å forbetre det. Som prov på at det er ei restaurering som er gjennomført skal prosessen dokumenterast etter prinsippa som er skildra i kapitel 2.

4.2 Tilbakeføringar

Dersom fartøyet har vore ombygd i tida etter den perioden som er lagt til grunn for vernearbeidet, vil restaureringsprosessen også innebere tilbakeføringar og kompletteringar. Dette kan vere alt frå tilbakeføring av mindre og avgrensa område, til dømes overflata i eit rom, til store og omfattande prosjekt som tilbakeføring frå dieseldriven fraktebåt attende til perioden som dampdrive passasjerskip.

Når ein tidlegare utsjånad av fartøyet skal vere utgangspunktet for restaureringa, må fartøyet tilbakeførast til slik det var på den tida. Dette gjeld ikkje berre utsjånaden. Også tekniske system, framdrift og innreiing må vere samstemte med den aktuelle perioden. Tilbakeføringar må alltid vere klårt grunngjevne og dokumenterte, slik at ettertida får informasjon nok til å etterprøve våre konklusjonar og eventuelt reversere våre inngrep.

Også prinsippet om å leggje siste periode i aktiv/kommersiell teneste til grunn for vernet, vil i regelen medføre at verneprosjekta vil innehalde element av tilbakeføring. Fartøya vil ofte ha overlevd i i andre roller, og dermed ha blitt tilpassa desse. Til dømes kan mange mindre fiskefartøy ha hatt ein periode som fritidsfartøy, dykkarfartøy eller liknande, etter at det vart teke ut av fiske. Dette vil i regelen ha sett preg på innreiinga og utrustinga. Typisk er innreiing i lasterommet og at alle installasjonar til handsaming av fiskereiskap er fjerna.

Det er også slik at initiativtakarane sitt engasjement kan vere knytt til ein tidlegare periode i fartøyet si historie. Det vert då raskt eit sterkt ynskje om å tilbakeføre fartøyet til denne perioden, då det er skipet slik det var – og ikkje slik det er – som er utgangspunktet for det sterke engasjementet.

Arbeidet med tilbakeføring må ikkje ta til før dokumentasjonen for den ønska perioden er tilstrekkeleg og kvalitetssikra. Elles risikerer ein til dømes å miste den autentiske innreiinga frå 1950-talet før det viser seg at det ikkje finst godt nok grunnlag til å rekonstruere innreiinga frå 1930-tallet. Eit fartøy gjennomgår endringar og tilpassingar kontinuerleg, og ei tilbakeføring til ein tidlegare situasjon vil i regelen syne seg langt meir komplisert enn ein først trudde. Det er ikkje berre fartøyet sin ytre profil som må gjenskapast, men også alle detaljar i innreiinga, tekniske system, framdriftsmaskineri m-m. Det krevst då ganske omfattande og detaljert dokumentasjon dersom ein slik prosess skal kunne forsvarast fagleg.

Historie er noko fartøyet akkumulerer på si ferd gjennom tida, der kvar epoke set sine spor gjennom reparasjonar, tilpassingar og moderniseringar. Vi skal vere svert tilbakehaldne med å viske ut desse historiske spora gjennom tilbakeføringar med utgangspunkt i meir tilfeldige preferansar.

5Historisk verdi - grunnlaget for å verne

Eit fartøy sin verdi som kulturminne kan vurderast ut frå to ulike tilnærmingar:

  • Fartøyet si evne til å fortelje generell kulturhistorie gjennom å representerer ei gruppe liknande fartøy (ein kategori).

eller

  • Fartøyet si evne til å fortelje om særskilde historiske personar eller hendingar.

Sjølv om vernet kan vere grunngjeve ut frå ulike tilnærmingar, er dei konkrete prinsippa for restaurering og vedlikehald av fartøyet dei same uansett grunngjevinga.

5.1 Fartøyet som representant for ein kategori

Ei viktig målsetjing med offentlege tilskot til dei verna og freda fartøya er å sikre eit representativt utval historiske fartøy. Det vil seie at ein vesentleg dimensjon ved fartøya er i kva grad dei kan representere norsk fartøybruk. Vurderinga av dette inngår i handsaminga av søknader om status som verna skip. Her vert fartøyet si tekniske og bruksmessige historie samanfatta, og fartøyet identifisert som representant for ein type, som til dømes kan vere definert ut frå følgjande kategoriar:

  • Bruk: Til dømes fiskefartøy, lastefartøy, passasjerfartøy, fritidsfartøy.
  • Konstruksjon/byggemåte: Til dømes sveist stålfartøy, kravellbygd trefartøy, klinkbygd jernfartøy.
  • Materiale: Til dømes stål, tre, aluminium, glasfiber, betong.
  • Framdriftsmåte: Til dømes seglskip, dampskip, motorfartøy, robåt.

5.2 Fartøyet som unikt kulturminne

Fartøy kan ha særlege historiske eller tekniske kvalitetar som ikkje vert dekte av det representative vernet som tek utgangspunkt i ei inndeling av fartøya i kategoriar. Fartøyet kan til dømes vere ein prototyp eller eit enkeltståande fartøy som ikkje inngår i dei definerte kategoriane, eller det kan ha historia si knytt til sentrale historiske personar, hendingar eller prestasjonar av nasjonal eller internasjonal karakter. Fartøyet vert då meir et monument over ein historisk person eller hending enn representant for ein kategori.

Ei slik grunngjeving for vern kan forsvare ein større grad av tilbakeføring dersom det er stort avvik mellom fartøyet sin noverande utsjånad og utsjånaden på den tid personen levde eller hendinga fann stad. Prinsippet om dokumentasjon må likevel ikkje fråvikast, og det må leggjast særskild vekt på å få fram korleis eventuelle manglar i dokumentasjonen vert vurderte og kompenserte.

6Sentrale dokument i ein restaureringsprosess

Denne kontinuerlege prosessen som opprettheld fartøyet som kulturminne må dokumenterast slik at ettertida får innsikt i våre vurderingar og inngrep, og dermed får høve til å etterprøve og korrigere dei. Gjennom systematisk dokumentasjon, etterprøvingar og supplerande undersøkingar vil vi over tid kontinuerleg auke innsikta og hevje kvaliteten på både dei verna fartøya og kunnskapen om prosessane som er naudsynte for restaurering og vedlikehald.

Sjølv om restaureringa av fartøya kan opplevast som hovudsaka i fartøyvernet, så er ikkje restaureringsprosessen definert som ei eiga sak hjå Riksantikvaren eller fylkeskommunen. Kulturminneforvaltinga kan fatte vedtak i følgjande klårt definerte saker innan fartøyvernet:

  • Handsaming av søknader om status som verna skip
  • Fredingssaker
    • Freding
    • Dispensasjon frå fredingsføresegnene
  • Tilskotssaker
  • Utførslesaker

I tillegg til slike definerte saker får forvaltinga ei rekkje spørsmål om juridiske, forvaltingsmessige, tekniske og organisatoriske tilhøve. Forvaltinga kan også på eige initiativ hente inn informasjon til bruk i ulike samanheng frå eigarar, fartøyvernsentre med fleire.

Den kontinuerlege prosessen med restaurering og vedlikehald av dei historiske fartøya kan sjåast som den sentrale og aldri avslutta saka i fartøyvernet. Likevel er ikkje denne definert som ei eiga sak i forvaltinga, men vi kan forstå restaureringsprosessen som ein overordna sak som alle dei definerte sakene i lista over inngår i.

Det er mogleg å setje opp eit oversyn over dei dokumenta som inngår i denne overordna restaureringsprosessen.  Det er ein kontinuerleg prosess med meir og mindre intensive periodar. Oversikta vil samstundes synleggjere dei prinsippa som må leggjast til grunn for ein fagleg forsvarleg antikvarisk prosess:

Underlagsdokument

Dette er dokument som skal danne underlag for avgjersler og vedtak.

  • Forprosjekt – alle typar enklare preliminære undersøkingar
  • Tilstandsvurdering
  • Teknisk-historisk dokumentasjonsrapport

Avgjersle-dokument

Dette er dokument der det vert gjort avgjersler eller vedtak som legg føringar for den vidare restaureringsprosessen. Desse avgjerslene vert i regelen gjort ved handsaminga av søknader om status som verna skip eller som del av eit fredingsvedtak.

  • Avgjersle om vernestatus
  • Avgjersle om periode som ligg til grunn for vern av fartøyet

Utføringsdokument

Dette er dokument som presiserer kva for konkrete handlingar som er planlagd utført på grunnlag av avgjersledokumenta.

  • Restaureringsplan
  • Vedlikehaldsplan

Oppsummerande dokument

Dette er dokument som dokumenterer kva som faktisk har vore utført av konkrete tiltak på fartøyet.

  • Rapport frå restaurering: Oversynet over dokumenta illustrerer korleis den skriftlege prosessen som følgjer istandsetjing og vedlikehald av fartøyet, samstundes er det sentrale verkemiddelet til å oppretthalde fartøyet sin autentisitet gjennom prinsippet om dokumentert prosessautentisk vern.