Råd om varmepumper i freda og verneverdige bygningar

Denne rettleiaren skal hjelpe eigarar, saksbehandlarar, energirådgivarar og installatørar med å finne gode løysingar for varmepumper i freda og verneverdige bygningar

1Hjelp til energieffektivisering

I 2021 lanserte Riksantikvaren ein klimastrategi for heile kulturmiljøfeltet fram mot 2030. For å møte klimautfordringane vi står overfor, treng vi tiltak både for klimatilpassing og for reduksjon av klimagassutslepp. For å redusere klimagassutslepp er det viktig å ta vare på, bruke og energieffektivisere eldre bygningar.

Energieffektivisering er ei samlenemning på alle tiltak som gjer at det blir brukt mindre energi. I ein eldre bygning kan det innebere temperaturstyring, å tette rundt vindauge og dører og å sette inn varevindauge, men det mest effektive tiltaket er faktisk å installere ei varmepumpe.

Riksantikvaren vil anbefale huseigarar å installere ei varmepumpe før dei gjennomfører andre og meir omfattande, kostbare og irreversible tiltak.

2Valet av varmekjelde påverkar klimagassutsleppa

Å installere ei varmepumpe er eit klokt val om ein vil redusere energiforbruket og kutte straumrekninga. Ein annan positiv effekt er at det reduserer klimagassutsleppa frå bygningen. Alle energikjelder fører med seg klimagassutslepp. Ei energikjelde er for eksempel elektrisitet, ved eller fjernvarme. Klimagassutslepp frå bruk av energi heng derfor saman med typen energikjelde og kor mykje energi som blir brukt. For å redusere klimagassutsleppet kan ein byte energikjelde, redusere forbruket eller gjere begge delar.

Eldre bygningar har som regel større behov for oppvarming enn nybygg og bruker derfor også ofte meir energi til oppvarming. Dersom ein får redusert energibruken i eldre hus, blir også klimagassutsleppet redusert. Ein panelomn gjer elektrisitet om til varme på ein lite effektiv måte. Ei luft-til-luft-varmepumpe er mykje meir effektiv. Begge to bruker elektrisitet, men varmepumpa treng mindre for å gi den same varmen. Når forbruket av elektrisitet går ned, går også klimagassutsleppa ned. Derfor er det eit klimatiltak å installere meir effektive oppvarmingsanlegg i eldre bygningar.[1]

[1] Klimagassutslipp fra oppgradering av eldre bygg. 24 case-studier fra Innlandet.

Å installere ei luft-til-luft-varmepumpe er eit lågterskeltiltak som kjem godt ut av det når vi vektar inngrep i kulturminnet mot effekt. Ei luft-til-luft-varmepumpe er det mest effektive enkelttiltaket med tanke på investeringskostnad, og effekten gir straks utslag på straumrekninga. Alt i alt er ei luft-til-luft-varmepumpe eit reversibelt tiltak, og det er mogleg å vere fleksibel og kreativ når det gjeld plasseringa. Med få unntak toler dei aller fleste bygg ei luft-til-luft-varmepumpe.

3Anbefalingar for installasjon av luft-til-luft-varmepumpe

  • Prøv å unngå å plassere varmepumpa på ein fasade som vender ut mot offentleg rom, gate eller gardstun.
  • Ta omsyn til viktige element i fasaden når du skal velje plassering.
  • Monter eit varmepumpehus, og mål varmepumpehuset og kanalføringa for røyr og kablar i same farge som huset. Eventuelt kan røyr og kablar gøymast bak kledningen.
  • Ei luft-til-luft-varmepumpe lagar litt støy – tenk på naboen dersom du bur i eit tettbygd strøk.
  • Plasser utedelen godt over bakken, og sørg for god drenering.
  • Be gjerne installatøren om referanseprosjekt for varmepumpe på verneverdige hus, og ha ein god diskusjon om plasseringa på førehand – ofte er det fleire moglege løysingar.
  • Sørg for at både bedrifta og installatøren som utfører jobben, er f-gass-sertifiserte. Norsk Varmepumpeforening (NOVAP) har ei liste over NOVAP-godkjende forhandlarar på varmepumpeinfo.no.

Småbruk: Ei god løysing

Her er synast ei løysing for luft-til-luft-varmepumpe på bustadhuset på eit lite småbruk. Varmepumpe er plassert midt mellom vindauga i første etasje for å halde på symmetrien i fasaden. Det viktige grepet her er å plassere varmepumpa på kortsida av huset, og unngå ei forstyrrande plassering ved sida av den flotte inngangsdøra i nyklassisistisk stil. Varmepumpa er bygd inn i eit varmepumpehus som er måla i same farge som fasaden.
Her er det vist en løsning for luft-til-luft-varmepumpe på bolighuset på et lite småbruk. Varmepumpen er plassert midt mellom vinduene i første etasje for å opprettholde symmetrien i fasaden. Det viktige grepet her er å plassere varmepumpen på kortsiden av huset, og unngå en forstyrrende plassering ved siden av den flotte inngangsdøren i nyklassisistisk stil. Varmepumpen er bygget inn i et varmepumpehus som er malt i samme farge som fasaden. Foto: Romfarer Arkitekter AS/Stein Høglund

Småbruk: Ei dårleg løysing

Denne illustrasjonen syner ei dårleg plassering av varmepumpa på same fasade som inngangsdøra. Varmepumpa kjem i konflikt med inngangspartiet, som er eit viktig element i fasaden. Her er også varmepumpa noko av det første ein ser når ein kjem gåande opp den vesle vegen mot inngangsdøra. I tilleg er ikkje varmepumpa bygd inn i eit varmepumpehus, noko som gjer at den er endå meir forstyrrande i miljøet.
Denne illustrasjonen syner ei dårleg plassering av varmepumpa på same fasade som inngangsdøra. Varmepumpa kjem i konflikt med inngangspartiet, som er eit viktig element i fasaden. Her er også varmepumpa noko av det første ein ser når ein kjem gåande opp den vesle vegen mot inngangsdøra. I tilleg er ikkje varmepumpa bygd inn i eit varmepumpehus, noko som gjer at den er endå meir forstyrrande i miljøet. Foto: Romfarer Arkitekter AS/Stein Høglund

4Varmepumpe i ein bygning med vern?

Ein god del bygningar i Noreg har eit vern etter kulturminnelova, plan- og bygningslova, eller svalbardmiljølova. Freding er den sterkaste forma for vern i Noreg. Freda kulturminne er vurderte til å ha nasjonal verdi, og ei freding inneber at inngrep eller endringar må godkjennast av myndigheitene.

Mange bygningar har regional eller lokal verdi og kan bli verna gjennom plan- og bygningslova. For kulturminne som er regulerte til bevaring eller omsynssone gjennom plan- og bygningslova, er det reguleringsføresegnene som set ramma for kva tiltak som blir godkjende av plan- og bygningsmyndigheitene i kommunen. Nokre bygningar er definerte som verneverdige utan å ha eit juridisk vern, men ein del av dei er listeførte, slik at det likevel finst retningslinjer for korleis dei skal forvaltast. Eksempel på slike lister er NB!-registeret, Gul liste frå Byantikvaren i Oslo og Aktsemdskartet i Trondheim.

Å installere ei varmepumpe i eit freda bygg krev søknad om dispensasjon. For bygningar som er verna etter plan- og bygningslova eller listeførte, er det viktig å ta kontakt med kommunen for å avklare om tiltaket må godkjennast.

Reversibilitet er viktig når myndigheitene skal vurdere om eit tiltak kan tillatast eller ikkje. Reversibilitet betyr at tiltaket, i dette tilfellet ei varmepumpe, kan fjernast utan å etterlate seg skadar eller varige endringar på bygningen. Varmepumpa vil etterlate eit mindre hol i fasaden, men i stort blir ei luft-til-luft-varmepumpe vurdert som eit reversibelt tiltak.

Riksantikvaren anbefaler at det blir gitt løyve til å installere varmepumpe når tiltaket følger lover og reglar og er i tråd med denne rettleiaren.

Sveitsarvilla: Gode løysingar

Den første løysinga er å trekkje kanalen rett opp gjennom verandagolvet til ein golvmontert innedel. Då vert kanalen veldig kort og skult bak gelenderet på verandaen.
Den første løysinga er å trekkje kanalen rett opp gjennom verandagolvet til ein golvmontert innedel. Då vert kanalen veldig kort og skult bak gelenderet på verandaen.
Den andre løysinga er å trekkje kanalen langs stolpen i hjørnet på verandaen til ein takmontert innedel. Då vil kanalen liggje inne i eit hjørne, langs ein stolpe, og vere lite synleg.
Den andre løysinga er å trekkje kanalen langs stolpen i hjørnet på verandaen til ein takmontert innedel. Då vil kanalen liggje inne i eit hjørne, langs ein stolpe, og vere lite synleg.
Den tredje løysinga er å trekkje kanalen under vassbordet langs fasaden og rundt hjørnet. På kortsida er det ein golvmontert innedel som sørgjer for at ein unngår å trekkje kanalen langt opp på fasaden.
Den tredje løysinga er å trekkje kanalen under vassbordet langs fasaden og rundt hjørnet. På kortsida er det ein golvmontert innedel som sørgjer for at ein unngår å trekkje kanalen langt opp på fasaden.

Sveitsarvilla: Ei dårleg løysing

Her illustrerast ei dårleg løysing for plassering av utedelen av ein luft-til-luft-varmepumpe på sveitservillaen. Varmepumpene er plassert ved sida av den flotte verandaen og forstyrrer opplevinga av dei viktigaste elementa i fasaden.
Her illustrerast ei dårleg løysing for plassering av utedelen av ein luft-til-luft-varmepumpe på sveitservillaen. Varmepumpene er plassert ved sida av den flotte verandaen og forstyrrer opplevinga av dei viktigaste elementa i fasaden.

Særleg om freda bygningar

Fredingsvedtaket beskriv omfanget av og formålet med fredinga. Det skal forklare verdiane i kulturminnet.

For freda bygg i privat eige er fylkeskommunen kulturminnemyndigheit. Tidleg dialog der både fylkeskommunen, varmepumpeinstallatøren og eigaren er involverte, er viktig. Det beste er å dra på ei felles synfaring og saman vurdere behov og moglege løysingar. Dei gode løysingane dukkar ofte opp når ulike innfallsvinklar møtest.

Dersom det skal installerast varmepumpe i eit freda bygg, er det to ting det er viktig å gjere tidleg i prosessen:

  • Sjekk formålet med og omfanget av fredinga, og ta tidleg kontakt med fylkeskommunen for å finne ut kva for alternativ som finst.
  • Ta kontakt med ein erfaren, f-gass-sertifisert og gjerne NOVAP-godkjend varmepumpeinstallatør. Prøv å finne ein installatør som har jobba med freda eller verneverdige bygningar før, og be om referanseprosjekt.

I bygningar som har rom med freda interiør, er det best å unngå å installere innedelen til varmepumpa i desse romma. Dersom behovet for oppvarming er størst i rom med freda interiør, bør ein velje ein innedel kjøpt ferdig i passande farge, eller ein som kan lakkerast i same farge som interiøret. For å finne den beste løysinga både for oppvarminga og for det freda interiøret er det viktig å diskutere dei ulike alternativa med fylkeskommunen og installatøren.

5Ulike typar varmepumper – korleis fungerer dei, og kva bør du tenke på før du tar eit val?

Dei tre vanlegaste varmepumpene i bruk i Noreg er luft-til-luft-varmepumpe, væske-til-vatn-varmepumpe og luft-til-vatn-varmepumpe. Dei tre typane fungerer på ulik måte og gir ulik effekt. Det er viktig å avklare kva som passar best for deg og din bygning, kva behov du har, og kva som er ein akseptabel investeringskostnad. Det er viktig å ta kontakt med kvalifiserte fagpersonar og diskutere valet av løysing. Kanskje finst det eit eksisterande anlegg som kan utnyttast på ein betre måte, eller det er andre føresetnader i bygningen som peiker mot éi løysing framfor ei anna.

Kva er ei luft-til-luft-varmepumpe?

Ei luft-til-luft-varmepumpe bruker lufta ute som energikjelde for å varme opp lufta inne. Varmepumpemodellar som er tilpassa eit kaldt, nordisk klima, kan hente energi frå uteluft med temperaturar heilt ned til minus 25 grader. Det er likevel viktig å hugse at ytinga til ei luft-til-luft-varmepumpe gradvis blir dårlegare når temperaturen ute søkk, og at pumpa derfor er mindre effektiv ved svært låge utetemperaturar.

Luft-til-luft-varmepumper utnyttar elektrisitet til varme på ein meir effektiv måte enn ein panelomn gjer. I snitt får du gjennom eit år normalt to til tre gonger så mykje varme tilbake som den straumen varmepumpa bruker. Ei luft-til-luft-varmepumpe er ei såkalla punktoppvarmingskjelde. Det betyr at ho leverer varme frå eitt punkt i bygningen. Varmen blir spreidd rundt i huset ved hjelp av ei vifte i varmepumpa.

Varmepumpa består av ein utedel og ein innedel. Dei to delane er kopla saman med koparrøyr og ein elektrisk kabel. I tillegg går det ein kondensvass-slange frå innedelen. Alle røyr og leidningar blir samla i ein kanal som er festa utanpå kledningen.

Når er luft-til-luft-varmepumpe det beste alternativet?

Fordi ei luft-til-luft-varmepumpe er ei punktoppvarmingskjelde, er ho mest effektiv i hus med open planløysing. Storleiken på huset, kor godt isolert det er, og kor mange etasjar det har, er andre faktorar som påverkar kor stor effekt du får av ei varmepumpe. Det kan ofte vere behov for ei varmekjelde i tillegg, som panelomnar eller vedfyring. Det gjeld særleg på dagar da det er svært låge temperaturar og varmepumpa er mindre effektiv.

I bygardar og leilegheitsbygg som blir varma opp av elektriske panelomnar i kvar eining, kan det å erstatte desse med luft-til-luft-varmepumper vere ei utfordring. Fleire luft-til-luft-varmepumper på ein fasade kan gi eit rotete preg. Ei løysing kan vere å plassere varmepumpa på ein balkong. I bygardar og leilegheitsbygg er også støy frå varmepumpene eit viktig moment fordi fleire varmepumper på éin stad kan verke forstyrrande for bebuarane.

I mindre fleirmannsbustader, som firemannsbustader, rekkehus og liknande kan det vere enklare å finne gode løysingar for luft-til-luft-varmepumper. I sameige og burettslag må luft-til-luft-varmepumper godkjennast av styret, og det bør utarbeidast gode felles retningslinjer med krav til kvalitet, leverandør, plassering, montering og lydnivå. I tillegg bør det bestillast like varmepumpehus for alle varmepumpene. På verneverdige bygningar med fleire bueiningar, bør det stillast krav om felles retningslinjer og at det blir jobba fram heilskaplege og gode løysingar for heile bygget og ikkje for enkeltleilegheiter.

Heilskapeleg: Ei god løysing

Heilskapeleg bustadområde i nyklassisistisk stil. Området bestar av firemannsbustader og eit viktig kjenneteikn er dei symmetriske fasadane. Eit godt grep er difor å plassere utedelen til varmepumpene symmetrisk på fasaden. Her synast ei løysing der alle dei fire leiligheitene i kvart bygg kan få ei varmepumpe. På kvar kortside er det plassert to varmepumper. Varmepumpene er plassert under vindaugene, og det er like varmepumpehus på alle. Varmepumpehusa målast i same farge som fasaden røyr og leidningar er lagt bak panel i fasaden (stipla linje). Då er det kun varmepumpehuset som er synleg i fasaden.
Heilskapeleg bustadområde i nyklassisistisk stil. Området bestar av firemannsbustader og eit viktig kjenneteikn er dei symmetriske fasadane. Eit godt grep er difor å plassere utedelen til varmepumpene symmetrisk på fasaden. Her synast ei løysing der alle dei fire leiligheitene i kvart bygg kan få ei varmepumpe. På kvar kortside er det plassert to varmepumper. Varmepumpene er plassert under vindaugene, og det er like varmepumpehus på alle. Varmepumpehusa målast i same farge som fasaden røyr og leidningar er lagt bak panel i fasaden (stipla linje). Då er det kun varmepumpehuset som er synleg i fasaden.

Heilskapeleg: Ei dårleg løysing

Her er same bustadområde illustrert med dårlege løysingar for varmepumpene. Varmepumpene er vilkårleg plassert på fasaden, utan hensyn til symmetri eller viktige element som inngangsparti. Varmepumpene er plassert på ulike stader frå hus til hus, og det er ikkje montert varmepumpehus. Resultatet er at varmepumpene blir langt meir framtredande på fasaden enn naudsynt, og dei øydelegg opplevinga av kulturmiljøet.
Her er same bustadområde illustrert med dårlege løysingar for varmepumpene. Varmepumpene er vilkårleg plassert på fasaden, utan hensyn til symmetri eller viktige element som inngangsparti. Varmepumpene er plassert på ulike stader frå hus til hus, og det er ikkje montert varmepumpehus. Resultatet er at varmepumpene blir langt meir framtredande på fasaden enn naudsynt, og dei øydelegg opplevinga av kulturmiljøet.

Plassering

Plassering av utedelen:
Plasseringa av utedelen til ei varmepumpe har betydning for korleis ein bygning framstår. Heldigvis er det stor fleksibilitet når det gjeld plasseringa, og det er absolutt mogleg å finne gode løysingar.

  • Som hovudregel bør ikkje utedelen av varmepumpa vende ut mot gater, offentleg rom eller open gardsplass.
  • Unngå å plassere utedelen til varmepumpa slik at han konkurrerer med viktige element i fasaden, som trapper, verandaer, karnapp, balkongar eller liknande.
  • Vi anbefaler å montere eit varmepumpehus rundt varmepumpa. Eit varmepumpehus er ein kasse til å montere rundt utedelen til ei varmepumpe. Varmepumpehuset vernar varmepumpa mot snø og regn og bidrar til at utedelen ikkje stikk seg ut som eit framandelement. Dei fleste forhandlarar av varmepumper sel varmepumpehus, men det er også mogleg å bygge eit sjølv. Det er viktig at varmepumpehuset er riktig utforma, slik at det ikkje påverkar effekten av varmepumpa.
  • Dersom det er mogleg, kan utedelen plasserast under ei høg trapp eller på ein veranda/balkong.
  • Varmepumpehuset bør målast i same farge som veggen det er montert på. Lakker også kanalen for røyr og kablar i same farge som veggen, eller kjøp ein farga kanal.
Gode plasseringar: Illustrasjonen syner eksempel på ein tett bysituasjon med eit variert bygningsmiljø. Dei blå ringane markere ulike variantar av gode løysingar for plassering av utedelen på ei varmepumpe. Det viktigaste grepet er å unngå plassering ut mot gate og offentlege rom. Dette rådet gjeld uansett, men det blir ekstra tydeleg i tette bustadområde dersom fleire installerer varmepumpe på godt synlege stader.
Gode plasseringar: Illustrasjonen syner eksempel på ein tett bysituasjon med eit variert bygningsmiljø. Dei blå ringane markere ulike variantar av gode løysingar for plassering av utedelen på ei varmepumpe. Det viktigaste grepet er å unngå plassering ut mot gate og offentlege rom. Dette rådet gjeld uansett, men det blir ekstra tydeleg i tette bustadområde dersom fleire installerer varmepumpe på godt synlege stader.
Byggmesterfunkis: På dette bustadhuset frå 1930-talet i byggmesterfunkis, har utedelen til varmepumpa blitt plassert under trappa opp til ein høg verande. Utedelen er bygd inn med eit varmepumpehus, og i tillegg er det eit espalier foran, som sørgjer for at utedelen er godt skjult. Kanalen går langs fasaden og opp gjennom terrassegolvet (stipla linje). Innedelen er ein golvmodell (stipla firkat). Fordelen med denne løysinga er at kanalen skjulast bak brystninga på verandaen.
Byggmesterfunkis: På dette bustadhuset frå 1930-talet i byggmesterfunkis, har utedelen til varmepumpa blitt plassert under trappa opp til ein høg verande. Utedelen er bygd inn med eit varmepumpehus, og i tillegg er det eit espalier foran, som sørgjer for at utedelen er godt skjult. Kanalen går langs fasaden og opp gjennom terrassegolvet (stipla linje). Innedelen er ein golvmodell (stipla firkat). Fordelen med denne løysinga er at kanalen skjulast bak brystninga på verandaen.
  • Maksimal avstand mellom utedelen og innedelen varierer frå produkt til produkt, men som regel er det ikkje noko problem med ein avstand på 15 meter mellom dei to delane. Det betyr at du kan finne ei skjerma plassering til utedelen og legge kablane i kanalar bort til innedelen. Kanalane kan for eksempel leggast langs underkanten av panelet i fasaden på eit trehus. Dersom bygningen tillèt det og det er i tråd med verneføresegnene, kan røyr og kablar leggast bak panelkledningen. Ofte er dette enklare på bygningar med ståande kledning enn med liggande. Da kan ein ta av eitt eller to bord og montere dei tilbake når varmepumpa er installert. Det kan vere lurt å legge røyra i eit trekkrøyr for å sikre seg ekstra mot eventuelle lekkasjar av kondensvatn dersom varmepumpa skal brukast til kjøling om sommaren. Ved gitte føresetnader kan skjulte installasjonar krevje at ein loddar forbindelsen mellom inne- og utedelen for å sikre at forbindelsen blir permanent. Dette er kompetanse som installatørane har.
  • Utedelen lagar vibrasjonsstøy. Fordi denne vibrasjonsstøyen kan overførast til trekonstruksjonen, er det viktig at utedelen ikkje blir plassert på kledningen på trebygningar. I staden bør han plasserast på eit bakkestativ eller festast med ein brakett til grunnmuren. Det er også lurt å montere vibrasjonsdemparar. Sjølve varmepumpa lagar også lyd. Det er lurt å undersøke lydnivået før du vel varmepumpe. Det er ikkje mykje som skal til – ein forskjell på 5–6 desibel vil vere tydeleg. Varmepumpa lagar meir bråk desto meir ho jobbar, derfor vil lydnivået vere høgast om vinteren når det er kaldt. I tettbygde strøk er det viktig å tenke på om varmepumpa kan forstyrre naboane.
  • Det er viktig at utedelen blir plassert minst ein halv meter over bakken for å unngå problem med is frå avriming og at han blir dekt av snø om vinteren. Eit anna viktig punkt er at utedelen produserer mykje vatn under avriming. Det må derfor vere god drenering bort frå staden der utedelen er plassert.

Plassering av innedelen:
Plassering av innedelen er viktig med tanke på både estetikk, varmefordeling og støy. Innedelen bør plasserast i nærleiken av dei romma du oppheld deg mest i. Dersom bustaden går over to eller fleire plan, kan det vere ei god løysing å plassere innedelen i nærleiken av ei open trapp.

Det finst mange variantar av varmepumper, og innedelen kan tilpassast fargene i interiøret. Dette er noko leverandøren kan gi deg gode tips om.

Kva er ei væske-til-vatn-varmepumpe?

Ei væske-til-vatn-varmepumpe bruker energi frå fjell, jord, grunnvatn eller sjøvatn som varmekjelde. Varmen blir transportert via ei frostsikker væske gjennom ein energibrønn og fram til varmepumpa. Frå varmepumpa blir varmen overført til eit vassbore system i bygningen. Bergvarmepumper hentar energi frå fast fjell og er den typen som er vanlegast i Noreg.

Temperaturen i bakken er stabil og held seg på eit jamt nivå heile året igjennom. Det betyr at bergvarmepumpa har meir stabile arbeidsforhold enn ei luft-til-luft-varmepumpe og derfor også er det mest effektive alternativet. Pumpa kan dekke behovet for energi til både oppvarming og varmtvatn gjennom heile året. I snitt får du tre til fire gonger så mykje varme tilbake som den straumen varmepumpa bruker.

Når er pumpa mest effektiv?

Ei væske-til-vatn-varmepumpe er godt eigna for bygningar med stort behov for oppvarming og høgt forbruk av varmtvatn. I eldre hus med høgt energiforbruk til oppvarming eller mange små rom kan ei bergvarmepumpe vere ei svært god løysing. Dersom det allereie finst eit vassbore system i huset, som radiatorar, er bergvarme lett å kople på det eksisterande systemet. Da er det mogleg å gjenbruke radiatorane dersom dei er eigna for bruk med det nye anlegget. Det er også mogleg å etablere eit nytt vassbore system, enten med radiatorar, røyr i golvet eller ein viftekonvektor, men det krev større inngrep i bygningen.

Kva består pumpa av, og korleis fungerer ho?

For å installere ei bergvarmepumpe må det borast éin eller fleire energibrønnar. Ein energibrønn til eit bustadhus har vanlegvis ein diameter på 11–14 cm og er alt frå 100 til 350 meter djup. For at varmen frå fjellet skal kunne overførast via den frostsikre væska, må det vere vatn i energibrønnen. I tillegg blir djupna på brønnen påverka av kor godt berggrunnen leier varme, og temperaturen i bakken.

I tillegg til energibrønnen har ei bergvarmepumpe ein innedel som er knytt til ein varmtvasstank. Frå varmtvasstanken blir varmen fordelt til varmtvatn, vassboren golvvarme, radiatorar eller ein viftekonvektor. Innedelen er omtrent like stor som eit høgt kjøleskap og kan gjerne plasserast på eit bad eller eit teknisk rom.

Kva er ei luft-til-vatn-varmepumpe?

Ei luft-til-vatn-varmepumpe bruker lufta ute som energikjelde og overfører varmen til vassboren varme og varmt vatn. Fordi vassboren distribusjon av varmen gjer at du kan varme opp heile huset og i tillegg varme tappevatn, sparer ein meir enn ein gjer med ei luft-til-luft-varmepumpe. Akkurat som luft-til-luft-varmepumpa blir denne typen varmepumpe mindre effektiv desto kaldare det er ute. Derfor er det behov for ei tilleggsvarmekjelde på dei kaldaste dagane. Luft-til-vatn-varmepumper har ein innebygd el-kolbe i tanken som gjer at varmepumpa styrer tilleggsvarmen automatisk dersom det er behov for det.

Når er pumpa mest effektiv?

Dersom du har eit hus med oljefyr eller elektrokjel, kan det vere ei god løysing å byte til ei luft-til-vatn-varmepumpe. Da er det mogleg å utnytte det eksisterande vassborne systemet i huset, som radiatorar, og i tillegg varmar pumpa opp tappevatn. Med ei luft-til-vatn-varmepumpe kan du spare mellom 60 og 70 prosent energi samanlikna med å bruke straum. Fordi du slepp å bore ein energibrønn, er investeringskostnaden lågare enn for ei væske-til-vatn-varmepumpe.

Kva består pumpa av, og korleis fungerer ho?

Ei luft-til-vatn-varmepumpe består av ein utedel og ein innedel. Utedelen er tilsvarande luft-til-luft-varmepumpa, men for luft-til-vatn-varmepumpa er utedelen gjerne dobbelt så høg. Innedelen har ein innebygd eller ekstern varmtvasstank. Varmepumpa fordeler varmen til varmtvatn, vassboren golvvarme, radiatorar eller viftekonvektorar. Innedelen er omtrent like stor som eit høgt kjøleskap og kan gjerne plasserast på eit bad eller eit teknisk rom. Ein innedel utan innebygd tank er mykje mindre, men er da avhengig av ein ekstern tank.

For plassering av utedelen gjeld same råd som for luft-til-luft-varmepumper, men det er viktig å hugse at utedelen gjerne er dobbelt så stor. Varmepumpehus for luft-til-vatn-varmepumper er mindre vanleg og må tilpassast for kvart enkelt prosjekt.

Kva for varmepumpe skal du velje?

Type bustad og oppvarmingsløysing Type varmepumpe Viktig å hugse
Einebustad med elektrisk oppvarming Luft-til-luft-varmepumpe Vel ein nordisk modell som toler norsk klima.

Det er mogleg å velje ei varmepumpe med éin utedel og fleire innedelar.

Einebustad som har elektrisk oppvarming, og som skal renoverast, f.eks. med nye golv Luft-til-vatn-varmepumpe eller væske-til-vatn-varmepumpe Ved renovering er det lurt å tenke på oppvarmingsløysing tidleg. Det kan vere lurt å legge inn vassboren varme ved ei større renovering.
Einebustad med biooljeanlegg tilkopla radiator eller vassboren golvvarme Luft-til-vatn-varmepumpe eller væske-til-vatn-varmepumpe Kostnadene med å byte ut oljefyringsanlegg varierer.

Undersøk om forhandlaren har riktig kunnskap om å tilpasse det eksisterande varmeanlegget til varmepumpe.

Burettslag og sameige med elektrisk oppvarming Luft-til-luft-varmepumpe Det må hentast inn løyve frå styret.

Det bør etablerast ein heilskapleg plan for heile burettslaget/sameiget og kjøpast inn like varmepumpehus.

Burettslag og sameige med sentralt anlegg for oppvarming og tappevatn Felles anlegg med luft-til-vatn-varmepumpe eller væske-til-vatn-varmepumpe Varmepumper er dyrare i innkjøp enn elektriske varmtvasstankar, men vil meir enn halvere energikostnadene til tappevatn.
Burettslag og sameige med elektrisk oppvarming og avtrekksventilasjon Varmepumpe som hentar varme frå avtrekkslufta Varme frå avtrekksluft som elles går til spille, kan brukast til tappevatn.

Bygård: Ei god løysing

Det kan vere utfordrande å finne gode løysingar for luft-til-luft-varmepumper i bygarder. Her har vi illustrert ei løysing der varmepumpane er plassert på kvar enkelt balkong og bygd inn i varmepumpehus. På den måten trer ikkje utedelen på varmepumpa fram noko meir enn eit møbel på balkongen. Det er likevel viktig å ta med i vurderinga at ei varmepumpe kan gje frå sen ein del støy.

Bygård: Ei dårleg løysing

Her er same bygardsmiljø illustrert med dårlege løysingar for varmepumpe. Varmepumpene er plassert utanfor balkongane og i tilknyting til kvar enkelt leiligheit. Fasaden vert rotete, og varmepumpane blir eit veldig forstyrrande framandelement som forsterkast av at det er så mange av dei. Difor anbefalast det i utgangspunktet ikkje å etablere luft-til-luft-varmepumper i bygarder, med mindre ein kan plassere utedelen skjerma, for eksempel på ein balkong.

6Forventa effekt og investeringskostnad

Aktive og passive tiltak

For å gjere eit eldre hus meir energieffektivt er det fleire tiltak som kan gjennomførast. Som eigar er det viktig å få oversikt over energiforbruket og kva alternativ som finst for energisparing i bygningen. Her vil det vere svært nyttig å involvere ein energirådgivar.

Det er nyttig å skilje mellom passive og aktive tiltak. Passive tiltak er oppgradering av sjølve bygningskroppen, som etterisolering, tetting av luftlekkasjar eller å installere varevindauge. Etter at tiltaka er gjennomførte, er det mindre behov for oppvarming av bygningen.

Les meir om passive tiltak i rettleiaren «Råd om energisparing i gamle hus» frå Riksantikvaren.

Aktive tiltak er knytte til val av energikjelde til oppvarming og andre energisparingstiltak. For eksempel er det eit aktivt tiltak å senke temperaturen i huset om natta og å byte ut panelomnar med varmepumpe.

Eksempelhus for å illustrere effekten

For å illustrere effekten av passive og aktive tiltak har Riksantikvaren gjennomført fleire ulike berekningar for eit tenkt eksempelhus.

Alle hus er forskjellige og har ulike føresetnader som påverkar både energiforbruket og kva tiltak som gir størst effekt.

Eksempelhuset er eit typisk 1920-talshus med fleire små rom. I slike hus er ikkje alltid ei luft-til-luft-varmepumpe det mest effektive alternativet. Det er fordi det er ei punktoppvarmingskjelde som spreier varmen best i opne lokale. Vi har likevel valt å bruke dette eksempelhuset fordi det viser den «minst optimale» løysinga. Med andre ord: Dersom bygningen har ei meir open planløysing, vil resultata bli enda betre enn dei vi viser her. Likevel er det viktig å understreke at med tanke på investeringskostnad er det å installere ei varmepumpe, enten det er luft-til-luft eller væske-til-vatn, det mest effektive enkelttiltaket for å gjere bustaden din meir energieffektiv.

Ulike scenario viser effekten av energieffektiviseringstiltak

Det er gjennomført berekningar for seks scenario som har ulik investeringskostnad, ulik effekt og ulike konsekvensar for bygningen. Kvart scenario er illustrert med kva for passive og aktive tiltak som er gjennomførte. Resultata er framstilte i eit diagram som illustrerer effekten som er oppnådd, og berekna investeringskostnad for kvart enkelt scenario.

Berekna investeringskostnad er frå oktober 2022 og basert på Norsk Prisbok og ecosol.no for berekning av kostnad og effekt av solceller. Berekningane er gjorde for å illustrere effekten av varmepumpe i forhold til investeringskostnad og andre energieffektiviseringstiltak. Prisane vil variere frå hus til hus, og er i stadig endring. Det er viktig å hente inn prisar og tilbod for ditt konkrete prosjekt.

Eksempelhus – teknisk informasjon og straumforbruk før energioppgradering

Byggeår 1921

Bindingsverk

Originale vindauge med ein U-verdi på 4,5

Originalt tak og original kledning

Original planløysing med fleire åtskilde rom

284 kvm BRA fordelte på kjellar, første og andre etasje

Bebuarar: ein familie på fire

Innetemperatur 21 grader

Oppvarming med panelomnar og vedfyring

I snitt fem minutts dusjing for kvart familiemedlem kvar dag

Straumforbruk på 63 427 kWh i året før tiltak

Scenario 1: Berre luft-til-luft-varmepumpe

Her er eksempelhuset illustrert med ei luft-til-luft-varmepumpe.

Fordi eksempelhuset går over tre etasjar og har fleire små rom, er det berekna to varmepumper, éi i nærleiken av trappa i kjellaren og éi mellom stua og kjøkkenet i første etasje.

Her er eksempelhuset illustrert med ei luft-til-luft-varmepumpe. Fordi eksempelhuset går over tre etasjar og har fleire små rom, er det berekna to varmepumper, éi i nærleiken av trappa i kjellaren og éi mellom stua og kjøkkenet i første etasje.

Scenario 2: Berre væske-til-vatn-varmepumpe

Her er eksempelhuset illustrert med ei væske-til-vatn-varmepumpe.

Fordi eksempelhuset ikkje hadde etablert vassbore anlegg frå før, er det berekna å bore energibrønn, etablere varmepumpe og legge vassboren varme i golvet i kjellaren og første etasje, pluss radiatorar i andre etasje.

Her er eksempelhuset illustrert med ei væske-til-vatn-varmepumpe. Fordi eksempelhuset ikkje hadde etablert vassbore anlegg frå før, er det berekna å bore energibrønn, etablere varmepumpe og legge vassboren varme i golvet i kjellaren og første etasje, pluss radiatorar i andre etasje.

Scenario 3: Skånsam energioppgradering med luft-til-luft-varmepumpe

Her er eksempelhuset illustrert med ei luft-til-luft-varmepumpe, innblåsing av trefiberisolasjon i randsona i etasjeskiljet mot kjellaren, innblåsing av trefiberisolasjon på loftet og varevindauge med isolerglas som gir ein U-verdi på 1,4.

Fordi eksempelhuset går over tre etasjar og har fleire små rom, er det berekna to varmepumper, éi i nærleiken av trappa i kjellaren og éi mellom stua og kjøkkenet i første etasje.

Denne forma for energioppgradering er skånsam for bygningen, tar vare på verneverdiar og er i tråd med anbefalingane frå Riksantikvaren.

Her er eksempelhuset illustrert med ei luft-til-luft-varmepumpe, innblåsing av trefiberisolasjon i randsona i etasjeskiljet mot kjellaren, innblåsing av trefiberisolasjon på loftet og varevindauge med isolerglas som gir ein U-verdi på 1,4. Fordi eksempelhuset går over tre etasjar og har fleire små rom, er det berekna to varmepumper, éi i nærleiken av trappa i kjellaren og éi mellom stua og kjøkkenet i første etasje. Denne forma for energioppgradering er skånsam for bygningen, tar vare på verneverdiar og er i tråd med anbefalingane frå Riksantikvaren.

Scenario 4: Skånsam energioppgradering med væske-til-vatn-varmepumpe

Her er eksempelhuset illustrert med ei væske-til-vatn-varmepumpe, innblåsing av 10 cm trefiberisolasjon i randsona i etasjeskiljet mot kjellaren, innblåsing av 10 cm trefiberisolasjon på loftet og varevindauge med isolerglas som gir ein U-verdi på 1,4.

Fordi eksempelhuset ikkje hadde etablert vassbore anlegg frå før, er det berekna å bore energibrønn, etablere varmepumpe og legge vassboren varme i golvet i kjellaren og første etasje, pluss radiatorar i andre etasje.

Denne forma for energioppgradering er skånsam for bygningen, tar vare på verneverdiar og er i tråd med anbefalingane frå Riksantikvaren.

Her er eksempelhuset illustrert med ei væske-til-vatn-varmepumpe, innblåsing av 10 cm trefiberisolasjon i randsona i etasjeskiljet mot kjellaren, innblåsing av 10 cm trefiberisolasjon på loftet og varevindauge med isolerglas som gir ein U-verdi på 1,4. Fordi eksempelhuset ikkje hadde etablert vassbore anlegg frå før, er det berekna å bore energibrønn, etablere varmepumpe og legge vassboren varme i golvet i kjellaren og første etasje, pluss radiatorar i andre etasje. Denne forma for energioppgradering er skånsam for bygningen, tar vare på verneverdiar og er i tråd med anbefalingane frå Riksantikvaren.

Scenario 5: Omfattande energioppgradering med luft-til-luft-varmepumpe

Her er eksempelhuset illustrert med ei luft-til-luft-varmepumpe og 35 m2 solcelleanlegg på taket som aktive tiltak. I tillegg er desse tiltaka gjennomførte:

  • Det er lagt 10 cm etterisolering på ytterveggen i kjellaren.
  • Trefiberisolasjon er blåst inn i randsona i etasjeskiljet mot kjellaren.
  • Ytterveggene i første og andre etasje er etterisolerte med 10 cm trefiberisolasjon i eksisterande vegger, pluss 5 cm utvendig isolering.
  • Det er blåst inn 10 cm trefiberisolasjon på loftet.
  • Alle vindauga er skifta ut med nye vindauge med U-verdi 0,8.

Fordi eksempelhuset går over tre etasjar og har fleire små rom, er det berekna to varmepumper, éi i nærleiken av trappa i kjellaren og éi mellom stua og kjøkkenet i første etasje.

Dette er ei svært omfattande form for energioppgradering som har store konsekvensar for bygningen, og som det er svært vanskeleg å kombinere med å ta vare på verneverdiar.

Her er eksempelhuset illustrert med ei luft-til-luft-varmepumpe og 35 m2 solcelleanlegg på taket som aktive tiltak. I tillegg er desse tiltaka gjennomførte: - Det er lagt 10 cm etterisolering på ytterveggen i kjellaren. - Trefiberisolasjon er blåst inn i randsona i etasjeskiljet mot kjellaren. - Ytterveggene i første og andre etasje er etterisolerte med 10 cm trefiberisolasjon i eksisterande vegger, pluss 5 cm utvendig isolering. - Det er blåst inn 10 cm trefiberisolasjon på loftet. - Alle vindauga er skifta ut med nye vindauge med U-verdi 0,8. Fordi eksempelhuset går over tre etasjar og har fleire små rom, er det berekna to varmepumper, éi i nærleiken av trappa i kjellaren og éi mellom stua og kjøkkenet i første etasje. Dette er ei svært omfattande form for energioppgradering som har store konsekvensar for bygningen, og som det er svært vanskeleg å kombinere med å ta vare på verneverdiar.

Scenario 6: Omfattande energioppgradering med væske-til-vatn-varmepumpe

Her er eksempelhuset illustrert med ei væske-til-vatn-varmepumpe og 35 m2 solcelleanlegg på taket som aktive tiltak.

I tillegg er desse tiltaka gjennomførte:

  • Ytterveggen i kjellaren har fått 10 cm etterisolering.
  • Det er blåst inn trefiberisolasjon i randsona i etasjeskiljet mot kjellaren
  • Ytterveggene i første og andre etasje er etterisolerte med 10 cm trefiberisolasjon i den eksisterande veggen pluss 5 cm utvendig isolering.
  • Det er blåst inn 10 cm trefiberisolasjon på loftet.
  • Alle vindauga er skifta ut med nye vindauge med U-verdi 0,8.

Fordi eksempelhuset ikkje hadde etablert vassbore anlegg frå før, er det berekna å bore energibrønn, etablere varmepumpe og legge vassboren varme i golvet i kjellaren og første etasje, pluss radiatorar i andre etasje.

Dette er ei svært omfattande form for energioppgradering som har store konsekvensar for bygningen, og som det er svært vanskeleg å kombinere med å ta vare på verneverdiar.

Her er eksempelhuset illustrert med ei væske-til-vatn-varmepumpe og 35 m2 solcelleanlegg på taket som aktive tiltak. I tillegg er desse tiltaka gjennomførte: - Ytterveggen i kjellaren har fått 10 cm etterisolering. - Det er blåst inn trefiberisolasjon i randsona i etasjeskiljet mot kjellaren - Ytterveggene i første og andre etasje er etterisolerte med 10 cm trefiberisolasjon i den eksisterande veggen pluss 5 cm utvendig isolering. - Det er blåst inn 10 cm trefiberisolasjon på loftet. - Alle vindauga er skifta ut med nye vindauge med U-verdi 0,8. Fordi eksempelhuset ikkje hadde etablert vassbore anlegg frå før, er det berekna å bore energibrønn, etablere varmepumpe og legge vassboren varme i golvet i kjellaren og første etasje, pluss radiatorar i andre etasje. Dette er ei svært omfattande form for energioppgradering som har store konsekvensar for bygningen, og som det er svært vanskeleg å kombinere med å ta vare på verneverdiar.

Effekt og investeringskostnad for ulike scenario

Grafen illustrerer samanhengen mellom innsparing og berekna investeringskostnad (oktober 2022) for dei seks scenarioa som er presenterte over.

 

Scenario 1 gir en besparelse på nesten 10 000 kWh i året og har en svært lav investeringskostnad. Med dagens energipriser vil det ta relativt kort tid å nedbetale investeringskostnaden. I tillegg er det å installere en luft-til-luft-varmepumpe et svært skånsomt tiltak som også er reversibelt. Scenario 2 gir en langt større besparelse enn scenario 1, men besparelsen gjenspeiles også i investeringskostnaden. I et hus som ikke har vannbårent anlegg fra før, medfører scenario 2 også større inngrep på bygningen. Det kan likevel være mulig å løse dette på en god måte som fortsatt ivaretar kulturminnehensyn. Fordelene med et vannbårent system er at det fordeler varmen jevnt i hele boligen. Scenario 3 gir litt over dobbelt så stor besparelse som scenario 1, men har også fire ganger så høy investeringskostnad. Det kan likevel være fornuftig å gjennomføre de skånsomme tiltakene, men det anbefales å installere en luft-til-luft-varmepumpe først, og så vurdere hvilke andre tiltak som er nødvendige etter hvert. Scenario 4 gir nest høyest besparelse av alle scenarioene, og likevel er investeringskostnaden under halvparten av scenario 5 og en tredjedel av scenario 6. Det er med andre ord fullt mulig å få et svært energieffektivt hus uten å gå på bekostning av verneverdiene i bygningen. Økonomisk er det fortsatt en stor investering, men sammenliknet med scenario 5 og 6 er dette et svært rimelig alternativ.

Scenario 1 gir ei innsparing på nesten 10 000 kWh i året og har ein svært låg investeringskostnad. Med dagens energiprisar vil det ta relativt kort tid å nedbetale investeringskostnaden. I tillegg er det å installere ei luft-til-luft-varmepumpe eit svært skånsamt tiltak som også er reversibelt.

Scenario 2 gir ei langt større innsparing enn scenario 1, men innsparinga speglar også investeringskostnaden. I eit hus som ikkje har vassbore anlegg frå før, krev scenario 2 større inngrep på bygningen. Det er likevel mogleg å løyse dette på ein god måte som framleis tar omsyn til kulturminnet. Fordelane med eit vassbore system er at det fordeler varmen jamt i heile huset.

Scenario 3 gir litt over dobbelt så stor innsparing som scenario 1, men har også fire gonger så høg investeringskostnad. Det kan likevel vere fornuftig å gjennomføre dei skånsame tiltaka, men vi anbefaler å installere ei luft-til-luft-varmepumpe først, og så etter kvart vurdere kva andre tiltak som er nødvendige.

Scenario 4 gir nest høgast innsparing av alle scenarioa, likevel er investeringskostnaden under halvparten av scenario 5 og ein tredjedel av scenario 6. Det er med andre ord fullt mogleg å få eit svært energieffektivt hus utan at det går på kostnad av verneverdiane i bygningen. Økonomisk er det framleis ei stor investering, men samanlikna med scenario 5 og 6 er dette eit svært rimeleg alternativ.

Scenario 5 gir lågare innsparing enn scenario 4 og har ein dobbelt så høg investeringskostnad. Dei passive tiltaka og solcelleanlegget fører til store utgifter som, samanlikna med scenario 4, gir lite utteljing. I tillegg føreset dette scenarioet mellom anna at dei originale vindauga og kledningen blir skifta ut, og det er svært vanskeleg å kombinere alle desse tiltaka med å ta vare på verneverdiar.

Scenario 6 gir størst innsparing, men har også høgast investeringskostnad. Sjølv om innsparinga er på over 50 000 kWh i året, er investeringskostnaden langt større enn det mange har høve til. Avhengig av geografisk plassering vil både bustadprisar og straumutgifter variere, men nedbetalingstida til scenario 5 vil vere svært lang. I tillegg føreset dette scenarioet mellom anna at dei originale vindauga og kledningen blir skifta ut, og det er svært vanskeleg å kombinere alle desse tiltaka med å ta vare på verneverdiar.